lørdag 30. juni 2018

Sommarglede

Framleis ligg denne store snøfonna på nordsida av Stordalsfjellet

Ved Stordalsfjelet

Frå Portafjellet
Elva i Porten

I dag gjekk eg den flotte rundturen frå Vågeskardet og over Indrevågefjellet, Middagsnipa og mot Kvamsnipa. Kryssa så ned i Norddalen og opp fjellet til Stordalsfjellet og Portafjellet. Returen ned i Porten og til Oslandsbotnen. Så spaserturen til Osland etter bilen. (Sjå kart). Trackeren viste 4 timar 44 minutt. 

Berga opp frå Norddalen og Norddalstjerna er særmerkte og flotte. Glatt berg av konglomerat. Omlag heilt utan vegetasjon (sjå bilder og video). Eg gløymer aldri kor paff eg vart første gongen eg kom her. Det er berre ryggen på Fossedalshengenipa og Nordre Kringla som kan samanliknast med dette her ute. 

Dei flotte berga på sørsida av Norddalen
(som ligg bratt ned under marka på bildet)



Elles var to par heilo på plass innover mot Middagsnipa. Kyllingane er nok for små til å flyge endå. Ei rypemor streva fælt med å få meg vekk òg. Elles ein god del heipiplerke å sjå. 

Blåbæra ser ut til å få ein trasig sesong. Litt kart av molte enkelte plasser. Men landskapet ber framleis preg av mangel på nedbør i sommar. Vekksvidd. Rett og slett. Men godt grønt i høgda. Sauene såg iallefall ut til å trivast oppe ved Stordalsfjellet. 









mandag 25. juni 2018

Hundepassar

Motiv frå Stongfjorden.
Foto frå FV609

Allmuen i Dale i Sunnfjord




Det vart ikkje nokon fjelltur i helga. Veret var begredeleg med skodde, yr og regn. Når eg så i tillegg var hundepassar, vart det heller eit par turar i låglandet. Langs Solsidevegen til demma, og til Osland og heim igjen. Greitt nok for å halde kroppen i gang. 

Eg fekk besøk av hunden Mello lørdagsmorgonen. Han er av spansk herkomst. Han er hunden til Miriam, Håvard og ungane. Dei skulle til Bergen i 30 års lag til Torbjørn og Ingrid Anita. Når så Olaug allereie var i Bergen for å passe ungane når dei kom til Marie, og Peter var i Bergen òg - ja så vart eg att som hundepassar i helga. Kjekt det. Fotball og hundeliv. Passa no egentleg ganske fint når vèret var som det var. 

Mello er ein spesiell hund. Litt skjer av seg må seiast. Når han startar å bjeffe i stova på ei svarttrast som sit på straumlinja utanfor huset, ja, så er sikkert dette eit bevis for akkurat det. Alt nytt er visst skummelt. Ikkje minst lydar. Kanskje eit teikn på ein heller dårleg barndom? Vel, nokon hundekjennar er eg ikkje. Men hundar er sikkert ikkje så forskjellige frå oss menneske. Barndomen føl oss resten av livet. Hunden må nok ha kome til himmelen her i Stongfjorden. Og når sant skal seiast såg eg mitt snitt til å skjemma han litt vekk òg. Han fekk kose i sofaen og sove på brystet mitt, for fotball var ikkje så interessant. Rindalspølse og skive med baconost var svære greier. Men jammen nekta han å gå tur i regnvèret søndags-morgonen - eg måtte vente eit par timar før han kom på andre tankar. Eg fekk han så vidt til å slå lens før han ville inn att... Ja, Mello er ein fin og spesiell hund. Gjensynsgleda då matmor Miriam kom og henta han var likevel ikkje til å ta feil av. Her spelte eg annanfiolin. Trøsta får vere at han hugsar meg neste gong livet kryssar våre vegar. Rindalspølse er vel ikkje kvardagskost for ein hund...😍

Mello

Ein tur til Dale fekk eg likevel tid til lørdags-føremiddagen. Allmuen og skillingsbollar tredje helga på rad. Her traff eg Rolf og Mia, gamle kjenningar, med to barnebarn.  Så vi vart pratande ei god stund over eit par koppar kaffi. Ikkje minst gjekk praten om merking av turstiar og Fossedalen. No har vi ting på gang. Om eit års tid er eg også pensjonist, så då må eg ha fornuftige prosjekt å bale med. Akkurat dette skal eg kome tilbake til. 




søndag 17. juni 2018

Brått slo vèret om...

Vèret slo om til både regn og vind...

Utsikt frå Middagsnipa

Middagsnipa 170618

Endeleg var det litt liv å sjå i fjellet. For etter ein rask tur inn på Middagsnipa i dag tidleg var det komne sauer på beite heilt oppe på fjellet over Osland. Det er bra med gras her oppe no. Litt vekksvidd er det somme plassar, men dette tek seg vel fort opp att. 

Fugl var her òg. Opptil fleire å registrere i dag. Rype, heipiplerke, ringtrast, steinskvett og heilo. Kjekt å observere litt fugl. 

Eg lurte egentleg på å gå inn mot Kvamsnipa, krysse Norddalen. for så å gå over Stordalsfjellet og Portafjellet ned att i Oslandsbotnen. Men trur du ikkje det slo til med regn og vind. Det var eg ikkje heilt førebudd på, så eg sprang like godt heim igjen. Trimmen var likevel i boks.

Ein heilo føl nøye med ..





Hornmusikk og skillingsbollar
















Eg tok turen til Dale igjen i dag. Til stamkafèen Allmuen. Må jo trene på å bli pensjonist om eit års tid... Nyte eit rolegare tilvære og sosialisere med folk. Og ikkje minst få treffe mor mi som er still going strong. Eg har vakse opp med skillingsbollar på trapp i Dalstunet. Ei tid eg ser tilbake på med gode kjensler. Difor er det alltid godt å kome inn att hit. 

Allmuen er på ein måte gamle Thomassen. Det ligg i same bygget som det gamle bakeriet. Det var her vi fekk kjøpe ferske brød og nysteikte skillingsbollar. Edith og Erling var alltid på plass med dagens godbitar. På ein måte er eg vaksen opp med skillingsbollar. På trapp ved det gamle Skaarhuset sommarsdagen. Om ikkje bollane nett smakar som i gamle dagar, så er det med same kjensla eg et dei 

Vi er jo kjenslemennesker vi i Skaar-familien. Som visst sagt rundt eit lunsjbord på kommunen hin dagen òg.... i høve salet av Skaarhuset i Dalstunet. (Varme kjensler er viktige dei). Det er rett at i somme hus sit sjela att i veggen. Slikt kan ei ikkje kjøpe for pengar. Men eit hus er no ein gong eit hus. Enkelte folk vil gjerne eige fleire. Men ein får verken hus, pengar eller folk med seg i grava. I likskjorta er det som vi veit ikkje lommar.... Sjela derimot er det plass til.






Ein annan grunn til at eg reiste innover i dag var at Dale Musikkorps skulle ta sommarferie og hadde songavslutning på Coop`en. No vart det så bra vèr at konserten gjekk utandørs. Det var flott. For når sant skal seiast er vel ikkje Coop`en nett bygd for musikk innandørs. For å seie det på den måten. Lyden kjem ikkje heilt til sin rett her inne. Og så er det sjølvsagt kjekkast å oppleve musikk utandørs sommarsdagen. 

Som vanleg leverte musikkorpset varene (som det heiter på klisjèspråket). Eg set stor pris på hornmusikk med mange musikantar involverte. Kjekt å sjå at det gror blant dei heilt unge i laget. Dei fekk sine eigne framføringar. Truleg sluttar Ole Jakob Nedrebø som dirigent etter denne sesongen. Men kjem kanskje att som musikar. No skal musikkorpset i vesterled til England. Vi ynskjer dei ein god tur. 


Ole Jakob Nedrebø


Oldtimer Jon Jorde var på plass etter å ha gitt seg i laget no.
Jon sitt liv i Dale Hornmusikk kan det skrivast bok om.
Ingrid Anita og Olaug var òg i Dale

Videosnuttar og bilder frå mobil kan du sjå i samlelinken under. Nok ein kjekk Daletur dette. Og som vanleg starta sola å skine igjen då musikklaget tona inn....


søndag 10. juni 2018

Tørt som ein ørken

Mykje flott myrull å sjå om dagen

Mangevatn ser ut som dei er regulerte til kraftutbygging

Jadda, dagens selfie....
Mangevatna frå vest

Eg hadde meg ei runde opp på fjellet her heime i ettermiddag. Og eg må seie at det nesten er sjokkerande kor tørt det er. Det var så vidt det var vatn i Rindaelva - ei elv som til tider er svær. Mangevatna såg nærast ut til å vere regulerte. Det gjekk an å gå mellom vatna. Heilt utruleg. Mold og røsslyng har nærast reist seg opp i kantane frå berga. Ja, no skrik naturen etter vatn.  Ein snakkar ofte om manns minne - kor lenge det er kan ein no diskutere, men eg trur neppe eg har opplevd slik tørke før. Iallefall har eg aldri sett Rindaelva som i dag. 

Elles fin og rask 2 timars trimtur i joggeesko. Eit skydekke og litt nordatrekk gjorde det kaldt ute på Blåfjellet, så eg halvveges sprang heim igjen i dusjen. 



Foto Skylefjellet Blåfjellet i Grimeli 100618


lørdag 9. juni 2018

Glade Juni


Dagens Selfie på Kringla
I dag gjekk eg den fantastisk flotte turen frå Markavatnet i Skjerlia til Leknesvatna. Vidare der i frå opp på Eitrenipa. Så sørover til Nordre og Søndre Kringla og via Øvre Fossedalen og vestre delen av Fossedalsvatnet til Nedre Fossedal. Deretter til Fossevikja og Otterstein. 5 timar og 26 minutt tok turen. Inkludert eit par, tre drikkpausar. 

Eg starta tidleg og køyrde heime i frå som eg brukar når eg skal på arbeid, i 06.30 tida. Eg måtte gjere eit stopp ved Øyravatnet. Eitrenipa er alltid så vakker her i frå ein tidleg morgon. Så parkerte eg ved kraftstasjonen ved Markavatnet, gjekk opp kraftvegen, vidare over hamrane under og ved Eitrefossen. 


Mykje myrull ved stien til Nipebu

Vel, hadde det ikkje vore for kraftutbygginga hadde det nok neppe vore liv i fossane i det heile slik mai og juni har vore vèrmessig. SFE (Sogn og Fjordane Energi) er pålagde å ha ei minstevassføring i vassdraget om sommaren. Så Bjørnastigvatnet, som er den inste delen av vassdraget i kraftutbygginga, er monaleg nedtappa etter kvart. Ikkje så gale som Markavatnet då. Det såg ille ut (sjå foto). 


Utsikt mot Øyravatnet og øyriket ved Florø

Morgonstemning ved Øyravatnet.
Eitrenipa i midten.


Morgonen var perfekt. Austover langs Leknesvatna i rein idyll. Eitt av dei desidert flottaste turområda i kommunen. Vatna låg krystallklåre i morgonsola. Ikkje ein lyd var å høyre. Fantastisk. 

Utløpet mot Eitrefossen

Ved elva mellom Leknesvatna

Eitrenipa og Leknesvatna

Eg gjekk på dei første sauene for dagen oppe i bakkane mot Eitrenipa. Dei var heilt tamme. Det same var dei på hi sida av fjellet. Ein heil flokk var samla på begge sider av toppen. Fotogene var dei òg.


Det er sjeldan det er så vindstille på Eitrenipa som i dag. Til og med fjellbrisen mangla. Eg var sveittevåt med berre ein singlet på overkroppen i tillegg til shorts. Og klokka var ikkje meir enn 08.30. Resten av dagen gjekk eg med bar overkropp. 




Utsikta frå Eitrenipa er truleg den flottaste i heile kommunen.
Her mot vest.

Så følgde berg og dalbana. Først ned i skaret mot Nordre Kringla. Kryssa så DNT ruta mellom Massbu og Nipebu i botnen, og klauv opp berga på Nordre Kringla. Jammen var det varmt i sola. Berga var knusktørre. Perfekt for mine Inov8 fjell-joggesko. Eg sat som smurt på berga. Både opp og ned. Bratte var dei òg.

Deretter ned i skaret mellom Nordre og Søndre Kringla, og same procedure opp på Søndre som Nordre. Her måtte eg bort på spissen i vest og ta opp ein videosnutt. Eg tok ein ny ein på søraust sida av toppen. Utsikta mot Dalsfjorden og Dale er like fantastisk å oppleve kvar gong eg er her.







Turen ned skåra av Søndre Kringla gjekk heilt problemfritt. Snøen er no vekke. Elles kan snøen ligge lenge akkurat her. På vårparten, på hard og skrånande snø, kan dette partiet vere fårleg. Det er rett utfor svaene av fjellet. Men no kan folk trygt ta turen.

Dale frå Søndre Kringla i dag

Så var det Øvre Fossedalen som stod for tur. Det ser ut for å ha blitt utført mykje restaureringsarbeid med sele. Det austre nymåla med ny kledning. Eg såg ikkje folk då eg gjekk forbi. Men haspa for eine døra var opa. Ei stund etterpå fekk eg frå vestsida av vatnet auge på to personar som kom gåande opp bakken. Mogeleg dette var eigarane som hadde hatt seg eit morgonbad...



Langs Fossedalsvatnet fekk eg følgje av ein horde med fluger. I tillegg beit kleggen som fy. Elvane og myrane var knusktørre. Og sola steikte. Ein liten nordabris kom meg til unnsetning.



Øvre Fossedal med Eitrenipa og Nordre Kringla

Ved vassenden var det nesten ikkje liv i elva til Nedre Fossedal. Eg hoppa glatt over i joggeskoa. Eg trur knapt eg har sett vassføringa i elva og fossen så lita før. Det same galdt sjølvsagt elva lenger nede mot fjorden. 



Glasa i huset i Nedre stod opne. Putene i utestolane låg på plass. Men heller ikkje her såg eg folk. Mogeleg dei var å bada? Dei òg? Temperaturen var det iallefall ikkje noko å seie på...


Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla i dag.
Lite vatn i elva.

Nedre Fossedal i dag

Ja, så bar det til Fossevikja og Dalsfjorden. Vidare stien til Otterstein. Her treff eg alltid folk. Så også i dag. Eg sa hei til eit yngre par eg ikkje kjende. Slik er det når ein har budd vekke frå heimbygda nokre år. Mykje folk du ikkje kjenner. Og mange av dei eldre etter kvart strokne med. Naturlegvis. Eg fekk broder Sigvard til å hente meg på Otterstein. Og orka ikkje asfalten til Dale. Kaffi, skillingsbollar, sang og spel stod på programmet i Dalstunet. Akkurat som planlagt rakk eg trekkspelet til Torodd Fagerheim. 



Så kom fruen til Dale òg for å møte meg slik at eg fekk skyss heim att. Bilen i Skjerlia tok Peter og kompisane seg av... Kjekt med ein son no har lappen. 

Klokka 18 er det party i fjæra hos Sissel og Magnar for felles matykt med mange frå Stongfjorden - og song og spel. Akkurat ja - Glade Juni... 


Olaug og Tone i Dalstunet i dag





torsdag 7. juni 2018

Diverse ruter

Svortevikstølen (Krokvasstølen)

Eg har prøvd meg på ein ny GPS-tracker app på mobilen, og kopla Gpx-filene mot Fylkesatlaset. Det ser ut til å komme betre ut på bloggen enn Google Earth. Så langt som eg evnar. Under er difor nokre kart på turar som eg har gått i det siste. Det fine med desse karta er at dei kan scrollast. Det kan òg leggast på lag med interessant opplysningar om området m.a. naturkvalitetar. 

Fylkesatlaset til Fylkeskommunen er i seg sjølv veldig bra.










søndag 3. juni 2018

Route 2

Sauen i Holmedalsfjella bryr seg lite om klokka...


I dag gjekk eg den andre ruta frå Stongfjorden til Holmedal (sjå gårsdagen). Med start ved den gamle fotballbana i Gjerdedalen, opp Brekka og til Skålefjellet. Deretter beint sør over fjella til Hekkelfjellet, som er trimpost på fjelltrimmen i år, og via Bakkestølen og Kleppenes/Bogestølen til vassverket i Holmedal. Slik at eg enda opp på same plassen som i går, men då via Neset og Moldura. 

Føremiddagen tok eg likevel heime. Med framleis forkjøling i kroppen, trong eg eit par, tre timar på altanen, før eg kjende at forma var nokolunde. Det er vel heller ikkje til å legge skjul på at di eldre ein blir di lenger tid treng ein til å ta seg att frå dagen før. 

Oppe i Brekka tok eg att Kjell og Tordis. Dei hadde òg Hekkelfjellet som mål. Men dei skulle gå ruta via Mannskaret. Vi veksla nokre passiarar i lag oppover, før eg gjekk opp over hammaren ved første elva med Skålefjellet som delmål. 


Stongfjorden frå Skålefjellet i dag

Turen vidare opp og sørover til Hekkefjellet gjekk heilt piano. Halveges springande då. Det var eit litt kaldare drag i lufta i dag enn i går. Men du verda kor nydeleg det var her oppe på dette partiet med smeltande snø, speglande sol i blått vatn frå ein knallblå himmel. Kan ein ha det betre enn å fare i berre shortsen over fjell og finne i strålande førsommarvèr? Det er iallefall noko som skjer kroppsleg og med sinnet slike dagar. 

Bakkestølen

Kleppenes/Bogestølen

Jo, jo eg kjenner klisjèane. Ro i sjela. Eg veit ikkje. Det er mange som seier dei finn ro i sjela der dei hastar seg vidare. Men kanskje er det akkurat det motsette som skjer? Di meir ein skundar seg for å nå over di meir uroleg blir ein i kroppen. Som pensjonist om eit års tid har eg iallefall sett meg som mål om ikkje å skunde meg. Heller la humla suse, ligge i lyngen og gi katten i klokka... Det er iallefall målet. Om eg klarar det veit eg ikkje, Det kan bli vanskeleg når klokka har styrt det meste av mitt 60-årige liv. Klokka er så inn i granskauen innpoda i alt vi gjer. Ro i sjela. Då klokka klang så fort vi sprang. Nei, pensjonist Gustav har iallefall tenkt å gje mest mogeleg katten i klokka. Trur eg finn meir ro i sjela då enn å skulle nå høgst og lengst på kortast mogeleg tid. Det har eg sjølv prøvd nok. Men det er ikkje sikkert det gjer seg like godt på bloggen og sikkert drepen på Facebook. Det får heller vere....

Vel, vel det var dagens filosofiske betraktning. 

Tilbake til turen, så kryssa eg stien frå Siklabergvatna til Svelia og gjekk opp på Hekkelfjellet frå nordaust sida. Kanskje ikkje så mange som går akkurat her. Men denne ruta er heit super når du kjem frå nord og skal mot Holmedal-sida. Deretter gjekk eg sørover den merka løypa forbi stølane og til vassverket. Sidan Peter nyleg tok lappen, er han lett å be til køyroppdrag. Han henta meg gladeleg heim igjen. Nok ein nydeleg tur!  




lørdag 2. juni 2018

Liten hund i storslått natur

Med små føter høgt til fjells





Påfyll av energi 

Liten krabat på høgt fjell
Om det var vèret som var for fint, og temperaturen for høg, som gjorde at det vart dårleg respons på fjellturen eg annonserte  i går, veit eg ikkje. Med berre ei tilbakemelding var det visst ikkje helga for fjellturar. Kanskje sjøen og fjæra høvde betre i varmen... 

Men Sillan og eg gjekk iallefall turen frå Stongfjorden til Moldura med retur til Holmedal. Heilt fantastisk. Stilt og fint og akkurat passeleg temperatur til å gå "naken". At den vesle chihuahuaen gjennomførte turen utan problem må vel seiast å vere ganske sprekt. Han fekk leike og "borre" seg i snøflekkane som var. Rett nok litt sliten på toppen, men mat og drikke fekk han i full fres igjen. På dei korte beina. Ein imponerande hund. 

Turen elles gjekk heilt som planlagt. Vi brukte vel 4 timar med eit par gode pausar. Hjort skremde vi opp to gonger. Også ryper. Men menneska glimra med sitt fråvèr. Kjempetur!