lørdag 10. november 2018

Vindfullt

Stavestranda ved Førdefjorden nede  t.h.

Det var ein temmeleg vindfull tur frå Vågane i dag. Ruta gjekk vestover som de ser på linken inn under. Ein tur eg likar veldig godt. Egentleg akkurat passeleg lang. Returen gjekk ned Selda, og rett og til døra heime. Slepp å reise land og strand rundt for ein fjelltur. 

Litt morgonsol ved Ytrevågefjellet forsvann i skyer frå sør. Men det heldt seg opplett. Så mykje er det vel ikkje å skrive heim om. For eg så verken fugl eller fisk. For å seie det på den måten. Ja, ikkje før eg kom ned om Rinda, hesten heime igjen, då eg fekk meg ein kjekk prat med eit par som har hytte på motsett side av fjorden. Dei visste ganske så mykje om fjell og ruter her ute. Sogningar som dei er. Vi får sjå om det kan lage seg med ein tur i lag ein gong. Som pensjonist til sommaren får eg no god tid...😎👴

Ruta frå Vågane over Ytrevågefjellet, Toreheia og Yndestadhøgeheia til Yndestad



Ingen kommentarer: