lørdag 17. november 2018

Everest









Fjorden filmklubb hadde gjort eit varp ved å få Stein P. Aasheim til bygda og fortelje om Mount Everest ekspedisjonen deira i 1985. Ei stor norske hending med massiv dekning i media. Dette var den første norske ekspedisjonen hit. Dei hadde hellet med seg og nådde toppen. Vi fekk sjå og høyre innslag mellom anna i Dagsrevyen. Heim igjen på norske jord vart dei folkeheltar, og fekk oppleve å drikke sherry med kong Olav på slottet. 

Sjølve filmen Everest er basert på boka "Into thin air" av John Krakenauer. Ei gripande historie om ein tragisk ekspedisjon på verdas høgste fjell. Ein sterk og realistisk film i følge Aasheim. Det vart høve til å stille spørsmål etter filmen. Ein fin kveld på Fjorden filmklubb.

Ingen kommentarer: