søndag 11. november 2018

Minnerik dato

Neset

Yndestad frå Størdalsstauren



I skiftande lys dukka Alden opp 

Regnboge over Askrova
GPS trackeren vart sett på oppe i lia
(lett å gløymre...)

Datoen 11.11 er ein dato eg hugsar frå Moldura. Når datoen til og med var 11.11.11 sit den godt i minnet. Kva var meir naturleg då at det var opp hit eg skulle gå frå Neset i dag. Den gamle gode ruta frå fjord til fjell. 

Vèret var bra. Det heldt seg stort sett opplett, men med ein liten regnskur på toppen. Sidan lyset var så skiftande venta eg ut regnet. Og etter nokre minuttar klårna det faktisk bra opp. (Sjå bilder) Eg bestemte meg difor for å gå utom Størdalsstauren og returnere den vegen til Neset. 

Sjølve turen er kanskje ikkje så mykje å skrive om. Det var litt blautt oppover. Og det einaste teiknet til liv eg såg på heile turen var ein orrfugl som flaug opp nede i lia på veg heim att. Ja, fjellet i seg sjølv ligg ganske daudt no. Slik er det med årstidene.

Ingen kommentarer: