torsdag 19. september 2019

Grått og vått

Selfie på Middagsnipa i dag

Portafjellet med si karakteristiske form



Eg kom meg akkurat unna regnet på morgonturen på Indrevågefjellet og Middagsnipa i dag. Sidan det er ei stund sidan eg har gått opp denne vegen frå Vågeskaret, fann eg det som eit høveleg mål i dag. I det siste har turane for det meste gått mot Ytrevågefjellet/Toreheia/Skylefjellet. Mykje grunna sauesanking. Då går ein opp hi sida av Vågeskaret ved FV609. 

Etter mine berekningar er Indrevågefjellet fjelltrimpost frå oktober av. Eg ynskte såleis å sjå kva slags merking som er på denne ruta. For som vi veit tærer vèr og vind, og ikkje minst sauer, hardt på tidlegare merkingar. Eg kan likevel skrive heim om no at det står att ein god del gamle vardar frå tidlegare. Somme som eg i dag retta og bygde på litt. Kor vidt ein skal refleksmerke denne ruta til vinteren veit eg ikkje (eg gjekk mykje med hovudlykt opp bakkane her vinteren for 7 år sidan). Det spørst kor stor interessa er. Mogeleg fjelltrimmen lir litt av mange konkurrerande aktivitetar (dagsturhytter/TiTur Dalsfjorden etc)? Og der den harde kjerne etter kvart "går seg ut litt på dato"? Utan å få rekruttert ungdom dør bokstaveleg tala alt på rot... Iallefall - For den som ynskjer å halde seg i form er fjelltrimmen ein fantastisk aktivitet. Etter mitt syn finn du ikkje betre trening for kropp og sjel. Med god merking noko du godt kan drive med heile året.

Ingen kommentarer: