lørdag 24. november 2018

I leikegrinda mi


I dag gjekk eg turen Toreheia og aust til Ytrevågefjellet. Standardturen motsett veg. I fantastisk ver og sol, sol og atter sol. Nydeleg tur i leikegrinda mi. Det gjorde godt etter ei travel veke. Ei veke som toppa seg på Åmot gard i går kveld då vi takka av ein kollega på jobb.  

No var det ikkje akkurat denne turen eg hadde tenkt meg i dag. Men heller i Dalsfjordområdet. Vi får sjå kva respons kroppen gir i morgon. 

Ingen kommentarer: