mandag 30. september 2019

Joy of September 2019



Eg synest september i år har vore den "finaste i manns minne". Eg tok såleis ein kik gjennom bilda mine og mekka i hop ein bildeserie. Greitt for ettertida. Og fint å ta fram ved høve. Så får vi håpe at oktober blir bra òg...


Trim i boks

Nedgardsstølen/Lisetstølen




Rivedalskletten midt i bildet har vore post på TiTur Dalsfjorden i år

I dag gjekk eg oppom Røyrbotnholten i Rivedal (fjelltrimpost) då eg likevel hadde eit par ærend i Askvoll. Det var som sagt i videoen under alt slags vèr. Men verste regn- og haglbygene fekk eg på meg nede ved demningen på veg opp og ned. Så ganske flaksen med at det var sol på toppen. Som vist ovanfor. Dagens trim i boks.

Foto (mobil) Røyrbotnholten 300919



søndag 29. september 2019

Maroder

Osland i dag
Eg lærde i si tid eit uttrykk av Olaug som eg trur ho hadde etter mor si. Maroder. Eg googla det i dag og svaret vart:

"Maroder betyr trett. Brukt i folkelig språk har begrepet betydningen avkreftet, arbeidsufør eller utmattet." 

Vel, det var slik eg kjende meg i dag tidleg. Så medan Olaug reiste på Blegja med Sissel, heldt eg meg heime. 

Etter ei stund vart det likevel til ein "liten" tur på Ytrevågefjellet. For syns skuld. I null sikt. Så Toreheia kutta eg ut. Sauer var det umogeleg å sjå i skodda likevel. Litt trim vart det no i dag òg...

lørdag 28. september 2019

Dorming i haustlyng

Skålefjellet i soloppgang

Yndestad i dag tidleg

Panorama frå Moldura
 
I dag vart det ein tidleg morgontur på Moldura igjen. Deretter hjelp for ettersanking i Langeberget/Selbøen området vest for Moldura. Det stod nemleg sauer i fjellet høgt over Eidsfjorden som skulle løysast. Eg hadde avtalt å stille meg i beredskap oppe i fjellet då sankarane tok dei opp frå Eidsfjorden. Eg ville møte sauene om dei stakk ned i Størdalen eller på Moldura. Det skjedde aldri. Så for min del vart det mykje venting i dag. Eg dorma nesten av i lyngen eit par gonger...😊

Etter mykje om og men vart iallefall sauene med til Holmedal. Eg sjølv gjekk ned att til Stongfjorden. Mange timar i fjellet. Flott vèr i dag òg. Rein luksus. 


fredag 27. september 2019

Ei fjelltrimrunde


  


Sidan eg mangla Høgefjellet på ei runde på fjelltrimmen køyrde eg i Rørvika i dag tidleg og gjekk opp hit. Det er godt merka opp hit. Men av "gamal vane" tok eg av frå den merka stien og gjekk direkte opp i Bjørnastigen frå Ålastølen. Litt brattare, litt meir ulendt, men kortare...

Litt småregn då eg starta, men vèret vart berre betre og betre. Ja, til slutt stakk sola seg litt fram òg. 

I dag vart det med dette. Opp og ned. For med brukbare meldingar til helga kan ein ikkje brenne alt krut på ein gong... 😄



torsdag 26. september 2019

Ny rundtur

Skålefjellet i dag

Moldura

Neset

I dag stod Skålefjellet og Størdalsstauren for tur. Sistnemnde også ny post på fjelltrimmen frå 13.oktober. Inn i mellom tok eg med meg Svarthamrane, Fanafjellet og Moldura. Ein flott rundtur opp Gjerdedalen og Brekka. Og returen til fjorden igjen på Neset. 

Eg har tidlegare merka begge rutene opp på Skålefjellet. Den første tek av ved første elva frå fjellet ovanfor, opp over hammaren og vestsida til topps. Den andre ruta går opp ved den andre elva lenger oppe mot Mannskaret. Og via Skålefjellsvatnet til toppen (ruta som eg i si tid sende inn til Opptur boka). For dei som ynskjer seg ein hausttur opp skal dette såleis vere problemfritt. Dessutan har eg remerka heile ruta opp dalen til toppen av Mannskaret. Dette er første del av DNT-ruta til Nipebu frå Stongfjorden. 

Elles er del vel ikkje så mykje å bemerke om turen i dag. Flott haustsol. Men litt meir vind enn før denne veka. Og nokre grader kaldare. Kjempetur - igjen! Så får vi sjå korleis det ordnar seg med veret i helga...

Foto:




onsdag 25. september 2019

Tid av lukke på Blåfjellet

Gjervik, Sauesundet, Atløynipa, Skredvarden, Værlandet m.m.

Framme - Kultingane og Fristadfjellet
Bak- Moldura, Kalderasnipene og Dokka

Askvoll i motlys i dag tidleg

Blåfjellet. I Askvoll. Long time no see. Vel, det er mange Blåfjell. Eg var oppom eit anna i går. Blåfjellet i Grimelia. Og vi har Blåfjellet i Holmedal. Og Jul i Blåfjell. Ja, Blåfjellet eller Blåfjell trur eg må vere det vanlegaste namnet vi har på eit fjell. Særleg kreativt er det ikkje - spør du meg.

Vel, Blåfjellet på nordsida av Askvoll sentrum treng ingen nærare presentasjon. Her har mange vore oppom. Det er eit ganske enkelt fjell å gå på. God sti. Og om eit par, tre veker er fjellet også post på fjelltrimmen for neste sesong. Eg var såleis ein svipp oppom i føremiddag for ein liten trimtur. Akkurat søndagsskulerein var eg ikkje då eg kom ned igjen. For du må rekne med både gjørme og mold i bakkane når haustregnet set inn. Og endå meir trakk av ivrige fjelltrimarar. 

Utsikta på fjellet er fantastisk. I alle himmelretningar. Eg tok såleis eit par panoramabilder på denne utruleg flotte septemberdagen. I dag òg. Sjå bildefil

Eg traff forresten på eit par damer på veg oppover i dag tidleg då eg sprang ned att. Vi slo av ein liten prat der i bakken sidan eg kjende Anne S. frå Sande. Dei ville ta turen rundt toppane i Askdalen. Sprekt. Men lettkledde damer lèt eg vere spørje om å ta bilder av....😅 



På veg oppover tok eg også eit gjenhøyr med litt klassisk Led Zeppelin. Litt nostalgi på vegen til eit fjell eg gjekk mykje på for 7-år sidan. Sist fjellet stod på fjelltrim-programmet. Ja, det vart nesten euforisk i dag òg... Med Blåfjellet og Led Zeppelin. Åra går....





tirsdag 24. september 2019

Ein saufri dag i puraste gull

Stongfjorden i dag
(alle foto mobil)


Morgonens store overraskelse var då eg rett etter klokka 08 i dag tidleg gjekk meg på eit menneske då eg var på veg opp bakkane heime. I soloppgang. For sola rann nettopp aust ved Portafjellet, og laga lia om til gull, då ein tobeint skapning brått stod meg midt i glaninga. Vel, så mange menneske som kjem ned igjen frå fjellet her heime i soloppgang, kunne det ikkje bli så mykje snakk om. Vincent Y. er friluftsmenneske. Som eg har inntrykk av går sine eigne stiar. Så sjølv om familien har hytte ved Svartevatnet hadde han lege ute, fotografert og sett på stjernehimmelen. Heilt etter min smak. Og så fekk vi oss ein god prat etter gamalt. Før vi gjekk kvar vår veg...

Ja, såleis var eg allereie komen godt i gang med ruta mi. Kjekk start på dagens fjelltur. Som i bunn og grunn var meint å skulle stå i stjerneteiknet sau. Eg hadde såleis bestemt meg for å gå heilt vest til Blåfjellet i Grimelia  og inn att heile nordsida mot Stavfjorden via Skylefjellet og mot Toreheia. I første omgang. 

Det var ein utruleg flott morgon. Mangevatna låg blanke som speglar. Knallblå himmel. Knallblått hav. Ikkje eit vindpust. Landskapet ikring skinande som av puraste gull. September på sitt flottaste. Og så dukka hurtigruta opp vest av Blåfjellet. Som ei kvit svane på de blåaste hav... Av og til er det vanskeleg å beskrive korleis hovudet sansar omgjevnadane. I dag tidleg nærast som ein euforisk lukkerus. Der og då. 

Hurtigruta dukka opp (mobilfoto)


Vel, eg stod allereie på Blåfjellet "då eg kom til sans og samling igjen"... Her måtte falkeblikket skjerpast og øyrene reinskast. På jakt etter kvite dottar og bjelleklang.  For når ein går inn på Blåfjellet frå Yndestad har ein god oversikt over Mangevatna og området ikring. Sauene skin opp som "kvite englar" i det gullfarga landskapet. Så her var ingenting å sjå. 

Utsikt frå Blåfjellet i dag (mobilfoto)


Frå Blåfjellet heldt eg så fram innover dei nordvende bakkane mot Stavfjorden og aust til Skylefjellet. Ingen kvite dottar. Så vidare innover dei nordvende høgdedraga til Toreheia. Med god oversikt frå Storesva og ned i Kjennahola (lærte eg i går) der det har vore sett sauer. Men der verken såg eller høyrde eg nokon ting.... 

Skylefjellet

Storesva
Kjennahola 

Med god oversikt over bakkane i aust mot Ytrevågefjellet tok eg så fram kikkerten og saumfòr heile området. Der såg eg folk på Ytrevågefjellet. Men ikkje eit beist. Så ringde telefonen. Turid S. på tråden. På Ytrevågefjellet. Og ho med god oversikt til området der eg sat. Vel, her var ikkje sauer. Banna bein. Som det heiter på fint. Eg bestemte meg då for å gå heile sørsida innanfor Yndestadhøgeheia mot Osland for å sjekke av det. Det var vekkasta å gå på Ytrevågefjellet.

Vèrhardt landskap ved Toreheia

Toreheia
Mangevatna oppe t.h.
Dagens selfie på Toreheia
Opp og ned. Fram og tilbake. Og utsikt ned og ut heile Stongfjorden. I puraste gull. Men sau? Ikkje sorten... Eg var no komen heilt inn og ned til storesteinen i Oslandslia. Og relativt slukøyra måtte eg konstatere at dagen hadde vore komplett saufri. Om turen i seg sjølv var aldeles strålande. 

Yndestad frå ein annan vinkel

Storesteinen i Oslandslia

Nei, innerst inne forstår eg i grunn sauene godt. Som ikkje har lyst heim igjen. Finare septemberdagar skal ein no leite lenge etter. Og næring er det rikeleg av oppe i bakkane. For min del vil eg no òg seie at det er fint å ha noko å gå etter ein annan dag òg...😎 

Litt godt drikke må til etter ein fin dag på fjellet






mandag 23. september 2019

September-glede

Askvoll frå ranen på Dokka i dag

Dagens selfie på Dokka

Dalsfjorden

Moldura og Nykshytta nederst i bildet

Ved oppstigninga på vestsida av Moldura 

Toppen i sør 

Toppane rundt Askdalen -
bak ser vi Skredvarden og Alden

Tveit og Hålandsstølen
Moldura oppe i bildet

Vikastølen og Dokka





Nok ein praktfull sein septemberdag. Og ganske lett å bestemme seg for ein fjelltur. Verre er det med å avgjere kva mål eller rute ein skal ta. Her er så mange fjell, ruter og trassèar å velgje i. Det er òg alltid ei problemstilling med logistikken. (Som dei fleste lesarar av denne bloggen veit, så likar eg best å gå opp ein plass og ned ein annan. Noko som ikkje alltid lèt seg gjennomføre på grunn av transport. Å ringje etter folk for å bli hente her og der er ikkje mi greie. Difor blir turane mine ofte rundturar). 

Når det lir til denne tid av året, går eg også meir og meir etter sola. Når sola no stadig står lågare på himmelen, ligg nordsida av kommuen i aukande grad i skugge om morgonen. Då er det flott å gå opp i fjella frå Dalsfjordsida. Så på morgonkvisten heime bestemte eg meg for å køyre til Holmedal og gå opp der. Om morgonen står jo sola rett inn i dei sørvende bakkane. Ja, heile året for den del. Holmedølingane er heldige soleis...😊

Det er ei stund sidan eg har gått opp ranen på Dokka. Du kjem deg fort opp denne ruta. Mange vel nok å gå om Nyksvatnet. Men det er alltid kjekt å byte litt på stiane. Ja, så då var starten i dag klar. Resten gjorde seg sjølv. Etter Dokka så via Nykshytta og opp igjen på Moldura. I dag gjekk eg opp ruta på vestsida, og søre ura ned igjen. På veg til Holmedal tok eg så turen nedom Hålandsstølen. 

Perfekt tur. Sola skein som det er sjeldan ein septemberdag. Vindstille. Og til slutt gjekk eg berre i bar overkropp. Fantastisk. Rein luksus for ein nyleg pensjonist. 







søndag 22. september 2019

Kos med ungar








Sidan vi har barnebarn her i helga, og Tiril skulle i gebursdag i Askvoll i dag, vart det "barnevakt-tur" på Olsetåsen og Nedre Olset medan vi "venta" ut besøket til Tiril. I flott og varmt haustvèr ein nydeleg tur i låglandet. Ja, ein treng vel ikkje dra med seg ungane på dei høgste toppane heller for å ha ein fin tur. Sjølv hadde eg aldri vore på Olsetåsen før. Så kjekt det må vite. 

Med endå betre tid til disposisjon gjekk vi oss også ein tur i fjæra. Kjempeflott og stilt i den herlege haustsola. Kos. 

lørdag 21. september 2019

Super haustdag i herlege Askvoll-fjell

Panorama aust frå Portafjellet

Stordalsfjellet framme til høgre.
Foto nedstigninga frå Portafjellet

Utsikt frå Stordalsfjellet
(Sjå namn på fjella under. Fløyen og Nonsholten t.h.)

ds
Framme t.v. Markahengenipa, Fossedalshengenipa, Høgholten.
Midterste rada er Eitrenipa, N&S Kringla og Laukelandshesten
Bak ligg Blegja og Storehesten

I dag gjekk eg den flotte runda frå Oslandsbotnen og via Botnastølen til Porten og opp på Portafjellet. Deretter ned på austsida og opp på Stordalsfjellet. Dette fjellet er fjelltrimpost frå oktober av og ut neste sesong. 

Det er fleire ruter opp på Stordalsfjellet. Dei to mest opplagde er frå Osland/Oslandsbotnen og opp det bratte skaret ved Portafjellet. Som eg gjekk i dag. Men ruta frå nord om Portafjellet er opplagt betre og meir forsvarleg på haust/vinterstid om det er frost/snø. Spørsmålet er om ein skal merke begge? Kanskje unødvendig sidan det er relativt lite folk som vil gå her vinterstid? Uansett veg er det fantastisk å kome opp hit, få første sola for dagen og openbaringa med panoramautsikta mot fjella i aust, søraust, sør, vest og øyriket mot Florø i nord (sjå foto). Makelaust spør du meg! 

Stordalsfjellet i dag

Frå Stordalsfjellet gjekk eg så ned igjen dalen mot sør. Kryssa så øverst i Stordalen og gjekk opp på Vardenova frå aust. Det er ei flott stigning opp her. Flott også på ski om vinteren. Du har nydeleg utsikt ned Stordalen til Stordalsvatnet og fjella i aust. Haustfargane i Stordalen er berre heilt nydelege. Som i dag. Likeeins skaper elva som renn ned den slake dalen eit idyllisk skue. 

Frå stigninga til Vardenova
Portafjellet t.v. Stordalsfjellet i midten og Stordalen/Stordalsvstnet t.h.

Vardenova er høg. Den kneisar over det meste. Lett å sjå frå aust og vest. Og har sjølvsagt då herleg utsikt. Spesielt ned til Dalsfjorden, Rivedal og Straumsnes (berre eg ser Dalsfjorden). Men også til Florø, Osland, Toreheia og Ytrevågefjellet i nord/nordvest (sjå foto). 

Panorama frå Vardenova med Rivedal og Straumsnes
Eg gjekk så ned framsida/vestsida av fjellet. Her er det bratt. Og berre ein veg ned. Men det er rimeleg bra merka med vardar "etter gamalt". Deretter runda eg fjellet i urane nede mot vatnet som ligg her, og gjekk opp nordsida av Røyrbotnholten. Her er det nok ytterst få som går. Men det er framkomeleg opp. Bratt er det ja. Nokre sva òg. Fjelltrimboka som ligg på toppen hadde nok meir signaturar for 7 år sidan enn denne sesongen. 

Eg var litt i stuss om å gå opp på Smørskornova òg. Og ta returen via Langevatnet til Svelia. Men eg fekk i grunn meir lyst til å kome meg heim til fotballkampen som begynte 13.30. Så eg gjekk difor rett ned skaret på vestsida av fjellet (ja, her er framkomeleg her òg for den som er kjend) og ned i Svelia og vidare til Oslandsbotnen... Kampen nådde eg akkurat. Men 1.omgang kunne eg godt ha sløyfa. Turen på 5 timar var likevel lang nok som han var...

Veldig kjekt å kome ned i Svelia i dag
og sjå at Svelivatnet er smekkfullt!