torsdag 22. november 2018

Ei overrasking






Høgeheia onsdag
Eg hadde ei seinvakt på jobb i går. Som eit eingongstilfelle. Så då fekk eg ein anledning til å ta meg ein tur på Furefjellet og Høgeheia vest mot havet. Det er noko eiga og fritt med å gå denne turen synest eg. Det er ikkje av dei høgste fjella i kommunen, men det er vel ikkje det det kjem an på. Eg likar best å gå der eg likar. Uavhengig av trimpostar og høgde. Og på denne tid av året har turval mykje å seie med kvar ein finn optimalt med sol, vindretningar, skodde o.a  På Stavenesodden er det mykje sol. I går var det i tillegg vindstille. 

Bilda fortel vel sitt. Ein nydeleg dag. Og så kvapp eg godt av to villsauer som brått dukka opp framfor meg over ein liten bakketopp. Dei sprang som dei var galne. Men eg fekk likevel inn eit skot medan dei summa seg av overraskinga. Flott tur. Og så var det jobb...😊

Ingen kommentarer: