søndag 31. mars 2019

Kald kosestund

Eg var visst tung....

Stongfjorden - etter kvart eit kjent motiv...

Over hamrar og sva....

Granesundet frå Furefjellet
Det tok si tid før fruen i huset bestemte seg for om det skulle bli fjelltur i dag. Turmålet vart i siste omgang bestemt på veg opp i vegskiftet. Venstre eller høgre. Høgeheia eller Ytrevågefjellet. Ho tok til venstre. 

Før den tid gjekk eg i påvente av avgjerda rundt i huset, og i rein desperasjon i gang med å plante om nokre stoveplanter. Dei seiest at ein veks seg like med dei ein bur i lag. Vel, så langt er visst ikkje vi komne her i huset. Eg må ut og i gang fortast mogeleg når eg har fri. For min betre halvdel er visst ikkje det så nøye. Når det er sagt er det fullt mogeleg eg må ta til meg noko lærdom når eg no snart blir pensjonist. Då kan eg vel ikkje seie at det hastar....

Vel, nok om det. Turen på Høgeheia gjekk fint den. I frisk nordavind var det kaldt nok. Iallefall når sola forsvann. Vi traff forøvrig på Dag Tore oppe under toppen, og slo av ein prat med han. Etter toppen gjekk vi så "mi" ruta vestover til Furefjellet. Eg likar å ta med meg denne toppen heilt i vest. Det blir litt meir tur ut av turen då. Og nærare havet frå fjellet kjem ein ikkje her på fastlandet.  

Fin tur dette. Ikkje akkurat sommartid då. Men kalde og nøgde fòr vi heim att i dusjen. Og sola? Ja då skein sola som ho var gala....

Foto Høgeheia Furefjellet 310319

lørdag 30. mars 2019

Heftige byger

Svartetjørna

Krikavatnet
 Eg fekk på meg nokre heftige haglbyger oppe ved Krikavatna i dag. Med skodde og vind i tillegg var det ikkje verandes der oppe. Eg snudde difor nordover til Skylefjellet i staden, og gjekk den vegen heim att. Trimmen var i boks. Greitt nok det for ein vordande pensjonist...😃

mandag 25. mars 2019

Linedansar



Linedansar er kanskje den melodien eg likar best frå albumet "Amerika" som Øyvind Selvik promoterte i Vårdal på fredag. Her er den. Sjølvsagt med noko avgrensa lyd. Albumet er som nemnt å få kjøpe som LP og CD. Det ligg òg på Spotify og Tidal. 

Det ligg no 7 melodiar på min YouTube kanal som var framførde i gamle Vårdal skule 22/3.




lørdag 23. mars 2019

Plateslepp

Det vanka blomar som takk

Gruppa i Vårdal

Øyvind Selvik har gitt ut plata "Amerika". I det høve var det invitert til plateslepp i gamle Vårdal skule. Huset er restaurert både til platestudio og forsamlingslokale. Ein fantastisk jobb av musikklubben "Askesus". Lokalet var i går pynt med småbord og stearinlys. 

Det møtte etter kvart opp ein god del folk. Ein fekk kjøpe seg noko godt å drikke. I tillegg til pølse og hamburger. Stemninga var reint koseleg. 

Øyvind ynskte så velkomen og introduserte Frida Leknes til nokre vàre songar som oppvarming. Deretter spelte bandet gjennom ein del av melodien frå albumet. Inngangsbilletten var så gjenstand for loddtrekking av 3 LP/Cd. Til avslutning bydde ein opp til dans. 





Øyvind Selvik har lagt ned ein formidabel jobb og fleire hundre timar med dette arbeidet. Han takka spesielt kona Margot og Richard Herland for støtta.


Albumet er tilgjengeleg både digitalt og på LP/CD. Spotify her. Nokre småklipp under. 















torsdag 21. mars 2019

Blikk



Knallflott kveldstur på Høgeheia etter arbeid i dag. Blikkstilt og flott sol. Men i kveld var det ingen andre å sjå her oppe. Verken folk, fugl eller sau. 

No er all snø fullstendig vekke. Litt vått etter alt regnet i natt, så om ein opp vil teste med joggesko blir ein våt. Det gjer snart ikkje noko med vårtemperaturar i lufta. Det er finaste tida i året framover no. "Jeg velger meg april"... 

Foto Høgeheia 210319

søndag 17. mars 2019

Vinter og vår

Skålefjellet frå Yndestad

Skålefjellet, Svarthamrane og Moldura m.m.

Svanøy m.m. frå Ytrevågefjellet i dag
Eg gjekk meg ein tur på Ytrevågefjellet i føremiddag, så no er det trakka nye spor opp. Det er kome nokre centimeter med nysnø eit stykke opp i høgda. Ein kald nordaustvind har blese av snøen opp ranen under toppen. Vinden i dag gjekk gjennom marg og bein. Elles heilt greitt. 

Då er det meir vårleg nede ved fjorden. Vel, vinden var kald her òg, men det grønkast no litt etter kvart. Vi får håpe våren kjem i rikt monn neste veke.


lørdag 16. mars 2019

Trim i boks

Skiftande skydekke

på Høgeheia i dag

Fin trimtur på Høgeheia igjen i føremiddag. 
Trim i boks 😊

mandag 11. mars 2019

TiTur på Høgeheia




Det går sterke rykte om at Høgeheia på Stavenesodden er inne på lista over Titur Dalsfjorden 2019. Heilt herleg. Ei litt geografisk forlenging av fjordbegrepet. Men det var nok neppe det som gjorde til at heile 18 personar hadde funne vegen opp hit i går. Inklusive underteikna. Og mange frå Fjaler. For postane på TiTur 2019 er på langt nær lagde ut. Eg var nemleg opp igjen på Høgeheia etter arbeid i dag. No går det fint å køyre heim igjen frå Førde etter arbeid, for så å køyre ut i Holevika og nå opp og ned igjen før det er mørkt. I kveld måtte siste rest av godvèret for denne gong nyttast. 

Eg ser frå Indre Sunnfjord Turlag si årsmelding for i fjor at heile 121 turgåarar i Askvoll og Fjaler hadde levert inn ferdig utfylte turkort i fjor. Veldig bra. Trass i den dårlege hausten og sommaren. Det vart registrert eit samla besøk på heile 5307 på dei ti toppane ein hadde bøker på. Det er 861 fleire registreringar enn året før. Til samanlikning hadde Indre Sunnfjord 85 deltakarar med ferdig utfylte turkort. TiTur Indre Sunnfjord er samansett av kommunane Naustdal, Gaular, Førde og Jølster. Høyrer eg litt applaus for Askvoll og Fjaler? - the real Sunnfjord. Og kva med folkehelsa?

Eg skreiv ein gjesteblogg for Fjordkysten om Høgeheia i fjor haust. 

Album Høgeheia 110319

søndag 10. mars 2019

Kjapp Høgeheia og feiring av Peter








Eg hadde meg ein kjapp tur på Høgeheia i dag tidleg. Her ute traff eg bra med folk då eg var på veg ned igjen. Mellom anna Dag Tore. Vi hadde oss ein liten prat i bakken. 

Men dagen var meir i Peter sitt teikn sidan han er 19 år på tirsdag, og vi feira han i dag. Eg var såleis til Dale for å hente mamma. Margunn sin familie mangla, men elles var vi fulltallige utanom Rudi, mannen til Kristine. Olaug diska opp med både middag, kaffi, brus og kaker. Og så vart det ein ny tur til Dale. Heftig og kjekk dag!

lørdag 9. mars 2019

Nysnø og tunge føter

Ganske sur vind på Toreheia i dag
 
Det bratte skaret ned til bygda

Krikavatnet i dag

Ganske så sur søraustvind i dag tidleg og rundt 0 grader heime. Eg valde igjen å gå opp heime i frå. Sytalaust det. Slepp å køyre nokon stad. Og finare turterreng enn på nordsida av Stongfjorden finn du ikkje. I dag med nydeleg nysnø og blå himmel.

Det var kome ein del snø i høgda sidan forrige helg då det var heilt snøfritt. (Foto til høgre frå forrige helg). Eg kan vel innrømme at snøen kravde sin mann. For det vart tungt frå Krikavatnet og til toppen. Fòksnøen gjekk fleire plassar til opp på knærne - i motabakkane er det rimeleg tungt. Eg gav meg difor å gå aust til Ytrevågefjellet. Eg gjekk i staden ned kanten over bygda til Yndestadhøgeheia og ned Selda. 

Elles er det vel ikkje så mykje å seie, ja, kanskje utan om at ei havørn fauk opp nokre meter framfor meg oppe ved kanten. Havørna er vanleg her oppe. Eg ser den ofte frå stoveglaset heime. Ramneparet som er her òg kakla på meg. Eg kakla tilbake... 😇Fin trim. 


søndag 3. mars 2019

Lurevèr

Marie og Olaug på toppen av den lange bakken til Ytrevågefjellet

Regnboge over Krikavatna

Solgløtt på Svanøy

I dag gjekk eg heime i frå på Toreheia og vidare til Ytrevågefjellet. Olaug og Marie kom som avtalt rett nede i bakken opp til Ytrevågefjellet, så i saman køyrde vi heime igjen då vi kom ned til Osland. 

Så mykje er det ikkje å skrive heime om. Men det var både sol og regn og snødrev inkludert kulingkast. Og egentleg greitt å kome seg heim i dusjen og fyre i omnen etterpå. Det vart som det vart. Skal ein kome seg ut i det heile tatt nyttar det ikkje å vente på vèret. 

Foto Toreheia Ytrevågefjellet 030319

lørdag 2. mars 2019

Ny nabo





Veldig kjekt med nytt skilt og ny boks på Høgeheia. Takk til Dag Tore Mjåseth for flott jobb. Både boksen, stammen og skiltet ser solid festa ut. Det trengst. For her ute er det veldig vèrhardt. 


I dag var det ikkje så gale. Sjølv med vind og sno i lufta. Så eg gjekk ut på Furefjellet òg. Eg likar denne runda godt.Til ein aldrande fyr med ein halvdorsk vinterkropp, er dette passeleg trim ein laurdagsmorgon i heller dårleg vèr. Men kanskje på tide å sette seg litt høgre mål etter kvart no når det vårast. Godt er det å kome seg ut iallefall.