lørdag 26. januar 2019

Høge kneløft


Stongfjorden i dag
(mobil)





Ja, var det tungt på Høgeheia forrige helg, var det minst like tungt i dag. Mykje fòksnø å stabbe seg gjennom. Høge kneløft. God trening for føtene. Og ikkje minst for å betre kondisjonen. Flott å gå på Høgeheia no for å trene ein halvgamal kropp etter for lite trim i det siste. No gjeld det berre å følgje opp så ein kjem i god shape til våren igjen. 

Elles såg eg ikkje eit levande vesen. Vel, eg helste på Olav Saltskår på Staveneset på veg heim att. 

søndag 20. januar 2019

Meg og 14 hjortar


Ein heil flokk med hjort sprang sør/nord under Høgefjellet i dag
(her baktroppen)

I dag valde eg Høgeheia som turmål. Alltid like kjekt å kome ut i havgapet. Høgeheia er det fjellet som ligg nærast i så måte. Vèret var bra med relativt lite vind og eit par minusgrader i lufta.

Til vanleg ligg det lite snø her ute. Men i dag låg det ein del ovanfor granene i Holevika. For ein eldre kropp vart det litt tungt å trakke spor opp. Og kva ein flokk med til saman 14 hjortar trakke her oppe etter er no egentleg litt rart. For liene ned att på sørsida er både snøfrie og solrike. Mogeleg dei var ute etter ein liten topptur dei òg? Tja, kven veit? Det var i grunn litt artig å få auge på heile dette følgjet. Til slutt greidde eg å fiske fram kameraet så eg fekk festa baktroppen på bilde òg. Elles var her ikkje eit levande vesen å sjå. 

Eg gjekk ned att same vegen eg kom frå. Til Holevika. Fin tur i flott januarsol. 

Foto Høgeheia 200119


søndag 13. januar 2019

"Cold wind to Valhalla"

Krikavatnet med Toreheia i skoddeheimen

Yndestadhøgeheia i dag


Det var isande kald nordavind i fjellet i dag. Turen på Toreheia vart difor til Yndestadhøgeheia. Det var nok. Og heilt greitt. Ingen vits i å halde fram når vèrforholda er utrivelege. Mosjonen var uansett i boks. Dusjen og fyr i omnen heime freista meir enn å fryse på seg eit kvart ilt. På Toreheia har eg vore fleire hunder gonger før...😅

lørdag 12. januar 2019

Å vente på noko godt




Endeleg ein fjelltur igjen. Det har vore mangelvare i det siste. Mest grunna elendig vèr. For eg gidd ikkje stresse avgarde på fjellet i mørke og dårleg vèr lenger. Den tid er forbi. 

I dag registrerte eg regn- og sluddbyene i fjellet på morgonenm og tenkte ikkje meir på fjell i det heile. Putla med forskjellig heime. Men brått tyktest det lette så då gjekk eg meg ein tur på Skylefjellet. Greitt å ha desse fine turmåla utanfor stovedøra. Og jammen fekk eg sjå sola der oppe òg. Eit sjeldan syn. Så er det visst håp om at vèret kan snu etter kvart likevel. Vèrsjuk er eg ikkje. Men i det siste har det likevel røyna på...

søndag 6. januar 2019

Etter stormen

Hytta ved Krikavatnet


I skodde og regn gjekk eg ein rask tur til Krikavatnet for å sjå etter hytta som står her. Den har tidlegare blitt smadra av vinden. Hytta er no bardunert grunna særs krevjande vèrforhold. Området ligg jo geografisk nesten i havgapet. Og tregrensa er nærast nede ved fjorden.

Hytta stod som før den. Kjekt for naboen. Og eg snudde nasa heim igjen med ein gong. Kor tid skal vi få ei helg med skapleg vèr?