onsdag 29. mai 2019

Far vèl


Ein kjekk gjeng på avslutningsfesten min på Hoven, Alexandra april 2019

Fresh ungdom tek over stafettpinnen
Her på Alexandra 2019
    
Fresh "ungdom" frå KS på Alden 2017

Ja, så er mi tid omme. I Banken. Banken med stor B. Min gode tilhaldstad dei siste 36 åra. Medan livet har hatt sine opp og nedturar, var alltid Banken der. Fast partnar. Gode kollegaer. I eit fantastisk gjevande arbeidsmiljø. Som støtta meg i godt og vondt. I storm og stilla. "Some you win and some you lose". Spørsmålet er kva bankkarriere som ventar dei unge i dag... Slutt er det iallefall på dei tider då du fekk deg ei raud bankbok til dåpen. Ei bok du tok med deg resten av livet.... 

Nokon påstår at det skal vere sunt å skifte arbeid no og då. Med den teknologiske utviklinga vi har sett i bank har eg sjølv hatt kjensla av å skifte arbeid heile tida. Før var bank meir den kjekke kundesamtalen, rutine og service. I dag skal alt og alle målast i effektivitet, kroner og øre. I "Key Performance Indicator" og fluktfrekvens. Snart styrer vel Google, Insta, Facebook og den internasjonale storkapitalen heile verda.  Lojalitet er truleg eit begrep som har sett sine beste dagar. 

Nokre klipp frå kjekke turar 
Danmark
Solund
Værlandet

Sande

Byrkjelo
Stockholm
Urnes 2010
Svanøy 2005

Hjå Kari 2016


Vetti 2006


London 2006
London 2006


Eg er nok skrudd i hop slik at eg ikkje likar så godt å seie adjø. I dag har eg valt å gjere det via bloggen. Turbloggen som i mange år har gitt meg mykje glede. Banken har jo vore ein del av turen min. Skal det vere så skal det vere. Forresten så har eg to bloggar. Litt poesi på si... Kanskje blir det med tid og stunder bankpoesi òg....😎 

Når eg eldest tenkjer eg ofte på uttrykket "Ev(e)ry goodbye takes a bit of your heart". Eg trur det er rett. I jaget etter noko nytt blir det for mange farvel. For mange adjø. Ha det. Alltid for dårleg tid. Ting og system som fungerer godt er ikkje lenger godt nok. Gjennom jobben opplever eg ofte at telefonsamtalane blir avslutta med ha det, ha det, ha det, helst tre gonger. Eller snakkes, snakkes, snakkes. Folk er stressa. Overalt. Vel, vel - Finansministeren sa det ho - eg er ein jævla sosialist. Finansministeren - ho som styrer oss. Eg har diverre ikkje tru  på at alle piler skal peike oppover heile tida. Ingen tre veks inn i himmelen (og du kan ingenting ta med deg dit du går)....  Men no er eg sjølv visst i ferd med å gå ut på dato - så då så. Der makta ruler har nok aldri vore min plass. Eg har likt best å vere konge i eige liv. 

Kundesenteret Urnes 2010

Etter så mange år i Banken har dei aller fleste av arbeidskameratane mine reist sin veg. Somme har gått ut or tida. Andre sit på heimen. Det minkar på den "gamle garde". Vi som har bygt opp Banken slik den står i dag. Slik er livet. Nye tider krev nye kostar. Nye generasjonar må ta over. Dei unge må byggje sitt eige arbeidsmiljø. Hjelpe sine eigne arbeidskameratar.  Ta vare på arven. For tida kjem til oss alle. Det gjeld berre å bruke ho fornuftig.  Wind of change (hopp over annonsen).

19/5-19 Eg gler meg til mange lange og flotte fjellturar framover
- og til alle rydde- sti- og merkeprosjekta eg har på blokka.
Tanken på å kunne styre tida mi sjølv kjennest godt ut...


