mandag 30. desember 2019

Dugnad

Passasjen over Steinelva i Fossedalen
I høve at Brendeheiknappen i Fossedalen er inne som turpost på TiTur Dalsfjorden for 2020 må det gjerast noko med ruta over Steinelva. Ei elv som veks fort opp. Og der det i dag er vanskeleg å kome over ved stor vassføring. Etter kva ein har sett av dei aktive og flinke brubyggjarane i Dale og i AHIL, er dette eit oppdrag som bør kunne gjennomførast. Spesielt viktig no når mange som ikkje er blant dei mest fjellvane vil ta turen på Brendeheiknappen. 

Det er bygt nye bruer i Nedre Fossedal i året som har gått.
Applaus til turgruppa i Dale!


I same slengen er det sjølvsagt særs ynskjeleg at det kan bli gjort noko med stien ovanfor Kleivane mot elva, der denne går over den ille skåra/steinane og opp på berga. Her er det både sleipt og ekkelt å gå. Det beste hadde vore å få på plass ei bru. Dette er eit dugnadsprosjekt som har vore lufta fleire gonger før, og som vil bli svært kjærkome for Fossedalsfolket og andre om gjennomført. Midlar til bygningsmateriale finst. Sjølv er eg heller skral som bygningsmann. Men eg kan gjerne hjelpe til med å bere material o.a. Gje meg difor eit pip. 

Eg tykkjer ein bør få desse to prosjekta på plass i løpet av vinteren/våren. Og før TiTur Dalsfjorden går av stabelen 15.mai (etter noverande planar). Ja, dette har med tryggleik å gjere. Og begge prosjekta ligg innanfor DNT sitt løypenett.

Godt Nytt Dugnadsår!






søndag 29. desember 2019

Fossedalen 2019




Med ei lita samling naturbilete frå Fossedalen i året som har gått ynskjer Fossedalen - i grøne far - alle eit retteleg Godt Nytt År.

Musikk: Tupelo Train Chris Haugen

fredag 27. desember 2019

Desembersol i Holmedal

Soloppgang i sør.
Flekkefjorden midt i bildet

I vest ser vi Askvoll og Atløynipa

Utsikt frå Bakkefjellet.
Dokka. Kalderasnipene, Molduraog, Nyken og Fanafjellet

"Berre eg ser Dalsfjorden"
Rivedal i midten. Dale lengst vekke. 

Straumsnes t.h.

Holmedal

Moldura

3 minusgrader og knallflott då eg gjekk opp frå Vassverket i Holmedal i dag tidleg. Bakkefjellet var målet. Og desembersola. Det klaffa heilt perfekt. 

Godt og frose oppover. Og til alt overmål bra trakka spor oppe mot toppen. Eg hadde ikkje bruk for broddane. Dei relativt nye fjellskoa sat godt på. Elles litt vind. Og nye, djupt blå skyer trugande i horisonten. Så slik var meldingane òg. Fint på morgonen og regn til kvelden. Ny storm på veg. Same old story. Ja, vi lyt ta det som kjem. Fantastisk var det iallefall med morgonturen i Holmedal i dag. Herleg desembersol (om det var aldri så kaldt rundt øyra på toppen...)

torsdag 26. desember 2019

Perfekt 2.juledag

Toreheia bakerst t.h. sett frå Mangevatna

Frå nedstigninga i nordvest

Sunnfjords perle 

Panorama ved Skylefjellet

Toreheia sett frå Skylefjellet

Ved Svartevatnet
Nydeleg tur igjen på Toreheia. I dag med returen via Skylefjellet i nord. Sistnemnde inne som post på TiTur Dalsfjorden i 2020. 

Vermeldinga heldt veldig bra stikk. For det dkulle klårna opp litt ut på dagen. Så eg avventa ein times tid heime før eg gjekk. Resultat - flott sol oppe på toppen. Som bestilt. Her oppe også med nokre centimeter nysnø - så kvit så kvit i den låge julesola. Perfekt tur! 



(direkte sendt på Facebook)

Video Høgeheia 1.juledag (ikkje blogga)

tirsdag 24. desember 2019

God jul frå Toreheia og Yndestadhøgeheia

Krikavatnet i dag

Snø i høgda ovanfor Krikavatna

Ved Krikavatnet 
Desemberstemning 


Julaftan-selfie





Det var vel ikkje akkurat som bilda frå julekort oppe på Toreheia og Yndestadhøgeheia i dag. Snø i lufta oppe i høgda og regn lenger nede. Og lite lys. Men relativt lite vind. Opp skulle eg, og det gjekk no heilt greitt. Likevel -  dei fine prospektkorta lyt  vente til eit anna år. Denne julaftan var iallefall ikkje vèrgudane på vår side. God Jul! 





søndag 22. desember 2019

God jul frå Moldura

Dagens God Jul selfie på Moldura

Panorama mot sør

Noko grått ved Dalsfjorden,
Holmedal og Straumsnes i dag

Størdalsstauren
Herleg morgontur på Moldura i dag tidleg. Opp frå Neset såvidt det var gålys. Eg tok ikkje i bruk hovudlykta eg hadde med. 

Eg fekk på meg ei regnbyge omlag halvveges, men den gav seg på 10 minutt. Jammen vart eg noko paff då det flaug opp tre snøsporvar oppe ved toppen. Om dei prøver på ei overvintring veit eg ikkje. Det er så mange ting som no endrar seg med klimaet... 

Om forholda elles. Litt sigesnø eit lite parti. Men flott og god skare frå ein ca 500 moh. Noko is. Eg gjekk opp utan broddar, men tok dei på oppe på toppen. Det flate partiet her oppe er ofte noko islagt. 

Eg tok opp ein video borte på vesttoppen. Diverre vart det mykje susing av vinden, så kommentarane drukna i støy! Returen tok eg som så ofte før via Størdalstauren nede på nordvestsida. Her er det ein trimpost. Super tur!


(mykje susing/kutt lyd)

Foto Moldura Størdalsstauren 221219


lørdag 21. desember 2019

Eggene (Siktanuten), Brendeheiknappen, Skylefjellet, Nykshytta og Eikenesstølen







Nykshytta
Eikenesstølen ligg nede "under føtene"...
Dei 5 toppane/turane ovanfor er no peika ut som postar på TiTur Dalsfjorden i 2020. Desse er som vi ser på nordsida av fjorden. På Fjaler-sida er ikkje postane klare. Tidsrommet postane låg ute i fjor var 10.mai til 1.oktober. I følgje Bygdeavisa for Holmedal er tidsrommet i 2020 15.mai til 1.oktober. Personleg meiner eg turane godt kunne starta tidlegare på året...

Leiar i trimgruppa i AHIL, John Lien, uttalar til Bygdeavisa at det var 141 personar som tok alle 10 postane i 2019. Det brukar elles å vere 5-6000 registrerte besøk på titurane.. Trimgruppa har neste år ambisjonar om å få nye og fleire folk ut på tur. Og få folk til å besøkje nye turområde. Neste år kjem dessutan dagsturhyttene til som postar òg. Ein håpar at dette kan verke som ein ekstra stimuli for å få folk ut på tur. Hyttene har til denne tid fått fabelaktig respons. Neste år blir premieringa betre for dei som tek alle 10 postane. 

Info om Bygdeavisene for Dalsfjordområdet finn du her.  

TiTur Dalsfjorden er i regi av Indre Sunnfjord turlag i samarbeid med turlaga i Askvoll og Fjaler. 

Eg kjem tilbake med meir info på bloggen når Fjaler har fått sine turpostar på plass for neste år.


Topp turmål i jula

Svanøya fremst

Stongfjorden

Moldura, Kalderasnipene og Dokka
Follevåg t.h.
Siste dagane har eg drege på meg ein forkjølelse. Litt kjedeleg til jul, men ikkje verre enn at eg gjekk meg ein standard trimtur på Høgeheia rundt lunsjtider i dag. Ein trilletur med yngste barnebarnet til Olaug måtte gjerast unna først. Klokka 8.30 og bèkmørkt etter vegen til Stongfjorden! Godt sola snur. Jammen fort mørkt og seint lyst på denne tid. Spesielt når snøen manglar. 

På Høgeheia i dag var det nesten som tidleg vår. 10 plussgrader, fønvind frå søraust og ikkje ein snøflekk. Som nemnt hin dagen - topp turmål for liten og stor i jula. 


fredag 20. desember 2019

Brendeheiknappen


Eg ser at Brendeheiknappen i Fossedalen er lagt opp som ny post på TiTur Dalsfjorden i 2020. Det er tidlegare både rydda og DNT-merka sti hit frå Otterstein. Som ei lita julehelsing sett eg difor i hop nokre bilder her i frå i dag. God Jul!


Highlights 2019 Nature


Med ein liten kavalkade naturbilder i året som har gått, ynskjer eg familie, vener, følgjarar og alle andre ei retteleg God Jul!  

💖🎄🎅

Musikk: 
My Train's A Comin'

onsdag 18. desember 2019

Snøfritt

Holevika i dag

Dagens selfie

Snøfritt på Høgeheia

Mot Granesundet og Eimind i sør

For den som ikkje er så glad i verken ski eller snø kan eg rapportere om flotte og snøfrie forhold på Høgeheia. Litt vått etter alt regnet då, men akkurat det må ein no rekne med på denne tid. Det er berre å finne fram fjellskoa. I dag tidleg var det både opplett og nesten vindstille her oppe i tillegg. Flott trimtur. Absolutt å anbefale når alle helgedagane no nærmar seg. 


mandag 16. desember 2019

Håp i hangande snøre

Det klårna opp på veg heim att i dag

og om litt snur sola...


Øs, pøs regnvèr i dag tidleg med sludd og snø oppe i fjellsidene baud ikkje akkurat opp til fjelldans... Nei, i staden vart det ei handlerunde og litt heimesysler. Og ein joggetur på Solsidevegen til Blomberg og heim igjen før det vart mørkt. 

Etter ei nokså våt regnbyge undervegs. og kliss, klass, klårna det jammen opp på veg ut att vegen til Yndestad. Ja, ho er no der - sola. Bak skyene iallefall. Og snart kjem ho sterkt tilbake. Får vi tru. Uansett blir det tidleg sommar på Rhodos. Iallefall. 

Offentlege videoar

Hugs at du finn alle mine offentlege videoar under "Videochannel i høgremenyen" her på bloggen. Enkelte videoar ligg skjult av omsyn til personvern eller av andre ynskje. For ordensskuld er bloggen og videokanalen min berre ei hobbysak. Dette til info. 


søndag 15. desember 2019

Ei kule kaldt

Toreheia

Panorama Stongfjorden i dag

Sol over Størdalsstauren
Moldura t.v.

Heime igjen

Ja, på fjella på nordsida av Stongfjorden er det vèrhardt. Og etter stormkasta tidleg i veka var mesteparten av snøen her oppe blåst på Stavfjorden. Så det gjekk lett og greitt å gå på Toreheia i dag tidleg. 

Eg fekk på meg ei lita snøbyge oppe på toppen, og då forsvann mykje av utsikta. Men på veg ned igjen over Yndestadhøgeheia letta det opp. Eg såg faktisk i sola i sør. Noko levande såg eg derimot ikkje. Anna enn spora. Av rev, hare og hjort. Fin trimtur!



lørdag 14. desember 2019

Julekonsert i Holmedal kyrkje

Holmedal kyrkje


Erlend Ona Gjul leia julekonserten i Holmedal kyrkje i kveld

Fantastisk flott julekonsert i Holmedal kyrkje i kveld. Leia av Erlend Ona Gjul. Og med eit rikhaldig program. 

Kyrkja var stappfull som før om åra. Ein flott tradisjon som verkeleg gir ei god kjensle til jul. 

Takk igjen for ei veldig kjekk oppleving! 

(Foto og videolink under)














Eit slit

Størdalsstauren i dag tidleg

Skålefjellet t.v, Moldura t.h.

Størdalsstauren


Eg måtte melde pass på veg til Moldura i dag tidleg. Oppe i Langedalen. Nok fekk vere nok. I dei bratte bakkane med sigesnø, og tildels skare på som ikkje heldt tyngda mi, vart det frykteleg tungt. Mogeleg dagsforma ikkje vart heilt på topp heller. Og når det så bles ein god søraust kuling, som ikkje akkurat var av det varme slaget, var det ikkje noko stas å halde fram. (På Moldura har eg no vore mange nok gonger frå før...). Nei, i staden greidde eg å kare meg vest til trimposten på Størdalsstauren. Ikkje det at det bles noko mindre her ute, snarare tvert i mot, men det vart monaleg meir kupert å gå vestover enn oppover. Det var no elles for gale å berre snu og gå ned att same vegen òg - utan å ha noko å vise for seg.... 😊 Men neste gong trur eg trugane får bli med...

Vel, vel det er ikkje alltid ein når den toppen ein hadde tenkt. Men då gjer det no godt med ein annan. Alt er jo relativt her i livet... Anten det er no so eller so. 


fredag 13. desember 2019

Highlights 2019 People


Nokre bilder av familie, kjentfolk og tilstellingar i året som har gått.

onsdag 11. desember 2019

Solsidevegen

Frå Solsidevegen 

Det har vore myke vèr dei siste dagane. Framleis ular vinden oppe i Yndestadhøgeheia. Eit sikkert teikn på at det ikkje er verandes oppe i fjellet... 

Eg går nok ikkje til fjells i alt slags vèr lenger. For det meste. Før kravde jo fjelltrimmen sitt. Eg måtte avgarde. Uansett. For poenga sin del. Og det er jo ei erfaring å krype på alle fire for å få tak i trimboka på vardane! Gjerne i mørkna med hovudlykt. Eller åleine på vinterturane på blåisen oppe i Eitrenipa... Men som han sa fyren - det er no måte og skil på alt... I dag tenkjer eg nok litt annleis enn då det stod på som verst. Det er visst noko som heiter å kome til års sjel og alder...😊 

I staden er faktisk Solsidevegen eit trimalternativ. I god fart til endes kjem ein ned ovanfor demma. Og så kan eg springe heim igjen. Fin trim det. Halvannan time eller så. Ja, og så er det bok til å skrive seg inn i òg. I nøden spiser fanden fluer. Eg har hatt meg nokre turar inn der denne veka. Kanskje litt urettferdig for Solsidevegen sin del - at eg berre går han når vèret er på det mest elendige - for ruta ber jo egentleg namnet sitt med rette. Eg får ha det i bakhovudet til ein annan gong...😊




mandag 9. desember 2019

Desember på Bakkefjellet




Frisk før-lunsjtur på Bakkefjellet i dag. Og heldig med opplett og sol på toppen. For då eg kom ned igjen til vassverket etter endt tur snudde det til ein skikkeleg snøkave. 

Elles bles det friskt der oppe. Og med eit par minusgrader i tillegg, svei det godt i kjakane.... Greitt å ta seg opp. Noko snø oppe mot toppen. Men no med nytrakka spor. Broddane brukte eg ikkje.