søndag 4. november 2018

Tøff frue

Dagens forblåste par på Ytrevågefjellet

Toreheia frå aust
Vindfullt og vilt på Ytrevågefjellet i dag tidleg

Osland

Ja, jammen var Olaug ganske tøff som vart med på Ytrevågefjellet i dag tidleg. Det bles ganske kraftig med storm i kasta. I tillegg regna det. Så vind og regn blir vassrett regn. Til tider midt i fleisen. Når det så var hagl i det òg, var forholda ganske rufsete. 

Opp kom vi. Ned igjen òg på det våte og sleipe underlaget. Så fort vi kunne. Beste kjensla kom likevel sigande med det varme vatnet i dusjen heime. Ein kjenner seg i grunn litt vèl etter ein fjelltur. Om forholda er aldri så tøffe der oppe. Det gjeld berre å ha guts til å kome seg utom nòva...

Ingen kommentarer: