fredag 2. august 2019

Kjekke fjellfolk

Camilla Norstrand med Heine og Hedda
(foto med løyve)


Luftig på Atløynipa

Skodde hist og pist...

I dag hamna eg på Atløyna igjen. Litt tilfeldig. Det hadde seg nemleg slik at fruen hadde gløymt mobilen heime då ho fòr på arbeid, og for godt husbondskap måtte eg nesten køyre ned med mobilen. Du veit kvinnfolk og mobil... 😄 Sidan klokka heime passe fint med 09.05 ferja til Atløyna, var det berre å hive seg rundt. 

No skrytte eg fælt av Atløyna sist - og gongen før det - i sommar. Og det står seg like godt etter denne turen. For i dag tok eg runda frå Herland via Skålefjell til Skredvarden og Atløynipa med retur til Eide. Ein fantastisk rundtur som mange fleire burde prøve. 



No var det tjukk skodde på Skredvarden då eg stod på Skålefjell og kikka søraustover. Men eg var overbevist om at denne ville forsvinne når sola fekk litt betre tak. Det stemde på ein prikk. For då eg begynte oppstigninga i "krysset" der stien deler seg til Eide, fekk sola tak. Så skodda forsvann som dogg for sol nokre minuttar seinare. 

Rett under toppen traff eg ei jente med son og dotter. Og som gode fjellfolk kom vi i snakk. Rart med det. Det er i grunn lettare å kome i kontakt med godt folk på fjellet enn i byn... Ein liten presentasjon synest eg alltid er på sin plass. Ho Camilla Norstrand hadde like godt overnatta med begge ungane på Skredvarden ho. Sporty. Oppe i skoddeheimen. Men solnedgangen hadde visst vore perfekt. Vel, dei var på veg ned igjen til Eide, medan eg gjekk siste meterane til toppen for deretter å halde fram til Atløynipa. 

Bilda fortel vel sitt. Litt skoddedottar hist og pist. Og toppen på Alden dukka opp frå skoddehavet òg. Det er noko befriande med å stå her oppe. Panoramutsikt i alle retningar. Og havet der ute. Nesten rett framfor føtene. Herleg. 


Filmslide Atløyna i dag

Turen frå Skredvarden til Atløynipa er ikkje all verda lang. Eg tok ikkje tida på turen bort, men kanskje gjekk det ein halvtime eller så. Som ein ser av bilda låg det litt meir skodde her. Den kom og gjekk. Så noko godt bilde mot Dale-traktene fekk eg ikkje i dag. 

Etter nokre fotoshots bar så turen ned igjen til "krysset", og vidare ned til Eide. På flotte merka og gode stiar. Framifrå utført arbeid. Og som om lukka allereie ikkje hadde stått den kjekke nok bi i dag, så traff eg att Camilla (no på førenamn) og Heine og Hedda på Eide. Dei hadde som seg hør og bør bada i vatnet. Ja, så køyrde jenta meg like godt til bilen som stod på høgda ovanfor Herland. Perfekt!

Det er verkeleg ei glede å få gå dei gode stiane på Atløyna. Området minner meg forresten ein god del om Toreheia-traktene her heime. Ope og lett terreng utan tre. Ja her er som å bevege seg på eit høgfjellsplatå. Berre at du har havet i alle retningar i tillegg. Makelaust og særeige. 


Direkte på Facebook



Ingen kommentarer: