tirsdag 13. mars 2018

Svelt i hel...





Ja, slik såg det ut i Flokeneset i dag tidleg litt før 06.30. Avmagra hjortar etter ein seig vinter. I hopetal på jakt etter mat. I Gjelsvika gjekk det endå fleire. Eit par store kronhjortar. Kanskje den eine var den eine som eg såvidt unngjekk i Selvika for ein månad sia eller so. I går var det like før ein svær ein hamna på panseret mitt oppe i Flea. Det er synd i hjorten no. Han lir og svelt i hel. Eg høyrde at dei fann ein ved Ura i Stongfjorden hin dagen som dei prøvde å få gitt væske. Totalt dehydrert. 

I år har det vore heile sværmar med gråtrast som har overvintra. Ganske uvanleg. Spesielt utover mot Staveneset har det vore store flokkar. Eg såg ingenting til dei hin dagen. Vi får berre håpe at ikkje alle har stroke med. Det er ikkje mat på beinfrosne bøar.

Nei, no er det på tide med litt vår og sol i bakkane. På turen langs Solsidevegen i Stongfjorden på søndag dukka den første vesle hoggormen opp. Så det blir nok vår i år òg.... For mennesker og dyr.


Ingen kommentarer: