![]() |
| Ein god matbit etter stolpejakta |
![]() |
| Her er vi ved stolpen heilt i nord - fin utsikt til Alden |
![]() |
| Tiril kosar seg på dei flotte berga vest på Atløy... Kinn, Reksta, Skorpa og Store Batalden i synsranda. |
![]() |
| ...og dansar på ei flott bru eldsjeler har snikra - før dei tre bukkene Bruse kjem 😄 |
I dag reiste vi til Askvoll og tok ferja til Gjervik på Atløy. Vi det var Håvard & Tiril, Marie & Øyvind med Villemo og Tuva, Olaug og underteikna. Oppdrag - stolpejakt på Herland. Så vi køyrde ut på vestsida av øya og tok føre oss stolpane nordover langs kysten. Og som alltid før på Atløy var stien og merkinga heilt super. Blå gode merker som står tett. Ny plank utlagd over våte parti. Og heller somme stader. No har eg skrytt av merkinga, utlagde klopper og stein fleire gonger før på Atløy. Og nokre av dei finaste turane eg har hatt i kommunen har vore her ute. Sjå Creme de la Creme og ein TiTur link her. Merking er viktig - for som vi veit kjem havskodda veldig fort på ute ved kysten. Så det er ei stor sikkerheit at ein har utført så godt arbeid. På rein idealisme. Nok ein gong stor applaus til flinke eldsjeler👏
Elles må eg få nemne frå turen at småjentene til Marie og Øyvind var veldig flinke å gå. Dei gjekk omlag halve vegen nordover til Nordre Stølsvika der den siste svarte stolpen står. Det er nemleg eit stykke ut hit.Vi andre (sjå foto) heldt fram og fekk med oss alle stolpane før vi returnerte. Vi hadde oss elles ein god matpause sør om Herlandsvatnet. Her står det ein god benk og bord. I det fine vèret var dette kjempeflott!
Foto stolpejakt på Herland 010526
Arkivbilder frå Atløy 👇




















.jpg)