søndag 26. mai 2019

All ære

På TiTur Dalsfjorden i dag

Etter den relativt lange turen i går, vart det i dag ein kortare tur med Tiril, Olina og Olaug til Askvatnet. Der er det lagt ut ny trimpost på TiTur Dalsfjorden. Jentene har vore hjå oss denne helga medan Tora, Miriam og Håvard har vore i Oslo .

Det er ein flott og lett tur gjennom Askdalen til Askvatnet. Start ovanfor kyrkja ved utkøyringa. God sti og veldig godt merka heile vegen. Det er lunt og fint opp gjennom dalen. 

Det smakar med litt kaldt vatn

God sti for folk og dyr gjennom dalen

I dag traff vi på ein god del folk. Kanskje ikkje så rart i det fine vèret. Men temperaturen var ikkje all verda. Når sola forsvann var nordavinden kald i kantane. 

Elles må eg berømme ungane for både vilje og lyst til å gå. Til tider måtte eg springe for å halde følgje med Tiril. Ho likar alltid å gå fremst. Ei ekte fjellgeit som ho er. 

Det gjer godt med drikke og godsaker i solbakken ved Smørkletten

Etter at vi kom ned igjen, køyrde vi til Holmedal på kafè. Holken var open. Her vanka det nysteikte bollar i alle fasongar, kaffi og brus. Mykje folk var møtt opp i det flotte vèret. Veldig kjekt at ein held liv i slike gode møteplassar. Sosialisering er kanskje noko samfunnet vårt manglar mest av i dag. All ære til dei som står bak Holken og kafèen.. 

Holmedal er ei flott bygd.
 Til høgre Blåfjellet, Blåfjellssåta og Bakkefjellet som eg var oppom i går

Mykje folk både inne og ute på Holken i dag

Flott i nabohagen til Holken

Ingen kommentarer: