lørdag 17. november 2012

Grå laurdag

Geitene kosar seg i Vågeskardet

I motsetnad til i går kveld heldt det seg bra opplett i dag tidleg på Indrevågefjellet. Trass i væte og sleipt underlag gjekk det forbausande lett opp og ned. Kjekt å kjenne at kroppen fungerer bra igjen etter ryggproblem og diverse anna. Ja, såpass lett gjekk det at etter å ha drukke kaffi og ete eit par solide natronkaker på kafèen i grendahuset, tok med meg Størdalsstauren òg. Piece og cake....:-) Vått, vind, gjørme og myr - javel - kva gjer vel det? Berre å kle seg litt. Forresten andre plassar betalar dei vel sikkert for ei slik oppleving er det likt seg. Forfriskande og god trim iallefall...:-)

2 kommentarer:

  1. Då har eg hatt ei runde her på bloggen din Gustav, må sei det er masse flotte innlegg/bilder :-)
    Ønsker deg ein fin søndag!

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha Janne! Eg sjekkar innom din òg. Bilda dine er jo suverene. Litt meir proffe enn mine;-)

    SvarSlett