torsdag 1. mars 2018

Ull på ull

Friske saker på Toreheia i dag

Heilevangstaurane, Blegja, Synste Stauren, Storehesten,
Kringlefjellet (mørk) og Eitrenipa (mørk).
Ytrevågefjellet fremst til venstre.

Skålefjellet, Svarthamrane, Moldura og Fanafjellet

Heime igjen
Eg fekk innvilga to feriedagar i det fine og kalde vèret. Så i dag gjekk turen på Toreheia på ski. 

Med minus 10 grader heime i Stongfjorden på morgonkvisten, noko som må seiast å vere ganske uvanleg her ute ved kysten, vart turen min i dag av det friske slaget. For å seie det på den måten. Lag på lag med klede måtte til. Sjølvsagt ull underst og vindtett ytst. 

Ein blir sjølvsagt litt bevegelseshemma med mykje klede på seg. Og trass alle minusgradene vart det ganske så varmt under alle laga med klede. Spesielt i dei solfylte bakkane første delen. Lenger oppe var det meir trekk, så då kom laga med klede vèl med. På toppen skifta eg likevel alt på overkroppen då eg var godt sveittevåt. 

Føreforholda var variable. Som vanleg. Skare og fòksnø om eit anna. I alle slags maleriske fasongar. Nokon spesialist på ski er eg ikkje. Slik sett har det vorte for lite skigåing dei siste åra. Det merkast fort ned igjen. Med stive anklar og såre musklar i lysken, Alderen krev nok også sitt etter kvart. Kan vel ikkje legge skjul på det. Eg renn nok ikkje så dristig som før. Noko anna er at når ein er åleine høgt til fjells i mange minusgrader er det fornuftig å tenke litt sikkerheit. Eg kom meg iallefall fint ned igjen i dei skiftande snøforholda. Litt raskare enn vanleg 😃

Frisk trimtur i nydeleg vèr.

Ingen kommentarer: