Facebook

lørdag 7. desember 2013

Harde tak

Yndestadhøgeheia
Stongfjorden t.v.

Kor mange gonger eg har vore på Toreheia veit eg ikkje. Første året eg budde i Stongfjorden var eg opp 113 gonger. I 2010, då det var fjelltrim, var eg opp 100 etter kva eg hugsar. Ikkje det at tala betyr så mykje, men i kveld kan eg aldri minnast at eg har slite slik for å komme meg opp på toppen nokon gong som i dag. Årsaka - mengder med snø på sørsida av fjellet!

På bildet ovanfor ser det slett ikkje så gale ut. Her har vinden sopt med seg det meste av snøen sør om fjellet mot Rinda. Det var først og fremst opp hit, og over kanten på fjellet her, det vart ei skikkeleg utfordring i å kome seg opp. Ja, over kanten botna ikkje stavane på 115 cm. Eit par vende klarte eg rett og slett ikkje å bevege meg. I berre skorna sokk eg til godt opp på magen opp over kanten her. I slike høve er det greitt å bruke leggene som støtte å krype på. Men det er sjølvsagt tungt då. Hadde det ikkje vore for at eg visste det såg annleis ut lenger oppe, der vinden hadde fått tak frå nord, hadde eg snudd på flekken. Etter mykje bal, om og men, kom eg meg over fjellet, og kunne raskt sjå at her lå mykje mindre snø. Puuhh. For eit slit!

Mykje snø opp på Rinda i dag
Kanten ovanfor Rinda i dag
(eg kraup opp på knærne i laussnøen)

Partiet forbi hytta til Skåren og Vincent/Wilken gjekk mykje lettare. Elles måtte eg ha snudd. Ja, her oppe var det så avblese at det knapt gjekk an å gå på ski heller. Så eg tok likegodt med meg Yndestadhøgeheia i same slengen sidan eg no hadde fått pusten igjen. 

Soloppgang over Moldura
(ja sola fekk eg sjå...)

Utfordringane var ikkje heilt over med dette. Må vite. Eg hadde sett på byga som kom inn frå vest ei stund. Lurte sjølvsagt på korleis dette utvikla seg. Men eg heldt fram. 

Eit godt stykke lenger aust bestemte eg meg for å halde nordsida av fjellet inn, slik at eg traff på merkinga mi. Ja faktisk nådde eg heilt inn før det verste sette i gong. Sola forsvann, og det begynte å snøe noko infernalsk. Sikta vart nesten heilt borte. Eg såg omtrent ingenting.... utanom dei svarte merkestengene som stod som perler på ei snor oppover! Jau var eg glad for at eg tok beslutninga der vest om å gå hit. For no kunne eg temmeleg trygt halde fram resten av stykket opp. Det vart likevel eit aldeles ork sidan det låg alvorleg med fòksnø opp dalen her merkinga går. Ikkje såg eg noko, og stod jamnt til livet i snø...  Men opp skulle eg sidan eg pinadeg hadde slite meg så langt opp ! Litt galskap må ein unne seg i kvardagen....!

Lite sikt på toppen....

Eg venta ikkje meir enn to-tre minuttar på toppen før eg snudde ned att same vegen. Her var ingen verandes plass. Gòv rundt øyra, intenst snøvèr og nesten inga sikt. Eg gav på ned igjen det beste eg vann.... Heldt meg konsekvent til merkinga. 

Nede ved Krikavatna var byga over. I denne omgang. Eg tok direkte over vatnet sidan isen virka heilt trygg. Det heldt stikk. Vatnet her frys fort til då det er ganske grunt. Men det vart ei bra utfordring å kom seg opp bakken på hi sida. Nytt parti med tjukk fòksnø. Ny pulsauke som svei innvortes... Likevel visst eg det var lettare på hi sida. Og her i frå var det berre å halde spora som eg sette på veg opp. Tjo og hei kor friskt og lett det er opp på fjellet. Vel, det siste kan eg nok sette spørsmålsteikn ved i dag....:-)

Byga på veg inn frå vest. 
Foto ved Yndestadhøgeheia.

Legg inn en kommentar