Facebook

søndag 12. januar 2014

Roundabout

Godt innpakka på Skålefjellet - Herleg...!
Foto i Mannskaret i dag tidleg
Stongfjorden der nede. Morgonsol på Toreheia og Ytrevågefjellet

I dag gjekk eg første delen av DNT-ruta frå Stongfjorden til Nipebu. Den går opp Gjerdedalen ved den gamle fotballbana, og opp Gjerdebrekka til Mannskaret. Denne stien merka eg eigenhendig for ein del år sidan (brukte ei veke av ferien). Og litt meir sjølvskryt - eg må nesten seie meg litt imponert over kor bra merkinga er endå etter alle desse åra. Vardane står, og målinga har helde seg forbausande bra. Ho er litt kronglut første delen denne brekka, men fordelen er at du tek fort høgde. 


"Andre-elva" før Mannskaret

Meininga frå starten av med dette "Hav til Bre" prosjektet, som eg no trur er parkert (?) av Indre Sunnfjord Turlag, var at løypa skulle gå opp Størdalen. Men der vart ein ikkje samde med grunneigarane. Likevel er det som vi ser på bildet ovanfor, og videoen inn under, utsikt til havet frå Mannskaret òg. 


Det var nokre får minusgrader i Stongfjorden då eg starta i dag. Eg tok difor på meg broddar av eldre årgang. Heilt frå starten av. Ein går litt tryggare då. Her er mykje frosne berg og steinar no med lite snø på som kan vere skumle. Og som eg nemnde i går - når ein går åleine bør ein vere litt ekstra obs. 

Det tok ein liten time å kome seg opp i Mannskaret. Her fekk eg første solstrålane for dagen i sør. Gjerdedalen ligg i skugge heile dagen no på denne tid, så det er alltid kjekt å kome opp på toppen å få møte sola. Her oppe var forholda fantastiske. Det er noko heilt spesielt med januarsol på fjellet... Med nokre centimeter nysnø var det lett å ta seg fram. Likevel var ikkje alt av vatn frose, så eg var obs på å ikkje trakke gjennom dei flate ytene med snø på som skjulte vatn inn under.... Hadde ikkje lyst å bli våt på føtene igjen som i går. 

Eg gjekk vidare austover her frå. Følgde DNT-ruta innover til Siklabergvatna. Eg tok ikkje sjansen på å gå over vatnet. Heller ikkje kloppa i mellom der ruta egentleg går. Framleis redd for å bli våt - ja endå lenger opp enn til føtene. Eg gjekk difor nordsida av vatnet rundt, og vidare opp dalen på nordsida av Hekkelfjellet. (Her går ruta til Nipebu vidare austover til Langevatnet (Holmedal) og over Smørskornova). Stakk så oppom Hekkelfjellet. Dette fjellet vart teke ut av fjelltrimprogrammet i fjor då Bakkefjellet kom inn. Det var difor ei stund sidan eg hadde vore her. Det er flott usikt her i frå - sjå video under.


Etter å ha fotografert litt her, tok eg så nordover igjen. Kryssa stien som går til Svelia og Svelivatna, og gjekk oppom Svarthamrane for ein kik. Deretter reint nord til Skålefjellet. Det er som kjent fin utsikt ned til Stongfjorden her og elles i alle himmelretningar (sjekk foto). 

No var eg glad for at eg hadde teke med meg byteklede. Trekken frå nord svei godt. Sveittevåte-klede vart stive som flatbrød i minusgradene. Herleg å få på seg tørre og varme klede. Dunjakka frå Rab er kanon. Ja, ho er nesten for varm når eg rører på meg igjen... 

Returen til bygda tok eg den vanlege ruta ned med første elva. Nedstigninga over hamrane her gjekk heilt fint, sjølv om det kan vere litt "tricky" på denne tid (litt bratt og isete). 

Kjempeflott tur igjen - og så bar det til Dale for feiring av gebursdag på Yksnebjør...:-)


Apropos desse to innlegga vedr. Nipebu. Her er kart over stiane:




Legg inn en kommentar