mandag 2. april 2018

Bestefar på rumpa



I dag avslutta eg påska med ein rein heimefjells-tur på Skålefjellet. Det praktfulle fjellet som kneisar over den flotte bygda vår. 

Men for å vere ærleg kravde det sin mann. Eg heldt faktisk på å gje opp og kome meg til topps. Eg tok nemleg den lange og bratte Gjerdedalen opp. Her var snøen mange plassar vanskeleg. Det låg djupe snøfonner i dei bratte bakkane. Spesielt under tregrensa. Noko som slo fullstendig pusten ut av lungene.... Lenger oppe låg snøen frå fjellet så skummelt og bratt at eg tenkte på ras. Men skulle eg opp måtte eg forbi... No har eg snart budd 20 år i Stongfjorden, og er vel kjend i fjella her, men eg kan ikkje hugse at det har lege slike mengder snø oppe i Skålefjellstraktene før. Iallefall så langt ut på våren. 

Slitet var likevel gløymt då eg svinga opp mot Skålefjellsvatnet. Ikkje minst takka vere at eg no kom opp i sola. For på denne tid av året ligg heile Gjerdedalen i skuggen om morgonen. Sola virka nesten som eit boost på kroppen. (For dei som er kjende i Skålefjellet var det umogeleg å gå opp den raskaste og brattaste vegen ved første elva, for her låg snøen knallhard og nesten loddrett utfor hammaren. Eg tok ikkje sjansen på å gå opp her, men gjekk oppom andre elva  - skjønt elv og elv - dei var sjølvsagt ikkje å sjå). 

Dokka, Moldura, Fanafjellet etc.


Forholda under Skålefjellsvatnet og opp til toppen var berre heilt utrulege. Ikkje eit spor av menneske. Eit reint jomfrueleg landskap. Bada i tørr og fin nysnø. Som silke. Ikkje eit vindpust var å kjenne. Og sola strålte inn i jomfrudomen - og meg - berre meg. Eit knips av tid i æva og livet der og då. Eg kunne ikkje hatt det betre. Ikkje med 13 jomfruer i himmelen ein gong... 

På toppen var det komplett vindstille. Temperaturen var kanskje rundt null. Eg veit ikkje. Det betydde ingenting. Eg skifta likevel alle sveittevåte klede på overkroppen, sette meg ned ved varden og åt opp skivene mine, halve melkesjokoladen og ein neve med neter. Den kjende utsikta var fabelaktig. Som alltid. 

Opprinneleg var eg tenkt å gå sør til Hekkelfjellet og via Siklabergvatna til Mannskaret og ned att Gjerdedalen. Eller om Fanafjellet til Neset. Det var over min kapasitet i dag. Eg hadde fått nok. Både av slitet og den flotte turen. Så eg valde å gå heim att same vegen. No var forholda så perfekte for rumpeaking i fleire av bakkane at turen ned igjen gjekk rimeleg kjapt i forhold til opp. Det er noko eige å sigle bakkane på rumpa. Omlag som i kajakk. Du kjem tett på sjøen og på rumpa i snøen... og snøføyka rundt øyra. Herleg. Lått og løye. Forfriskande. Ja, om bestefar er statusen min, og dei 60 er passert, er det lite som kan måle seg med rumpeaking i tørr nysnø ned fjellsidene. Det får vere mi form for randonnè, så får andre drive med sitt... 😍






Onkelen min var ein klok mann....
Skålefjellet i bakgrunnen.



Legg inn en kommentar