søndag 25. november 2018

Nydeleg i Holmedalsfjella

Stølsfolk på Bakkestølen i dag,
Håkon Hatlevoll, Kjerstin Helle og Randi Hatlevoll

Holmedal i tidleg morgonsol

Dalsfjorden mot Dale i Sunnfjord

I dag gjekk eg meg ei fantastisk runde i Holmedalsfjella. Først opp på Bakkefjellet, Blåfjellssåta og Blåfjellet for deretter å gå aust til Smørskornova i Rivedal og vest til Hekkelfjellet. Så sør til Bakkestølen, Kleppenesstølen/Bogestølen, og ned til vassverket i Holmedal der bilen stod. Ein suveren tur. 

Det var eit par minusgrader då eg starta på morgonen. Sola som eg hadde mesteparten av dagen hèta likevel bra. Issvullane som ligg i terrenget her og der må ein sjølvsagt vere litt obs på. Med erfaring korleis det er å gå gjennom isen i fjellvatn, tok eg det i meg å gå over Langevatnet mellom Smørskornova og Hekkelfjellet. Dei 10 minutt lenger dette tok betydde no lite likevel....

Noko liv er det ikkje i fjellet no. Veldig stilt. Men nokre kvitkledde ryper flaksa opp frå det brune terrenget. Rett nok var det ein del is der dei trykte, men likevel er fuglane som no har skifta til vinterfjør veldig utsette for predatorar. Og dei veit vi rypa har mange av. Dei "håpar" nok på snø! 

Elles traff eg folk på Bakkestølen. Ja eg såg det rauk frå ei sels-pipe oppe frå fjellet. Håkon og Randi Hatlevoll og Kjerstin Helle kosa seg i sola. Vi slo av ein god prat. Men eg hadde brukt  meir tid enn pårekna, så det var greitt å kome seg heim til middag. Dei sov då eg reiste heime i frå... 

Bilda fortel vel sitt for ein flott dag dette var. Vi er heldige som har ein så utruleg flott natur rundt oss. 






Foto Bakkefjellet Blåfjellssåta Blåfjellet Smørskornova Hekkelfjellet 251118

GPS tracker


Ingen kommentarer: