søndag 3. juni 2018

Route 2

Sauen i Holmedalsfjella bryr seg lite om klokka...


I dag gjekk eg den andre ruta frå Stongfjorden til Holmedal (sjå gårsdagen). Med start ved den gamle fotballbana i Gjerdedalen, opp Brekka og til Skålefjellet. Deretter beint sør over fjella til Hekkelfjellet, som er trimpost på fjelltrimmen i år, og via Bakkestølen og Kleppenes/Bogestølen til vassverket i Holmedal. Slik at eg enda opp på same plassen som i går, men då via Neset og Moldura. 

Føremiddagen tok eg likevel heime. Med framleis forkjøling i kroppen, trong eg eit par, tre timar på altanen, før eg kjende at forma var nokolunde. Det er vel heller ikkje til å legge skjul på at di eldre ein blir di lenger tid treng ein til å ta seg att frå dagen før. 

Oppe i Brekka tok eg att Kjell og Tordis. Dei hadde òg Hekkelfjellet som mål. Men dei skulle gå ruta via Mannskaret. Vi veksla nokre passiarar i lag oppover, før eg gjekk opp over hammaren ved første elva med Skålefjellet som delmål. 


Stongfjorden frå Skålefjellet i dag

Turen vidare opp og sørover til Hekkefjellet gjekk heilt piano. Halveges springande då. Det var eit litt kaldare drag i lufta i dag enn i går. Men du verda kor nydeleg det var her oppe på dette partiet med smeltande snø, speglande sol i blått vatn frå ein knallblå himmel. Kan ein ha det betre enn å fare i berre shortsen over fjell og finne i strålande førsommarvèr? Det er iallefall noko som skjer kroppsleg og med sinnet slike dagar. 

Bakkestølen

Kleppenes/Bogestølen

Jo, jo eg kjenner klisjèane. Ro i sjela. Eg veit ikkje. Det er mange som seier dei finn ro i sjela der dei hastar seg vidare. Men kanskje er det akkurat det motsette som skjer? Di meir ein skundar seg for å nå over di meir uroleg blir ein i kroppen. Som pensjonist om eit års tid har eg iallefall sett meg som mål om ikkje å skunde meg. Heller la humla suse, ligge i lyngen og gi katten i klokka... Det er iallefall målet. Om eg klarar det veit eg ikkje, Det kan bli vanskeleg når klokka har styrt det meste av mitt 60-årige liv. Klokka er så inn i granskauen innpoda i alt vi gjer. Ro i sjela. Då klokka klang så fort vi sprang. Nei, pensjonist Gustav har iallefall tenkt å gje mest mogeleg katten i klokka. Trur eg finn meir ro i sjela då enn å skulle nå høgst og lengst på kortast mogeleg tid. Det har eg sjølv prøvd nok. Men det er ikkje sikkert det gjer seg like godt på bloggen og sikkert drepen på Facebook. Det får heller vere....

Vel, vel det var dagens filosofiske betraktning. 

Tilbake til turen, så kryssa eg stien frå Siklabergvatna til Svelia og gjekk opp på Hekkelfjellet frå nordaust sida. Kanskje ikkje så mange som går akkurat her. Men denne ruta er heit super når du kjem frå nord og skal mot Holmedal-sida. Deretter gjekk eg sørover den merka løypa forbi stølane og til vassverket. Sidan Peter nyleg tok lappen, er han lett å be til køyroppdrag. Han henta meg gladeleg heim igjen. Nok ein nydeleg tur!  




Ingen kommentarer: