søndag 11. mars 2018

Peter 18 år

Håvard, Torbjørn og Peter i går


Høgeheia i dag tidleg

Granesundet
Det har vore folksomt hjå oss i dag. Peter er 18 år i morgon, så ein del av familien har vore tilstades for å feire guten. Med Torbjørn, Ingrid Anita og Håkon på helgabesøk frå før, vart etterkvart stova lita. Men du verda kor kjekt det er å få besøk frå nær og kjær.
Dagens Alden

Likevel fekk eg med meg ein trimtur på Høgeheia på morgonen i dag. Med litt sur søraust vind og delvis skya vèr, vart det berre ein rask tur opp og ned igjen. 

Det var kome ein del nysnø der oppe sidan forrige helg. Men no har eg trakka nytt spor opp for den som vil ta turen. Det ser nemleg ut til at vi får litt fint vèr igjen. Og Høgeheia er som før nemnt eit flott trimmål etter vinteren. Du treng ikkje styre med ski heller.

Ingen kommentarer: