mandag 30. april 2018

søndag 29. april 2018

Vellukka helgedagar

Nordeide i dag tidleg

Langs stien til Fisma
Ved Fisma


Opp skaret frå Fisma

Fismavatnet i midten
Ved Jamneheiane


Toppen

Retur ned skaret
mange elvesitler her



Gårsdagen, ja gebursdagen min, gjekk med til å vaske båten og legge på to strøk bunnsmørning. Deretter ein tur til Dale på Dansens Dag der vi fekk sjå mykje dans av unge dansarar på gamle Coop`en. Så vart det sjølvsagt ein tur på Almuen for å drikke kaffi. Med meg hadde eg Olaug, Sissel og Mamma. Olaug og Sissel køyrde ein bil sidan eg vart litt sein etter arbeidet med båten. 


Seinare på dag fekk vi besøk av Håvard og jentene. Vi åt is og drakk kaffi. Ein høveleg gebursdags-dag for ein aldrande herre....😃

I fjæra på Yndestad i går

I dag, søndag, følgde eg Olaug og Sissel på ruta Eidsvika-Fisma-Jamneheiane. Dette er ruta eg la ut nokre bilder frå på fredag på Mountains in Askvoll sida på Facebook. Ei at sidene eg driv på det mediet. 

Det var jo ein nydeleg dag i dag òg. Men jammen var det kaldt i natt. Bilane frosne ute på tunet. Vi drog frå Stongfjorden i 10-tida.  

No hadde verken Olaug eller Sissel gått denne ruta før, så dei var litt spente. Men som eg sa - det finst ikkje farleg. Heller ikkje luftig. Men litt bratt er det opp frå Fisma. Og til Fisma er det jo nesten flate vegen nordover langs Eidsfjorden. Eg synest det er kjempeflott å gå opp sjølve skaret. Sildrande småelvar langs bergveggane. Kusymrer i hopetal. Og den flotte grønfargen på dei mosekledde trea. Litt ulendt er det. Kan vel ikkje underslå det. Men du tek fort høgde. Og skal ein oppleve "noko anna" så må ein kome seg vekk frå den breie sti... Slik er det vel med alt her i livet. Om du ikkje vel å ha det A4 heile tida. 

Det er fint opp skaret frå Fisma

Etter nokre pust i bakken kom jentene seg vel opp. Eit par hjortar følgde nøye med. Kanskje litt spake etter vinteren. For det var ikkje rare farten på dei her oppe på Jamneheiane. Dei stod lenge i ro på relativt kort avstand og studerte oss. 

På toppen var det litt nordatrekk. Ganske kald i kantane. Så vi fann fram dei kleda vi hadde med oss og kledde oss litt betre. Det vart tid til litt kake, skiver og sjokolade før vi rusla ned att same vegen. No gjekk det likevel fort ned att til fjorden til Fisma. Bratt som det er ned skaret. Vi rusla så sør til Eidsvika igjen der bilen stod. Flott tur! Og jentene var vel nøgde...😊Med andre ord så var dette nok ein vellukka helgedag...

Likar dette motivet ved Eidsvika

mandag 23. april 2018

Feiring

Olaug ynskte velkomen til 70-års feiring av Kirsten 

Selskapet var i Kolstien Panorama
   
Her er Håkon og leikar i barnehagen på Sletten

Peter er stor og har store sko....

Marie og Øyvind på Sletten i går

Peter, Marie og Ingrid Anita

I helga var vi i Bergen og feira 70-års dagen til Kirsten, søster til Olaug. Vi budde i den fine, nykjøpte leiligheita til Marie og Øyvind på Sletten. Vi kom dit fredagskvelden. 

På føremiddagen lørdag reiste eg åleine til sentrum åleine for eit besøk på Japan Foto. Flott service og hjelp. Men eg klarte ikkje å bestemme meg for nytt fotoapparat denne gongen heller. Det er for mykje å velge i og for mange hensyn å ta. Shit. Men eg får berre studere vidare på nettet. Kjekt det. Elles er det underhaldande å vandre rundt i gatene i Bergen. Ta ein kopp kaffi og ein bolle her og der og studere folkelivet. Litt seinare tok eg så bybanen til Lagunen. I bakkane ovanfor på vestsida bur Torbjørn og Ingrid Anita. Her vart det full vaffelrulle.... Icenesett av Ingrid Anita. Deretter vart det besøk på Lagunen og XXL. Eg kjøpte meg eit par nye og lette fjellsko frå La Sportiva. Eit merke som passar foten min godt. Litt ny motivasjon til meg sjølv. Og så har eg gebursdag til helga...

Sjølve feiringa av Kirsten let eg liggje. Den er meir som eit privat anliggende som det heiter. Men eg kan seie så mykje at Olaug og Odd var primus motor for dette. Og Olaug ynskte velkomen..

Søndagen vart det luftetur på Sletten. Ingrid Anita, Håkon, Håvard og Miriam kom også. Vi køyrde heim igjen i 12-tida etter ei kjekk feiring og ei flott helg i Bergen. 

torsdag 19. april 2018

Tonar til Jakob Sande

Karette Stensæth har tonesett Jakob Sande dikt.
(Skjermdump frå NRK)

Høyr opptak og sjå film frå Dale i Sunnfjord til Jakob Sande sine dikt. Desse er framført av Jubelhornet i 1990 og 1994 med lokale krefter som Karette Stensæth, Ane Østby, Einy Rochlenge Bortheim og Eli Bjørhusdal. Fleire personar som er med på filmen er ikkje lenger blant oss. 

Linkane til NRK er også lagt ut på Sjølve Sunnfjord - ei Facebook side som eg driv. 


søndag 15. april 2018

Tapte minner





I dag gjekk Olaug og eg den flotte ruta frå Holevika på Staveneset til Høgeheia og vidare aust til Lia og Liavika. Deretter langs fjorden til Vågen i Grimelia. Vi sette att ein bil i Vågen før vi køyrde ein til Stavenset. Denne vandreruta er no heilt snøfri. For vi er i grunn leie snø både Olaug og eg. Vi storkosar oss utan. Og så slepp dei sundfrosne tærne frå kalde vinerturar mine fleire påminningar om iskalde fjell....

Vi hadde med både kaffi og mat. Noko vi inntok i Liavika. Denne ubebudde og veglause perla av ein gamal gard ved Stavfjorden. Så stille så stille. Berre susen av havet og elva å høyre. I tillegg til ei nyankomen linerle som song og pussa fjøyra på nausttaket. Fantastisk. Eg kjenner mange perler i kommunen. Både høge og låge, fugl og fisk... Kvar med sin sjarm. Liavika er mellom desse. Ein stad eg alltid vil kome tilbake til. 

Vågen i Grimelia

mandag 2. april 2018

Bestefar på rumpa



I dag avslutta eg påska med ein rein heimefjells-tur på Skålefjellet. Det praktfulle fjellet som kneisar over den flotte bygda vår. 

Men for å vere ærleg kravde det sin mann. Eg heldt faktisk på å gje opp og kome meg til topps. Eg tok nemleg den lange og bratte Gjerdedalen opp. Her var snøen mange plassar vanskeleg. Det låg djupe snøfonner i dei bratte bakkane. Spesielt under tregrensa. Noko som slo fullstendig pusten ut av lungene.... Lenger oppe låg snøen frå fjellet så skummelt og bratt at eg tenkte på ras. Men skulle eg opp måtte eg forbi... No har eg snart budd 20 år i Stongfjorden, og er vel kjend i fjella her, men eg kan ikkje hugse at det har lege slike mengder snø oppe i Skålefjellstraktene før. Iallefall så langt ut på våren. 

Slitet var likevel gløymt då eg svinga opp mot Skålefjellsvatnet. Ikkje minst takka vere at eg no kom opp i sola. For på denne tid av året ligg heile Gjerdedalen i skuggen om morgonen. Sola virka nesten som eit boost på kroppen. (For dei som er kjende i Skålefjellet var det umogeleg å gå opp den raskaste og brattaste vegen ved første elva, for her låg snøen knallhard og nesten loddrett utfor hammaren. Eg tok ikkje sjansen på å gå opp her, men gjekk oppom andre elva  - skjønt elv og elv - dei var sjølvsagt ikkje å sjå). 

Dokka, Moldura, Fanafjellet etc.


Forholda under Skålefjellsvatnet og opp til toppen var berre heilt utrulege. Ikkje eit spor av menneske. Eit reint jomfrueleg landskap. Bada i tørr og fin nysnø. Som silke. Ikkje eit vindpust var å kjenne. Og sola strålte inn i jomfrudomen - og meg - berre meg. Eit knips av tid i æva og livet der og då. Eg kunne ikkje hatt det betre. Ikkje med 13 jomfruer i himmelen ein gong... 

På toppen var det komplett vindstille. Temperaturen var kanskje rundt null. Eg veit ikkje. Det betydde ingenting. Eg skifta likevel alle sveittevåte klede på overkroppen, sette meg ned ved varden og åt opp skivene mine, halve melkesjokoladen og ein neve med neter. Den kjende utsikta var fabelaktig. Som alltid. 

Opprinneleg var eg tenkt å gå sør til Hekkelfjellet og via Siklabergvatna til Mannskaret og ned att Gjerdedalen. Eller om Fanafjellet til Neset. Det var over min kapasitet i dag. Eg hadde fått nok. Både av slitet og den flotte turen. Så eg valde å gå heim att same vegen. No var forholda så perfekte for rumpeaking i fleire av bakkane at turen ned igjen gjekk rimeleg kjapt i forhold til opp. Det er noko eige å sigle bakkane på rumpa. Omlag som i kajakk. Du kjem tett på sjøen og på rumpa i snøen... og snøføyka rundt øyra. Herleg. Lått og løye. Forfriskande. Ja, om bestefar er statusen min, og dei 60 er passert, er det lite som kan måle seg med rumpeaking i tørr nysnø ned fjellsidene. Det får vere mi form for randonnè, så får andre drive med sitt... 😍






Onkelen min var ein klok mann....
Skålefjellet i bakgrunnen.