lørdag 17. mai 2014

Voldsomme naturinngrep

Ved Markavatnet
Ved Siristien

Ved Bjørnastigvatnet

Bjørnastigvatnet


Eg lèt 17.mai vere 17.mai i dag. Utan å kome nærare inn på det. Eg tok meg i staden ein tur til Leknesvatna og Bjørnastigvatnet for å sjå korleis arbeidet til SFE artar seg. På vedlagde bildefil kan de sjølve sjå korleis det ser ut. Som ei samanlikning til all den flotte naturen ved Leknesvatna, ligg no Bjørnastigvatnet ovanfor, og Markavatnet nedanfor, som fullstendig bomba. Som krater i landskapet med øydelagde strandsoner og null liv. Rett nok vil det kome seg med meir vatn når arbeidet er fullført. Men som vi veit finst her inga nedre tappegrense. Det er direkte tragisk. 

Eitrefossen
Lagunane


 Leknesvatna i samanlikning med Markavatnet nedanfor og Bjørnastigvatnet ovanfor... 
jmfr. òg bildeserie !
Leknesvatna er ikkje "regulerte"...

Situasjonen er som sagt ein heilt annan ved Leknesvatna. Ein idyll med praktfull natur. Vatnet seiest å ikkje vil bli meir påverka av reguleringane enn i dag. Tida vil vise kva som blir realitetane. Hòlet ut av Bjørnastigvatnet ser iallefall ut til at dei skal sprengje større...

Eg hadde med fiskestonga i dag. Og fekk meg ei einsleg kjø, men vart egentleg så deprimert over korleis det såg ut at eg reiste heim igjen. Tok meg ein matbit ved Leknesvatna, og kosa meg med den fine naturen her, men klarte ikkje å leggje frå meg meiningsløyse med å øydeleggje så mykje flott natur. For kva skal det egentleg gagne? Meir overskot? Meir straum til Europa? Meir forbruk av ressursar til eit umettande monster kalla kapitalisme? Bygt på idèen om at tre veks inn i himmelen... ! Eg er faktisk av den ærleg oppfatning at eg ikkje trur menneska blir meir lukkelege av desse naturøydingane... Snarare tvert imot !

Ved lagunane ut av Leknesvatna, på toppen av Eitrefossen, skal det byggjast demning...




Foto Leknesvatna & Bjørnastigvatnet 170514



Ingen kommentarer: