lørdag 29. juni 2019

Grytidleg

Utsikt mot vest ved Leknesvatna

Toppen av Eitrefossen

Blegja og Eitrenipa i morgonskodde

Vadet mellom vatna i midten
  
Motiv nedom Bjørnastigvatnet

Etter blogginnlegget i natt fekk eg ikkje sove. Så eg pakka sekken og tok med meg fisketroa til ein grytidleg morgontur til Bjørnastigvatnet og Leknesvatna. Greiaste ruta hit er frå Markavatnet. 

Har alltid meint at ruta austover langs Leknesvatna med utsikt til Eitrenipa, Blegja,Tjuvbergnova og Fossedalshengenipa, er blant dei flottaste i kommunen. I morgonstunda er det noko med å vandre mot soloppgangen òg. 

Men noko særleg fisk vart det ikkje i dag. Nei, egentleg er det litt for tidleg. Vatna ligg ganske høgt og temperaturen difor endå låg. Om nokre veker er sjansen sikkert større når vèr og temperatur spelar på lag. Men eg fekk no meg ein fin trimtur på ca 6 timar. Godt å få lufte vitet litt òg.... Så smakte det ekstra godt med 12-kaffien heime etterpå...

Advokatmat på Lutelandet

Lammetun og Lutelandet frå Atløy 27. juni

Trist nyheit i dag at NVE har godkjend MTA (miljø-, transport-, og anleggsplan) og detaljplanen for Lutelandet vindkraftindustrien. Klagefrist til OED er 19. august.

Min kommentar

Fylkesdelsplan for vindkraft vart godkjent av fylket i 2011. I dag for alle til å sjå eit makkverk av eit arbeid gjennomført med harelabb. Som vi ser av vedlagde foto frå planen kjem Lutelandet middels ut (i dag hadde dette fått heilt andre verdiar). Men som vi òg ser er Lutelandet "politisk avklart". Og det er her hunden er begreven. For som vi veit har den nasjonale ramma til NVE utsendt i mai i år bygt nettopp på fylkesdelsplanen frå 2011.


Lutelandet "politisk avklart"
Når vi så veit at styret i det nystarta selskapet Vindkraftforum i 2009 var m.a. Alfred Bjørlo, Stein Arne Ottesen, og fylkesordførar Nils R.Sandal sjå sak: https://www.nrk.no/sognogfjordane/vil-ha-storutbygging-av-vindmoller-1.7177822 , så kan alle tenkje seg kva ein hadde med å gjere i si tid. Eit samrøre knytt til same personane med mange hattar på alt etter kva el-styre, politisk styre eller vindstyre ein sat i...


Lutelandet og Lammetun midt i bildet t.v.

Ja, det er nesten utruleg at dette ikkje har vore teke opp på nytt. Verken av noverande Fjaler-ordførar (partifelle av Bjørlo då), og resten av det politiske Fjaler. 

Det rare

Som vi veit er tidlegare ordførar og styreformann for Lutelandet Utvikling òg ein pådrivar i dette spelet. Det rare er at pipa har fått ein annan lyd no når det vart snakk om industriområde for vindkraft i Steiestølstraktene (legg merke til mindre vekting enn Lutelandet i fylkesdelsplanen).  Ja merkverdig nok har HEILE kommunestyret no snudd kappa etter vinden. Alt etter tidlegare å ha godkjent eit makkverk av ein utrangert konsesjon ikring Lutelandet. Personleg hadde eg vore reint flau av å møte meg sjølv i døra på denne måten...

Etter å ha sett og følgt det løynde og uverdige spelet om vindkraft i Sogn og Fjordane, og historia det er bygt på, er eg ikkje i tvil om at det er det gamle Vindkraftforum, og dei politiske bindingane og styreverva i el-selskapa med dei same personane, som no har gitt som resultat at vårt område 19 vart plukka ut av NVE som eigneleg for vindindustri. For det er som NVE skriv med reine ord - det er her ein vil møte minst motstand når konsesjonane skal skrivast ut (eller sagt på ein annan måte det er her idiotane bur som finn seg i skiten). 

Ikkje er eg utdanna advokat. Ikkje kjem eg til å bli det heller. Men akkurat i tilfelle Lutelandet og vindkraft i Sogn og Fjordane kunne eg fått meg eit feitt matfat...

Sjå også blogg "Kvifor er Askvoll tause" med linkar

torsdag 27. juni 2019

Applaus Atløy 2

Dagens selfie på Atløynipa

Lammetun

Sætrevatnet

Sauesundet, Askvoll og inn Dalsfjorden


Etter ei lang sur veke med sommarforkjøling, og alt som høyrer med til det, fekk eg meg endeleg ein fjelltur igjen. Vi har vore vekke fleire dagar i Bergen og hjelpte til med litt ungepass. Ja, og så fekk eg med meg Bob Dylan on stage på Koengen. 4 timars ståplass på asfalt rett opp og ned. Som sild i tønne. Og akkurat det likte sommarforkjølinga mi veldig godt. Om ein fjelltur hjelper på alt er vel tvilsomt. Men det hjelper iallefall på humøret. 

Vel - eg reiste på Atløyna igjen. Det gav som sagt meirsmak - som nemnt i blogginnlegget mitt hi veka.  Ruta ser du på kartet nedanfor. Vèret og det meste viser att på bilda. Eg var heldig med litt sol til å begynne med. Seinare drog det over med meir skyer. Og då eg svinga heim att til Stongfjorden i Ringstadkrysset, og fekk meg eit lite tilbakeblikk, var skodda sigen på igjen der ute. Ja havskodda kjem fort gitt. Difor er det trygt og godt at atløyningane har merka stiane forsvarleg. I mange høve er det ei god sikring når sikta forsvinn. Det kan skje fortare enn du anar....

Som de ser gjekk eg opp og ned frå Eide. Greiast når bilen stod her. Dette er ei flott løype. Godt merka heile vegen både til Nipa og Skredvarden. Og sjølv for folk som aldri har vore her er det heilt supert å nå opp på toppane. Du finn dei sjølv om du er urøynd. 

Neste gong blir det opp frå Gjervika og over til Eide eller Herland. Eg får heller koste på meg ei taxi....😃 Eg likar best å gå opp ei rute og ned ei anna.


Havskodda kjem fort på Atløyna


Fotoserie 
Auto Full HD 1080


Videoklipp
Auto 2160p 4K

Google fotos


tirsdag 25. juni 2019

Kvifor er Askvoll tause?

Utsikt frå Skredvarden på Atløyna til Lutelandet

På Lutelandet kjem det no 230 meter høge vindturbinar.
Konsesjonen er særs mangelfull. Selskapet var blant
 etablerarane av Vindkraftforum S&Fj.
"Konkelimonke" gjennom Fylkesdelsplan for vindkraft og ikkje vurdert i Nasjonal ramme.
Dette sjølv om område nord og sør om er ekskluderte. 

Som vi veit frå Nasjonal ramme for vindkraft er Sunnfjord og Sogn (område19) utpeika blant 13 andre område i landet som veldig godt eigna til utbygging av vindkraft. Eitt av dei viktigaste kriteria for dette er at "Våre overordnede analyser tilsier imidlertid et lavere konfliktnivå i dette området enn i store deler av landet" - eller sagt på ein annan måte - vi let oss lettare lokke til sal av vår felles naturarv her enn andre stader.  

Sett i samanhang er eitt av poenga som dukkar opp at det politisk og folkeleg er særs taust i min eigen kommune Askvoll når det kjem til vindkraft. Ikkje minst er dette faretrugande når ein veit at nabokommunar rundt oss som Fjaler, Høyanger, Gaular, Gulen og Solund no seier nei og vil ut av den nasjonale ramma for vindkraft. At ein har fleire eksklusjonsområde på øyane våre er flott. Likeeins på Staveneset. Men sidan kommunen og politikarane er "tause som graven" opnar det sjølvsagt opp for utbygging av andre område nord for Dalsfjorden. Som ikkje er ekskluderte. Når nabokommunane våre seier nei, medan vår "eigen held kjeft", er det jo nettopp difor vi kan risikere å få tredd heile skiten ned over hovuda våre. Og NVE får rett - Askvoll er nikkedokkelandet. Industriområde på Moldura, Hekkelfjellet, Bakkefjellet, Nipebuområdet. Ja, og så vidare i fjellområda på Førdefjordsida. 


Vil politikarane i Askvoll ha industriområde for vindturbinar på Moldura?
Foto 17.mai 2019
Kva med Dokka? Vindturbinar her?


Det er på tida at Askvoll-politikarane vaknar frå dvalen. Eg som veljar til komunevalet til hausten har krav på eit svar kvar partia står i denne saka. No! 