Eg sjølv har etter kvart blitt lei pendling til Førde. Nesten utruleg at eg har gidda 20 år på FV609. Kvar dag. Fram og tilbake til Stongfjorden (takk Olaug). Ja, eg har stort sett pendla heile arbeidslivet mitt. Det rare er at eg har fått lenger veg til jobb ved kvart vegskilje. (Som man reder ligger mann ...). Eg starta nemleg banklivet mitt i 1983 med å gå ned trappa frå banken si leiligheit i Dale til arbeidsplassen min. Bygget står i dag til sals. 

Vi har hatt fleire avslutningsseremoniar i det siste...


Framover treng eg å bruke den tilmålte tida mi annleis enn før. Medan eg er "ung og sprek". Har helsa intakt. Litt lei banklivet er eg vel òg. Ein prosess som starta i slutten av 50-åra. Der eg ikkje lenger var så gira på nye krav og  endringsprosessar. Nei, resten av tida mi vil eg bruke lystbetont.  Vere min eigen herre. La humla suse. "Eg vil bort frå det lærde standet". "Eg vil heim til Kobbeskjerhaugen". "Til kobben og Draugen". Sjølv har eg nok fleire filosofiske og poetiske gener enn finansielle. 


KS hjå Kari på Byrkjelo


Eg har nok aldri hatt vidløftige ambisjonar i Banken. Har likt betre å klatre i fjell enn på jobben. Eg vart heller aldri medlem av Lions slik første banksjefen min i Dale ville.... Følte meg aldri vèl  i uniform og slips må vite (slips må vere noko av det tosknaste "plagget" som er funne opp). Ja, lista vart vel lagt den gongen. Men i mine 36 år i Banken kan eg ikkje hugse ein einaste dag at eg har kvidd meg til å gå på jobb. Det seier vel noko om ein viss symbiose med dei arbeidsmiljøa eg har vore ein del av. Om det politisk var ei tid det kunne røyne på... (hugsar du bankkrisa og jappetida)? 


Værlandet 2017
med Steinar Lien - god kollega i over 30 år

Banklivet har lært meg mykje. Eg har blitt kjend med ein bròte med folk. Både kollegaer og kundar. Ikkje minst har eg sett kor forskjellige folk er. Ei rein personleg psykologiutdanning. Ja og så kor mykje pengane styrer liva til folk. Både vit og handling. Det siste av og til først. Money counts you know. Teiknet på å vere vellukka. Eg har dessutan lært meg veldig mykje om makt. Kor mykje makt betyr for enkelte.  

Om det ikkje var for Banken hadde eg kanskje vore relativt ubehjelpeleg på IT. Hatt for gamal nettlesar. Trengt hjelp til å slette midlertidige filer. Låst Bankid`en min i hytt og pine. (Eg vaks opp med sveivetelefon you know). Etc, etc. Ja, eg synest synd på mange eldre som sit rundt om på nesa og ikkje veit si arme råd i dagens duppedittverd.... (du treng jo forsyne meg Bankid for å snu deg i senga..).

Eg sjølv er eldst av 6 søsken. Har 3 vaksne døtre i Førde + 1 attpåklatt på 19 år heime som går i elektro-lære (racer på PC/mobil må vite).  I tillegg har det poppa opp 8+5 barnebarn. Eg bur i lag med ei snill og kjekk kone. Ute på den ydderste nagne ø... (Litt humoristisk sa eg til kollegaene mine hin dagen at tida har gått så fort at eg snart kan feire mitt andre sølvbryllup...😎)  

Heime 19.mai 
Litt meir? Ok. 

Havutsikt har eg frå stova. Eg har ein båt nede i moloen. Eg kan drøssevis av turruter i Askvoll og Fjaler fjella. Eg trykker fram "Alive" med Pearl Jam på Spotifyen. Og så planlegg eg ein tur til Haukedalsvatnet på jakt etter den flottaste og feitaste kjøa eg kan tenkje meg. Eller så myser eg litt på restplassar til Hellas om vèret blir for dårleg. Så må Facebook, Twitter, Insta, Snap og Google Fotos vedlikehaldast. Det nye kameraet mitt har eit uttal funksjonar som eg ikkje har peiling på... (Litt ny lærdom skal visst hjelpe på å halde hovudet klårt). Men den siste versjonen av nettbanken kan godt vente til neste veke...  Eg blir neppe rikare av den likevel 😄Eg ventar i grunn meir på den nye power banken min. Til ein laaang sommarferie. Eg kan jo ikkje risikere å gå tom for straum på mobilen - anten eg er i Hellas eller ligg under hammaren ved Krokavatnet...


Ein av dei første singelplatene mine

Ok folkens - nok snikk snakk. Lukke til vidare i Banken. Make your absence felt. Ta vare på kollegaen din. Some will come and some will go. Og framfor alt - vèr deg sjølv. 

Som avslutning tek eg med eit dikt frå LysandeStemningar. Diktbloggen min. Bildet er teke frå mitt kjære Toreheia. Fjellet heime. Takk til Banken for mange flotte år. God sommar. Så ser eg deg ein gong.  

I all æve



No skodar eg syne so tindrande flott
som kveldsola stille meg sender
Mot havet ligg draumar av skinande slott
dei gløder mot heimlege strender

Eg kjenner på lukke frå himmel til nut
dei varmar og lindrar meg nære
No minnest eg gleda eg hadde som gut
då eldhugar levde so kjære

Sjå solbrune jenter med lystige smil
i hildring dei svinsar og dansar
Til songar av kjærleik frå tusande mil
eg visseleg høyrer og sansar

Dei mjukaste former renn tankane fri
vi smeltar til eitt her i kvelden
Og natta mi lyser den næraste sti 
eg ottast ei pinsler og elden

Ja hit vil eg koma når livsdagen renn
når jordiske sansar tek ende
Sjå himmelske salar som strålar og brenn
i takksemd til åra han sende

Tekst og foto
G.Skaar


28/12-2015




søndag 26. mai 2019

All ære

På TiTur Dalsfjorden i dag

Etter den relativt lange turen i går, vart det i dag ein kortare tur med Tiril, Olina og Olaug til Askvatnet. Der er det lagt ut ny trimpost på TiTur Dalsfjorden. Jentene har vore hjå oss denne helga medan Tora, Miriam og Håvard har vore i Oslo .

Det er ein flott og lett tur gjennom Askdalen til Askvatnet. Start ovanfor kyrkja ved utkøyringa. God sti og veldig godt merka heile vegen. Det er lunt og fint opp gjennom dalen. 

Det smakar med litt kaldt vatn

God sti for folk og dyr gjennom dalen

I dag traff vi på ein god del folk. Kanskje ikkje så rart i det fine vèret. Men temperaturen var ikkje all verda. Når sola forsvann var nordavinden kald i kantane. 

Elles må eg berømme ungane for både vilje og lyst til å gå. Til tider måtte eg springe for å halde følgje med Tiril. Ho likar alltid å gå fremst. Ei ekte fjellgeit som ho er. 

Det gjer godt med drikke og godsaker i solbakken ved Smørkletten

Etter at vi kom ned igjen, køyrde vi til Holmedal på kafè. Holken var open. Her vanka det nysteikte bollar i alle fasongar, kaffi og brus. Mykje folk var møtt opp i det flotte vèret. Veldig kjekt at ein held liv i slike gode møteplassar. Sosialisering er kanskje noko samfunnet vårt manglar mest av i dag. All ære til dei som står bak Holken og kafèen.. 

Holmedal er ei flott bygd.
 Til høgre Blåfjellet, Blåfjellssåta og Bakkefjellet som eg var oppom i går

Mykje folk både inne og ute på Holken i dag

Flott i nabohagen til Holken

lørdag 25. mai 2019

7 fjell og to bygder

Panorama Dalsfjorden
 
Straumsnes og Holmedal med Dokka og Moldura

Panorama frå Blåfjellet. 

