tirsdag 17. september 2019

Frå fjorden til snøen

Flott på Yndestad i føremiddag

Størdalsstauren

Snø på Moldura i dag

Dokka


Det var fint vèr og sol ved fjorden då eg gjekk på Moldura frå Neset i føremiddag. Rett nok veldig vått oppover. Med "feil" sko i dag òg gjekk det som det måtte gå. Det vart vått både innvendig og utvendig... Og oppe i snøen, ja snø, vart det kaldt. 

17. september og snøtilhøve i fjella her ved kysten. Det er litt for tidleg etter min smak. Eg kom jo nett heim frå Kreta, der sanden var så varm at eg svei tærne - og no...! Borte bra, heime best heiter det visst. Men eg veit no ikkje. Home is where the heart is...

Vel, eg kom meg opp. Fekk knipsa nokre mobilbilder. Og sprang så heile vegen ned igjen nordsida til Stongfjorden. Gjennom snø, myr og væte. Nede igjen, unngjekk akkurat ei sabla regnbyge, og hoppa så rett i dusjen! 

Frå sola til snøen. Frå varmen til kulden. Eller omvendt. Det gjeld å leve medan ein kan. Tomorrow is another day - får vi tru...



Ingen kommentarer: