Facebook

lørdag 7. september 2013

Flott og våt haustdag i fjellet


Kjem dei 7 sauene nede i venstre kant
 seg nokon veg då?
Rørvikenipa



Brukbar fisketur i fjellet i dag, men ikkje meir. Den store fjellørreten er slett ikkje god å lure, og langt må ein og gå etter han. Her i Askvoll er det ikkje mange plassane det er mogeleg å få brukbar fjellørret. Dei aller fleste vatna er overbefolka. Det blir fiska altfor lite. Og næringstilgangen er altfor god. Men om ikkje meir så fekk eg meg ein middag i dag. Eg har eit par andre turar og på gang for å sjekke tilhøva før gytinga tek til....
Legg inn en kommentar