onsdag 19. september 2018

Fjelltrimmen 2019




Frå Mountains in Askvoll.

Vedlagt nokre haustbilder frå Moldura og ruta frå nord. Fleire Bilder på YouTube

Og så er Moldura tilbake på fjelltrimprogrammet for komande sesong. Boka blir lagt ut første helga i oktober. I år har fjellet vore del av programmet på TiTur Dalsfjorden. Og det har kome rapportar på at mange har besøkt fjellet i sommar. John Lien har gjort ein kjempejobb med merking frå vassverket i Holmedal. Både opp ura på framsida og opp ved "sendaren" på vestsida.

Moldura er eitt av fjella underteikna har gått mykje på opp gjennom åra. Fjellet er tilgjengeleg frå "alle" kantar. Frå Størdalen i vest, gjennom Fagredalen i aust og frå Stongfjorden i nord, anten via Gjerdedalen eller Neset. Du kan òg gå via Størdalsstauren i nordvest. Mange vegar til Rom med andre ord. Personleg likar eg best kombinasjonsruter der eg byter på ruter opp og ned.

Sjølv om dei aller fleste vil gå frå Holmedal, er ruta frå Neset i Stongfjorden i nord minst like flott. Her i frå har du nydeleg utsikt til havet og øyriket både i Florø og Askvoll. Også til Førdefjordsia og Osland og Skålefjellet. Og sjølvsagt Stongfjorden. Har du ikkje prøvd denne ruta er den absolutt å anbefale. Den er dessutan godt merka av Ansgar Bjarne Høyvik og underteikna. 







Ingen kommentarer: