mandag 12. august 2013

Skodde og vått 2

 Osland
Straumsnes og Holmedal i skodda

Etter to våte turar på Størdalsstauren og Indrevågefjellet i går, var det ikkje likare på Indrevågefjellet og Bakkefjellet i dag. Skodde, yr og regn. Temperaturen var forsåvidt ok. Vindstille var det òg. Men det er klart du blir litt hustrig av væte og sveitte om ein annan. 

I dag fann eg forresten eit daudt lam. Eg fekk gitt beskjed til eigaren som sjølvsagt var takksam for opplysninga. Takksam i den forstand at ein slepp å leite etter det. Elles er det i grunn ikkje så mykje å seie (og no fekk vi i tillegg besøk...:-))

Ingen kommentarer: