tirsdag 29. oktober 2019

Som i ein draum

Ved Fossedalselva møtte eg ein kar på 4 i dag

Nedre Fossedal i dag tidleg

Nye bruer er komne på plass

ds

Dalsstølen

ds

Panorama i Dalsstoredalen

Morgonsol på Nipebu

ds

Nipebu og Langevatnet
 
Øvre Fossedal i dag

Ved Fossedalsvatnet


I dag tidleg gjekk eg den fantastiske ruta som nemnt i bildefila inn under. Det var litt skodde i Dale og ved fjorden då eg kom til Otterstein. Men allereie oppe på Kleiva var den i ferd med å forsvinne. I Nedre Fossedal var sola framme. Og ikkje eit vindpust. Perfekt seinhaust vèr med andre ord. Ei lita utfordring var det til tider likevel med frosne berg og steinar der sola ikkje fekk tak. Ein god del av turen gjekk og i skugge. Slikt løyser ein berre ved å trakke litt utom sti, berg og stein.  

Elles skapte sola, frosten og haustfargane veldig flott stemning i dag. Eg møtte ingen på to. Men ein kar på fire på morgontur kom jumpande ut av skodda på stien ved Fossedalselva, bråsnudde på to meter avstand, og sprang opp att same veien. Artig å sjå oter i Fossedalen. Men eg fekk han diverre ikkje på kameraet. 

Skikkeleg kjekt er det òg å sjå kor vèlhalde det er i Nedre Fossedal, på Dalsstølen, på Nipebu og i Øvre Fossedalen. Husa spegla seg nymåla i den låge haustsola. Stilt. Ingen menneske. Men spora sat i veggane. Og på dei flotte nyebruene i Nedre Fossedal (sjå fotoserie). Alt klart for vinteren. Utruleg vakkert. Som i ein draum. 

Ingen kommentarer: