lørdag 30. november 2019

White weekend

Kanten på Yndestadhøgeheia i dag

Vinterleg på Toreheia i dag

Dagens selfie med sjølvutløysar

Utsikt frå Toreheia

Kvitt i kvitt 
 
Mykje skiftande lys i dag

Selda
Selda



Eg gjekk turen på Toreheia og Yndestadhøgeheia i dag. Som vanleg frå dørgotta heime. Det vart ein knallflott og rein vintertur med jomfrueleg kvit og tørr nysnø. Og ikkje eit spor av tobeinte. Men i dag tok eg ikkje sjansen på å gå isen over Krikavatnet som sist. For det er no berre 5 minuttar ekstra å gå rundt. Vatnet låg drivande kvitt av nysnø. Lekkert. Men vinterbad her oppe er ikkje noko særleg.... 

Krikavatnet i dag

Det vart utruleg mykje og skiftande lys i dag. Alt etter som skyer og snøbyger dreiv inn frå havet i nordvest. Sola keik jo fram òg. Mest på returen. Rett før eg nådde toppen var det rein whiteout nokre minuttar før det igjen letta opp. Det er kjekt når vèret og lyset skiftar slik. Men å ta bilder i og av snø er ikkje alltid det lettaste ein gjer. Snøen har lett for å bli både blå, grå og rosa. 

White weekend er no flott det etter alt dette Black Friday og Black Weekend greiene. Har ikkje nytta meg av noko som helst. Når sant skal seiast føretrekkje eg no heller kvitt ene svart...


onsdag 27. november 2019

Flott test

Vinterstemning på Størdalsstauren

Eg var ein rask tur oppom fjelltrimposten på Størdalsstauren i dag tidleg. Fint å sjå heim igjen til Stongfjorden og Yndestad her i frå. Spesielt i kveldinga når det mørknar er det flott lys ute mot havet. Her YouTube med stillbilder frå stauren:




Elles ser eg den flotte testen som Norges Jeger og Fiskeforbund gir Vincent Yndestad, eks. Stongfjorden f.t. Kabelvåg, sine skinnluer. Du finn luene på skinnlue.no. Vincent har òg Helle knivar frå Holmedal her. Intet Black Friday lureri. Flotte julepresangar for aktive vinterfolk.


tirsdag 26. november 2019

Joy of November


Ja då er vi komen til slutten av november månad. Eg har som dei to føregåande sett gjennom fotoalbuma mine og plukka ut nokre bilder som eg har lagt på min YouTube-kanal. Fint å dele bilda her i frå. Og lett å finne tak i for ettertida. 

Eg synest november som september og oktober har vore sære flotte månader vèrmessig. Det ser eg på bilda. Om enn ikkje sola har skine kvar dag. Bilda fortel i allefall om ein fin haust. 

Takk for at du ser innom bloggen min.  

Joy of October

Joy of September


mandag 25. november 2019

Ein grå dag

Straumsnes og Holmedal i dag

Dalsfjorden


Eg hadde eit ærend til Holmedal i dag. Til fabrikkutsalet ved Helle Fabrikker. No måtte eg reise tomhendt der i frå, så då blir det ein tur til. Men om eg går oppom Bakkefjellet i same snuren som i dag gjenstår å sjå. Opp dit var det iallefall flott å gå. Tørt og fint. Ingen frost og is. Og med perfekt utsikt over Dalsfjorden og bygdelaga. Rett nok grått i vèret, men heilt vindstille. Ein sein novemberdag som egentleg aldri vart lys. Men ein tur på Bakkefjellet lyser alltid opp ein grå dag... 


søndag 24. november 2019

Forandring fryder

Blåfjellet i Askvoll i dag
Eg vart med Olaug på ein tur på fjelltrimposten på Blåfjellet i Askvoll i dag. Ein stille gråvèrsdag. Men fint for ein fjelltur i slutten av november. 

Terrenget er no begynt å tine opp igjen etter frosten, så broddar er ikkje nødvendig lenger. Iallefall inntil neste frost. 

Elles tok vi returen om Sandvika. For ein liten forandring. Faktisk veldig kjekt å vandre ut denne vegen i alt lauvet på bakken og i det haustlege landskapet. Så vart det litt meir tur ut av dette. Vi gjekk så inn att ved fjorden til Røyset og Øvrevegen. Blant hus eg ikkje har sett før. Kjekk tur med fruen.


lørdag 23. november 2019

Mildvèr

Sein november ved Dalsfjorden, Holmedal og Straumsnes

Delvis skya og låg novembersol

Moldura nordvest
Frå turen på stauren torsdag
I dag var eg oppom Moldura og Størdalsstauren etter ein dag "fri" i går (var visst oppom Størdalsstauren hin dagen òg utan å blogge den...:-) 

Etter fleire dagar med kulde var det i dag nesten vår i lufta. På godt og vondt. For det er jo flott å gå i fjellet når ein kan gå over islagde vatn. Framover no veit eg ikkje heilt om eg tek sjansen på å gå vatna...

Det er ikkje eg som har gått gjennom her i dag...😄
Men holet var stort!

På Moldura ligg det att litt snø på toppen og ned eit stykke på nordsida mot Stongfjorden. Blaut må vite. Elles noko is og generelt hardt underlag. Men telen er faktisk begynt å tine opp i dei lågare liggande bakkane. Kald trekk på toppen og veldig greitt å ha med byteklede. Fin trimtur! 

onsdag 20. november 2019

Beinfrose

Låg novembersol over Askvoll
Grane

Eg var eit ærend til Askvoll i dag. På same turen gjekk eg oppom Blåfjellet (fjelltrimpost). Spegelblankt. Til og med på flate vegen langs elva til Askdalen. Utan broddar er det uforsvarleg å gå her oppe no. Litt betre er det heilt oppe ved toppen der snøen ligg. Så obs obs - utan broddar hadde eg aldri teke sjansen på å gå opp her slik forholda er. 

tirsdag 19. november 2019

Icewalker

Øvre Fossedal i dag

Nipebu

Søndre og Nordre Kringla

Eg har i grunn aldri vore spesielt glad i å gå Vagstaddalen. Unnasols og litt einsformig. Men i dag gjorde eg eit unntak. Det er faktisk ei god stund sidan eg har gått frå Rivedal til Nipebu. 

Eg var litt spent kor glatt det var inn over. Ok. Det låg mykje is i stien. Men den gjekk greitt å gå over. Flatt som her er. Elles er det no berre å trakke ut om og finne gamalt gras eller snø og trå på. For det låg snø lenger inne i dalen. 

Utløpet av Atlevatnet
Det var ingen problem med å gå isen austover Atlevatnet mot Vårdalstølen. Raskt og greitt. Og inne i bakkane mot Nipebu fekk eg oppleve første solstrålane for dagen. Reint magisk kom strålane frå toppen av Heileberget i sør. Den drivkvite snøen stod formeleg i brann

På Nipebu bytte eg kleda på overkroppen. Å få skifte sveittevåte ullklede til tørre og varme er herleg. Rein opptur. Eg tok så peiling austover på Massbu-ruta som går mot Krokavatnet. Veldig greitt å gå over småtjerna innover. Og nådde så inn til kloppa på Krokavatnet. 

Kloppa på Krokavatnet i dag.
Eitrenipa i bakgrunnen.

Kjekt så å kome ned i Øvre Fossedalen i strålande sol. Det er på ein måte som å kome litt heim når eg kjem til Fossedalen. "Home is where the heart is"... Deretter gjekk eg på isen heile Fossedalsvatnet til endes. Luksus. Og uvant.


Øvre Fossedal


ds

Ved vassenden låg det skodde. Artig. Her hadde ikkje sola fått tak. Og i Nedre Fossedalen var det ikkje sol i det heile. Så turen gjekk nokolunde rake vegen til fjorden. Men for å seie det slik. Verste isforholda på turen i dag var nok langs Fossedalselva og ned på kleivane. Her var det ganske polert overalt. Og slik tilhøve er no er absolutt isbroddar eit must. Frå Fossevikja til Ottersteinen var det derimot mykje betre. 

Nedre Fossedal

Eg gjekk så til Dale. Meininga var å ta skulebussen til Rivedal igjen, og ta den sure spaserturen opp til kraftverket der bilen stod. Men av alle gode ting traff eg svigerinna mi Tone på sporten på senteret. Ho fiksa transporten ut igjen. Fantastisk. Flaks. Så fekk eg tid til å ordne med middagen heime òg før teateret klokka 18 i Askvoll. Jostedalsrypa passa i grunn godt for kvelden den - eg skremde opp eit par av dei på turen min i dag...

Fossedalselva

mandag 18. november 2019

Fangstgrav frå steinalderen på Synste Stauren?

Ein fast lesar lurer på om ikkje formasjonen t.v. er ei jaktgrav frå steinalderen.
No fylt med stein og omgjort til ein sitjeplass?
Foto Synste Stauren
Blegja t.v og Storehesten t.h.


Største oppløysing
Foto 080510

Sjå kommentar til min blogg 14/6-19 under.  





Om dette er restar av ei fangstgrav tòrer eg ikkje å svare på. Men uansett er dette ein veldig interessant observasjon av Norvald Gjelsvik. Det eg derimot veit er at det står "oppmura" tre flotte vardar her oppe. Både på sjølve Blegja, i skaret på sørsida og på Synste Stauren. Så her har vore flinke bygningsfolk i arbeid i dette området både i nyare og eldre tid. Bygningsmaterialet som ligg her er framifrå. Litt synd at det no er vinterforhold på Blegja, så noko nærare gransking av Norvald Gjelsvik sine tankar lyt nok vente til våren.

Varden på Synste Stauren, 26/5-12

Varden på sørvestsida mot Blegjaskaret.
Synste Stauren t.h. 15/8-10

Varden på Blegja 18/10-19
Steinlyet på Blegja er eksempel på anna bygningsarbeid her oppe, 14/6-19

Eg tek gjerne mot kommentarar til dette blogginnlegget. Om det er kjennskap til steinformasjonane eller andre tankar. (Sjå under for kommentarar). Elles sit det folk hjå Fylkesmannen som innehar kompetanse på feltet. Dei har tidlegare hjelpt til med registrering av ein vete som har stått på Stavenesodden

Takk til Norvald Gjelsvik for kontakten med desse interessante tankane. 

Steinformasjonen er bygd 5 meter vest om toppunktet på 1106 moh på Synste Stauren

søndag 17. november 2019

Dalegutar i krig

Gudmund Solheim fortel om Dale-katane og andre dalsfjordingar som reiste til Shetland under krigen



Gudmund Solheim, Trygve Heggheim og Tarjei Nitter

Leiar kultur Ingeborg Tysnes og Gudmund Solheim

Det vart ein gripande kveld på kommunehuset i Dale i kveld då Fjaler Sogelag hadde invitert til opning av ei permanent utstilling frå krigen. I dette høve var det samla særs mykje folk. Det er Gudmund Solheim som har samla inn og levert materiale til utstillinga. Margrethe Reisæter har elles gjort ein stor jobb for å få dette til. Den høgtidlege opninga vart føreteken av Ingeborg Tysnes, leiar kultur i kommunen.




På vegne av sogelaget ynskte Tarjei Nitter velkomen. Gudmund og Trygve Heggheim starta så sitt føredrag om ungdommane frå Dale som reiste over Nordsjøen til Shetland under krigen for å gjere ein innsats for landet. Dette i regi av britane. 18 Dale-katar, 2 atløyningar og 2 jenter reiste. Veldig spesielt for så lite samfunn (det vart sagt at ingen frå Førde reiste).  

Eg hugsar dalingane som kom att frå mine barne- og ungdomsår. Spesielt John og Albert Hope på Tross, og Knut Christiansen og Modleif Hovland "oppe i vegen". Og sjølvsagt Harald Dale oppe i bakken. Han fann jo si Ann "over there"... Men også Peder Sundal på Øyra og fleire av dei andre (sjå foto for oversikt). John og kona Signy dreiv som kjent kafè "Stjernen" i si tid. Fast tilhaldstad for oss ungdommar i Dale. 

John og Alberten snakka ofte om krigen. Og mange av dei som reiste bar på tunge minne. Traumatiske opplevingar fekk nok ikkje same oppfølgjinga då som i dag. Ofte vart alkoholen einaste medisin. 

Avduking av den permanente utstillinga frå krigen i Fjalerhuset


ds


Det er klårt at når du ser igjen ansikta til personar du i si tid har hatt kjennskap til, og får høyre historia som ligg bak deira krigsinnsats, ja så gjer det inntrykk. Dette sjølvsagt forsterka over dei som ikkje kom att... Mathias Øen og Svein Valvik gjekk med då ubåten "Uredd" vart minesprengd i Fugløyfjorden på veg frå England til oppdrag i Nord-Norge. Commandoveteran Bernt Myrvåg frå Værlandet fall 14.januar 1945 på Capelsche Veer i Nederland.

Vi får sjølvsagt tru at historia aldri gjentek seg. I det høve er det veldig positivt at dagens ungdommar sjølve både kan sjå og lese historia frå krigen i monteren på Fjalerhuset. Ikkje minst når ein ser at dette var våre eigne folk og eiga ætt. Ja, respekten for desse menneska osar ut av utstillinga.  

Vi fekk elles servert både kaffi og kake og kjøpt det nye sogeheftet for Fjaler. 

Stor takk til Fjaler Sogelag og deltakarane for ein kjekk kveld. 

Under bilete av "Dei som drog" (eige mobilavtrykk).













Frå temaparken på Bulandet