She walked like a woman and talked like a man...
Eit møte med ein transvestitt.
Det seiest at den musikken du høyrde på som 15-åring føl deg gjennom heile livet. Musikksmaken din blir trigga ut frå denne alderen. Det trur eg faktisk er rett.
Eg har alltid høyrt på mykje musikk. Ei solid plate- og cd-samling vitnar vel om det. Dei seinare åra har eg likevel gått meir og meir over til MP3 filer. Dei tek ikkje så mykje plass samanlikna med LP`ane...:-) Desse dekker forøvrig ein heil vegg i andre høgda heime.
Diverre blir det sjeldnare og sjeldnare eg plukkar fram gromsaker frå LP- samlinga. Sjølv om platespelaren framleis er intakt, blir det litt for tungvint å spele plater. Og no ser det ut til at det går same vegen med cd`ane. Det er så enkelt no til dags med musikk på pc`en, Spotify, WIMP og MP3 spelar i bilen. Når det gjeld lyd er det ikkje like nøye med kvaliteten i dag som i gamle dagar. Bra kvalitet er det på lyden uansett. Både i bilen og med ekstra woofer på PC`en. Og øyra blir berre dårlegare og dårlegare med åra likevel... Dessutan har eg konstant sologitaren til Ritchie Blackmore installert...
Som dagleg pendlar til Førde spelar eg framleis mykje musikk. Både i bilen og på guterommet. Eg prøver å halde meg nokolunde oppdatert på ein del av det nye. Og la det vere sagt - det er mykje lettare i dag enn når vi prøvelytta på musikk på Flora Musikkhandel og Musikkcenteret. Rett nok var det færre brukbare grupper då, men likevel....
Eg skal i denne omgang halde meg frå å skrive om musikksmak og grupper som har interesset meg opp gjennom åra. Men etter ein omgang med Kinks i dag tidleg måtte eg berre finne Lola på YouTube, så ovanfor ligg den for nye og gamle lyarar...
Eldeste sønen min sendte meg ei lenkje til en musikvideo igår. Eg har vore inspirert til å skrive eit
SvarSlettinnleg på FB grunna den videoen.
http://www.facebook.com/600106223/posts/359685117397608
Uansett det ver kjekt å oppleve at min barn hadde sån minne om det :-)