(Sjekk mine eigne linkar og arbeid)

Stopp raseringa av kysten

Nasjonal ramme for vindkraft

Vindkraft i Sunnfjord og Sogn

Ja til bevaring av kyst og fjell


mandag 17. juni 2019

Applaus til Atløy

Olaug likte seg godt på Atløyna i dag

Solid utsikt i alle himmelretningar
(sjå fotoserie og video)

Dagens fellesbilde

Veldig bra merka stiar på Atløy
I dag tok Olaug og eg turen på Atløyna for å gå på Skredvarden. Vi starta på Herland og gjekk først opp på Skålefjell. (Ja det er eitt av denne sorten på Atløyna òg,..)  Deretter heldt vi fram til Skredvarden. Returen tok vi til Eide. Mest på grunn av å prøve denne ruta òg. Også sidan det drog opp med regn frå sør. Aberet med dette var sjølvsagt 4-5 kilometer på asfalt tilbake til bilen. I godt regnvèr. Bilen stod rett ovanfor utkøyringa på ruta til Brurastakken.

Som headinga viser - applaus til atløyningane og rette vedkommande - for maken til god merking er det sjeldan eg har sett. Fantastisk godt jobba. Veldig bra for oss som ikkje har vore her på mange år. I tillegg var stiane lette og gode å følgje. 

Og så var det den fantastiske utsikta i alle himmelretningar då. Ein osean av sjø, øyar og land. Ja, eg såg faktisk heilt innatt mot Stongfjorden. Og til og med Dalsfjordbrua! Terrenget minte meg mykje om det eg er van med heime frå Toreheia og Ytrevågefjellet. Det er berre så nydeleg å kome seg opp og vekk frå einer, kratt og over tregrensa så kjapt. I øppna landskap. Der ingenting hindrar utsynet. 

Til Skredvarden må absolutt fleire av de landfaste ta turen. Ferja tek no berre 10 minutt òg. For meg gav iallefall dette ein solid meirsmak. Det blir ikkje lenge til eg kjem att. Eg har faktisk lyst ut igjen i morgon. Her er fleire andre toppar som vi ikkje rakk oppom i dag. Men helst kunne eg tenkt meg å lege i soveposen under open himmel ei natt. Ja sett sola gå i havet frå soveposen. Det hadde vore maks utteljing. 



lørdag 15. juni 2019

Ein song om kjærleiken

Alltid koseleg i Dalstunet

Dei yngste fekk 4-års medalje

Geir Tessem får 40 års medalje i Dale Musikkorps

Fin stemning ved Rivedal Galleri

Øyvind Selvik framførte "Amerika"
Jesper Klentz Evers t.h. er hovudutstillar
i Rivedal Galleri


Skikkeleg sommarstemning i Rivedal

(alle foto mobil)

Med Pride parade i Førde, sommarkonsert med Dale Musikkorps i Dalstunet og opning av sommarutstilling av Rivedal Galleri same ettermiddagen, var det ikkje så lett å få med seg alt. Eg valde dei to siste sidan det var ein times tid mellom arrangementa. Utan Dalsfjordbrua hadde dette sjølvsagt vore umogeleg. 

I Dalstunet, der eg er fødd og oppvaksen, kjenner eg meg alltid heime. Ja, det er som å kome heim. Begrepet "Home is where the heart is" kan sikkert tolkast på mange måtar. Hjartet har du alltid med deg. Så då er du kanskje alltid heime på eit vis. Di eldre eg har blitt di fleire heimar. Noko eg sjølv tolkar som positivt. "Alle vegar er ein omveg heim". Same kvar heime er. 

Det er alltid like kjekt å oppleve hornmusikk i tunet. Rekrutteringa er veldig bra. No med ny barnegruppeHer Sir Duke av Stevie Wonder med sjølve korpset. I det knallflotte vèret var det møtt opp ganske så mykje folk. Stemninga var heilt topp. Sosialisering i best ånd. Heilt sikkert fint for Allmuen. Her var det til tider ganske lang kø framfor disken. 

Sommaravslutninga til musikkorpset baud også på utdeling av medaljar til fleire av musikkantane (sjå bilder). Fred Kvamme fekk faktisk medalje for 50 år i korpset. Geir Tessem for 40 år. Imponerande!


Fred Kvamme t.h. fekk medalje for 50 år i korpset

Så bar det sporenstreks til Rivedal Galleri for å få med meg sommaropninga. Ja, også her var det samla ein god del folk. Sjølve opninga var det ordføraren som stod for. Etter at Oddveig Lyngstad, primus motor for galleriet, hadde ynskt velkomen. Inkludert var òg eit par musikkinnslag. Mellom anna framførte Øyvind Selvik tittellåten Amerika frå det nye albumet sitt. 


