Facebook

søndag 1. mars 2015

Vårens første


Det vart ingen fjelltur i skitvèret denne helga. Gårsdagen gjekk med til besøk hjå familien i Dale og sosialt samvær på Almuen i Dale. Desutan ein tur innom far min på sjukeheimen. Sidan vart det inneteneste heime. 

I dag tidleg tok eg årets første joggetur til Holevika. I alt slags vèr. Men det letta faktisk opp ei stund då eg runda Staveneset der ute. Akkurat då sørgåande hurtigrute passerte Smelværet godt klokka 09. Kjekt det. Og godt med litt etterlengta mosjon. Håpet er likevel at vèret kan snu til det betre snart, så ein kan trakke nokre høgdemeter i staden... Jogging blir litt nødsaktivitet...

Grått på Staveneet i dag tidleg

Hurtigruta passerte



Legg inn en kommentar