Snauhogst nedanfor vassverket i Holmedal viser att i landskapet
Dagens selfie på Bakkefjellet
I dag gjekk eg den flotte runda som skissert i bildeserien. Den tok nett i underkant av 5 timar. I jamn fart inkludert fotostopp. Veret var delvis skya. Temperaturen varierte litt etter som sola stakk gjennom eller ei. Siste par timane vart det meir skyer og grått. 
Det flotte med fjella og terrenget hjå oss er at du kan velje nett kva ruter og fjell du vil ta med deg på turen. Rett frå stovedøra heime. Og alt etter kva tid du har til rådvelde. Og sjølvsagt kva motivasjonen og kroppen tilseier. Ein kan gå lenger eller kortare tur. Bestemme seg eller ombestemme seg på ruteval medan ein er på tur. Ja, ein kan gå i det uendelege om ein vil det - då er det berre å peile seg austover... 😃

I høgda er det framleis mykje haustfargar. Varmen og lite nedbør i det siste har vel ikkje hjelpt noko særleg på det. Mykje lyng er allereie svidd vekk for året. Men lenger nede i liene er det betre. Så sauene som no skal sleppast på beite i fjellet finn vel sitt. 


Folk traff eg ikkje i dag. Ikkje i dag heller. Og det er dårleg med liv elles òg. Ei og anna rype og heipiplerker er å sjå. Vi får håpe det kjem seg litt etter kvart. Det er alltid kjekkast å gå i fjellet når det er litt liv å sjå. Snart kan eg vel følgje med på sauene. Sauer er jo alrighte dyr.

Elles fortel vel fotoserien historia frå turen. Det er eit fantastisk naturområde og nydelege fjell vi har rundt oss rett utanfor stovedøra. Det gjeld berre å bruke luksusen vi har arva... 




søndag 19. mai 2019

Nydeleg sundag

T-skjorte vèr

Paanorama frå Ytrevågefjellet
Toreheia til venstre

Moldura oppe i midten

Attendeblikk.
Toreheia til venstre i det fjerne




Morgonstemning på kaia før turen 
I dag gjekk eg den flotte ruta frå Osland til Ytrevågefjellet og vidare til Toreheia, Skylefjellet og Blåfjellet med retur sørsida av Mangevatna til Rinda og heim igjen. På denne turen ligg det 4 trimbøker. Ei fantastisk flott runde i det flottaste av terreng ein har i kommunen. 

No er det så tørt og lett å ta seg fram at det er ein fryd. Lite klede og lette sko, sol og god  temperatur - ja ein kan ikkje få det betre. No grønkaste det også høgt til fjells. Ja, vi er heldige som bur her vi gjer på jord. Rein luksus. Sjå foto og video.

fredag 17. mai 2019

Dobbel 17.mai feiring

Panorama rett vest for Toreheia

Samme retningane som ovanfor frå Moldura
Det vart to flotte turar i dag. Ein frå kvar side av Stongfjorden. Først opp heime i frå Yndestad til Toreheia og Skylefjellet. Deretter opp frå Neset til Moldura. Inn i mellom turane tok eg meg ein kopp kaffi og ei skive på altanen heime. 

Det er vel ingen løyndom at veret og temperaturen var fantastisk. Som elles rundt omkring på våre kantar. T-skjorte vèr og joggesko. Tørt i terrenget. Ja, ein betre 17. mai må ein vel leite langt etter. 

Tradisjonelle 17. mai bilder med flagg, is og smilande ungar vart det ikkje i år. Eit heilt klart brot på alle bildeseriane mine frå 17. mai i mange år. I år vart feiringa som den vart. Utan å kome så veldig mykje inn på det her og no så har mi oppfatning av denne dagen diverre blitt skjemd av den "brune nasjonalismen" som sprer seg som svartedauden over landet og Europa forøvrig. Det er synd av flagget vårt har blir ureina på denne måten. (Så får no folkk kalle meg for ein vriompeis så mykje dei vil). For eigen del hadde eg det i alle fall som plomma i egget i dag. Heilt etter mitt behag.... I kveld er eg god og trøtt på min måte...👴 




søndag 12. mai 2019

TiTur i gang

Panorama Stongfjorden

Grimelia og Vågen

Stongfjorden

Follevåg

Eimind og Granesundet
  
Staveneset

Panorama Furefjellet

I dag gjekk eg den vanlege ruta frå Holevika til Høgeheia og vest til Furefjellet. Litt stiv etter turen i går, så var dette ei passeleg trimøkt. Den nye trimboksen til TiTur Dalsfjorden var komen på plass. Ein god del namn var allereie komne i boka på to dagar. Dette blir bra. Som dei tidlegare dagane var det kald nordavind.