Ole Andrè Klausen opna sommarutstillinga i Rivedal.
Her med Oddveig Lyngstad,


Sommarstemning i Rivedal

Veldig kjekt å få med seg den flotte utstillinga. Så her er det berre å møte opp utover sommaren (sjå link ovanfor). 

På alle måtar ein kjekk lørdag. I dag utan fjell. Ja, det går faktisk an det òg (seier eg til meg sjølv). For det er no godt å treffe folk òg...😄



fredag 14. juni 2019

Pensjonist-gleder

Panorama frå Blegja i dag

Steinskjulet på toppen hadde eg ikkje bruk for i dag....

Mot vest
Rørvikenipa midt i bildet

Ved varden på nedstigninga av Blegja på sørsida

Dale frå Synste Stauren

Ein kvan har sett opp ein flott sitteplass med utsikt mot Dale.
Blegja og Storehesten i bakgrunnen,

Panorma ved Synste Stauren

Bjørnastigvatnet er tilliks med Svelivatnet og Markavatnet tappa til botnar
(midt i tursesongen...)

Rørvikenipa
(legg merke til elva)

I dag gjekk eg den fantastiske ruta frå Rørvika i Kvammen til Blegja. Vidare der i frå til Synste Stauren og ned igjen til austenden av Tobbedalsvatnet. Runda så Kringlefjellet og gjekk der i frå vest til Høgefjellet. Returnerte til Røvika via Bjørnastigen. Ruta har eg plotta inn via ei GPX fil og gjort tilgjengeleg via Fylkesatlaset. 

Bilda fortel vel historia frå A til Å. Turen tok 7,5 timar. Inkludert diverse fotostopp, og ein matbit ved Tobbedalsvatnet. 

Som pensjonist er vel ikkje dette det verste ein kan drive med... 😎





torsdag 13. juni 2019

Svineri i vind


Eg sit på Kultingane i Askvoll no og ser bort på Lutelandet (konsesjon gitt).
Tenkjer på poenget ved at når folk flytter ut frå kommunen pga develskapen, så er det vel ikkje mykje hjelp i med nokre ekstra vindkroner!
Øydelagt renommé triggar ikkje akkurat tilflytting heller.


Vi vil ikkje ha øydelagt natur med  negative ringverknader!




Pensjonisttreff ved Nipebu

Traff desse sporty damene ved Nipebu i går

Selfie må til
Idyll ved Nipebu
Idyll på ruta til Nipebu
(ovanfor kraftinteressene)



Det såg fælt ut over
myra ved Grunnevatnet

Her er doningen

Markavatnet er som Svelivatnet tappa "heilt til botnar"
- midt i viktigaste tursesongen
(Dette er Sogn og Fjordane Energi sitt virke)

Eg var ein tur til Nipebu i går. Mest for å ta ein test på fiske i Langevatnet og Nipevatnet. Det lèt eg gå forbi i stillheit. Her oppe er det gjerne litt tidleg i sesongen endå. Og vèret spelte heller ikkje heilt på lag. 

Kjekt å treffe 3 sporty damer. Pensjonisttreff midt i arbeidstida ein onsdag (ja, det tek litt tid å bli van med mitt nye tilvære).Vi slo av ein prat ved Langevatnet. Dei hadde overnatta på hytta og ville ta ein tur på Fossedalshengenipa før returen til Markavatnet. 

Slike hjulspor i myr
forsvinn ikkje så lett
Elles var det heftig helikoptertrafikk nord/sør over Krokavatnet/Fossedalen i går. Det gjekk føre seg i fleire timar. Eg reknar med at det var Sunnfjord Energi som heldt på med vekk-transportering av betongmastene til den gamle kraftlinja til Fossedalen. Den er som kjent riven. Rett skal vere rett - mastene er ikkje så gode å bere vekk heller. Vi får tru Sunnfjord Energi ryddar opp etter seg. Men det tek nok nokre ti-år før spora over myra ved Grunnevatnet forsvinn. Kva misjonen med å ¨sarve" over myra var veit eg ikkje. Trasig iallefall å sjå. For nokre år sidan la vi plank til å gå på heilt i austre kanten av myra for å skåne ho....





Etter at eg kom heim igjen gjekk turen til Sande for eit folkemøte om vindkraft i Gaular/Fjaler fjella i regi av Forum for natur og friluftsliv i fylket. Her var utbyggingsinteressenten Zephyr og motstandarar av vindkraft inviterte for orienteringar. Interessant å høyre om galskapen. 

Sveinung Vågene hadde eit veldig interessant føredrag mot vindkraft
(Mobilfoto)