tirsdag 30. juli 2019

Fantastisk i Skjolden-fjella

Osen ved Åsetevatnet

Krekafossen ved Åsetelvi

Olaug på veg opp siste flata til Osen

Osen og Åsetevatnet i motsol mot Hurrungane

Klar for heimtur

Ei lita oppdatering av bloggen her.

I helga besøkte Olaug og eg Torbjørn, Ingrid Anita og ungane på hytta ved Åsetevatnet i Osen. Det er mange Osen. Men dette er i fjellet ovanfor Skjolden. DNT-hytta Fast ligg i eine enden av vatnet. I nærleiken ligg Åsete (sjå fotolink).

Vi reiste til Skjolden laurdagsmorgonen. Og etter ein lynvisitt hjå Ingrunn og Anders Bolstad, eigarar av hytta, køyrde vi inn i Mørkridsdalen der ruta til Osen/Åsete startar. Det vart ein særs varm tur oppover bakkane. Vatnet ligg på 840 meters høgde med bratt stigning opp frå dalen. Det gjekk med mykje drikke i den kvelande varmen. 

Det gjekk ned fleire flasker drikke på turen opp

På hytta vart det vanleg hytteliv. Med to små ungar byssing, pass og stell. Bading vart det anledning til. Og kveldskos på terrassen med nydeleg utsikt til Hurrungane i sør. 

Elles var det mykje folk her oppe i helga. I alle aldrar. Mange som ikkje har hytte her gjekk til Åsete der det ligg endå fleire hytter/sel. DNT ruta til Arentzbu føl dessutan vatnet inn her (sjå infokart på bildelink).

Åsete


Eit par ord om fisket. Det var nok heller av det skrale slaget. Det sa i grunn seg sjølv med temperaturar på rundt 30 grader, knall sol og blikkstille vatn. Men eit par roturar til Fast får eg seie var vinsten av fisketurane.  Det var elles dramatisk på eine roturen til Fast då det brått dundra eit  ambulansehelikopter rett over hovudet mitt både fram og tilbake inne ved DNT-hytta. Noko meir opplysningar har eg ikkje om det. Elles får eg håpe det blir anledning til meir fiske ein annan gong når forholda ligg betre til rette. Kanskje til hausten ein gong. 



Ambulansehelikopter på oppdrag ved turisthytta Fast

Vi gjekk ned igjen til Skjolden i går. På nok ein varm dag. Hjå Anders Bolstad fekk vi både dusj og mat før turen gjekk heim att til Stongfjorden. Rett nok med ein stopp for eit henteoppdrag i banken i Sogndal. 

Eg må få takke familien Bolstad for nokre flotte dagar på Osen. Det er ein nydeleg plass her oppe. Ein plass eg kan sitte i timesvis og studere dei utrulege spira på Hurrungane. Eg gler meg allereie til å kome tilbake ein annan gong....

Panorama-utsikt til Hurrungane
Hurrungane

Foto Skjolden_Osen_Åsetevatnet 27 til 29/7-19

Ingen kommentarer: