fredag 1. juni 2018

Lyst på TiTur topp?

Vi går opp her i frå Neset i Stongfjorden


Som vi veit startar TiTur Dalsfjorden opp denne helga. Ein av toppane på årets program er mitt kjære og velkjende fjell Moldura. For å seie det slik så kan eg Moldura.

I det høve blir broder Sillan med på ein litt meir utradisjonell veg opp i morgon tidleg. Nemleg frå Stongfjorden. Etter mitt syn er dette ein minst like flott tur på Moldura som frå Holmedal. 

Eg hentar difor Sillan ved vassverket i Holmedal i morgon klokka 08.00, slik at han får sitte på til Stongfjorden, og så går vi opp den vegen. Vi toppar så ut Moldura og hamnar ved vassverket i Holmedal etterpå. Turen er ikkje spesielt krevjande og tek 4-5 timar alt etter som. 

Har du lyst å vere med så har Sillan plass i bilen frå Dale. Blir de fleire får vi ta organiseringa deretter. PM meg på Messenger eller SMS 97169357. 


Ingen kommentarer: