lørdag 12. mai 2007

"Pure alpine style"


Morgonstemning i Stongfjorden 12. mai

Nei, det vart ingen Førdetur i dag! (For dei som ikkje kjenner meg pendlar eg til Førde kvar dag til jobb i banken...!) Veret var for bra til det og eg valde Smørkletten i Askvoll i staden. Kjekt å vere tidleg på beina og få mykje ut av dagen!

Flott morgonstemning med lite trekk, lågt lys, skugge og morgonsol prega turen opp gjennom Askdalen. Syngande gjerdesmett, ringtrast, svarttrast, løvsangar og faktisk tårnsangar..krydra denne morgonstunda nett etter kl. 08 i dag!
Går det an å ha det betre ein laurdagsmorgon?

Vel oppe på toppen vart det sjølvsagt nokre bilder i dag og. Alden låg delvis i skodde og det gjekk nokre nordabyer ute i Bulandet. Ekspressen var på veg sørover..

Eg såg det kom ein person nedom botnen av den lange bakken då eg sprang ned igjen. Vel nede i møte vart eg litt i stuss då eg såg personen hadde god oppakning. (Du treng ikkje oppakning der nede!) Det viste seg at han trena til Josten på langs og ville bere ryggsekk til topps! Det forklarte jo litt meir. Eg var jo så lettkledd som det nesten gjekk an, og einaste eg bar på var kameraet:-) Det var litt morsomt...

Eg køyrde bort på Samvirkelaget etter å ha jogga ned dalen igjen. Fekk meg ei Pepsi og ein pizza-bolle og bestemte meg for å ta med Kalderasnipene opp frå Eidsfjorden før eg køyrde heim igjen....

Opp brattene frå Eidsfjorden såg eg byene gjekk ute i Alden, Atløynipa og delvis inn Stongfjorden. Her var det berre å gje på! Eg hadde kun Devold-trøya på meg - og uten hue! Oppe på toppen gjekk det faktisk snøbyer - og eg uten klede! Så det vart berre å knipse eit par bilder, før eg sprang ned igjen same vegen eg kom...
Eit stykke nede igjen mot Eidsfjorden sila sveitten (igjen) og det klarna bra opp, så det vart egentleg aldri noko action...:-)

To flotte turar er då i boks i dag, so no får eg vel roe meg ned resten av dagen...:-)

Smørkletten og Kalderasnipene før lunsj 12. mai

Ingen kommentarer: