fredag 2. mars 2018

Kaldt om truten


Det glinsar i hard snø på Portafjellet
Deler av den andre feriedagen min i dag brukte eg til ein tur inn på fjelltrimposten på Middagsnipa ovanfor Osland. Det er fleire månader sidan eg har vore her. Nærare bestemt 26/11 i fjor. No viste det seg at ingen andre heller hadde vore her sidan. Litt spesielt tykkjer eg. Iallefall når fjellet er fjelltrimpost. Eg gjekk ganske mykje om vinteren sist fjellet var inne på programmet. Middagsnipa Winter.

Eg nytta meg av den ruta som går ganske beint opp nord om elva (kryssar ikkje elva i det heile). Den er litt brattare og stig fortare enn den merka ruta nederst. Men du kjem inn att på den merka delen øverst oppe. No har eg trakka spor opp her om nokon vil ta turen i helga. Det går fint å gå på berre skoa. Heile vegen inn. Men sidan det er ganske hard snø mange plassar ein ha broddar. Noko anna er ikkje forsvarleg. Det er skummelt om ein fell i øvre delen av fjellet ovanfor Osland. Så mykje snø som det ligg her oppe no kan ein segla langt. Med broddar er ikkje denne stigninga noko problem. Om enn noko hard for blodpumpa 💓

Elles? Tja. Veldig flott innover bak toppen som ein ser frå FV609. Avblese. Mest skare og hard snø. Og den maleriske fòksnøen (sjå bilder). Det var lite vind i dag og nokre færre kuldegrander enn i går. Og strålande sol! Men kaldt om truten 😛Anbefalar fjelltrimfolket turen. 


Ingen kommentarer: