lørdag 31. mars 2018

Ei kosestund

Reidun og Harald Fossedal

Nipebu nede mot venstre.
Foto frå Fossedalshengenipa

Toppen
Eitrenipa, Blegja, Storehesten


Fossedalshengenipa under hammaren ovanfor kloppa på Krokavatnet

Dagens selfi må vite
Øvre Fossedal


Ved Vassenden på Fossedalsvatnet

Nedre Fossedal
Fossevikja
Markavatnet Fossedalshengenipa Fossedalen Dale 310318

(obs skurring)



Kva ord ein skal bruke når alle superlativa er brukte opp veit eg ikkje. Facebook og internett fløymer over av skrytebilder på opplevingar folk har vore med på denne påska. Så takk for det fine veret høgt opp på himmelen (Jakob Sande). 

Eg for min del fekk påskehelsing frå Fossedalen i går. På Facebook. Så kva var meir naturleg enn at eg la turen innom her i dag. For å få litt meir tur ut av det valde eg å gå frå Markavatnet på Førdefjordsida og oppom Fossedalshengenipa først. Perfekte forhold for sko og broddar. Hard og god skare. Ja, heile vegen frå fjell til fjord. Klokka var ikkje meir enn vel 10 då eg stod på toppen. 

Ruta vidare sørover gjekk rett over Svartevatnet, kloppa i enden på Krokavatnet og til Øvre Fossedalen. Eg tok meg eit stykke melkesjokolade ved sela og naut den fantastiske utsikta. Turen var som eit einaste stort skrytealbum. Og mange gode minner var alt foreviga på minnebrikka. Slikt gir alltid ei kjempegod kjensle.

Eg gjekk så rett sørover isen på heile Fossedalsvatnet. Med sola midt i mot. Som ein leik...


Som tenkt traff eg Harald og Reidun Fossedal i Fossedalen. I den varmande sola fekk eg servert kaffi og sjokolade. Så vi fekk oss ei god og hyggjeleg stund der i Fossedals-tunet. Ja, eg greidde faktisk å sitte i ro ei heil stund. 



Deretter bar turen vidare til Dalsfjorden og Otterstein der Olaug plukka meg opp. Så fekk eg meg ein tur oppom mamma òg. 

Takk til Harald og Reidun for servering og ein god prat. Det gav meirsmak. Og når superlativa er brukte opp avsluttar eg med at det var ein veldig kjekk tur, og sola skein som ho var gala...😎


torsdag 29. mars 2018

Heimefjella er best

Svanøy med Florø i bakgrunnen

Svanøy

Stongfjorden


I dag tidleg var eg ein tur opp i Porten under Portafjellet. Men etter at eg såg det hadde gått nokre ras, og i tillegg gløymt både kamera (!) og solbriller snudde eg. Lysta på vidare tur forsvann. Kameraet låg forresten på biltaket då eg kom ned igjen i Oslandsbotnen! Olaug og dei andre heim sperra sjølvsagt opp auga då eg kom heim igjen. Men har eg ikkje feelingen så går eg ikkje. I staden vart det lunsj heime. Ein omgang sjakk med Peter vart det òg tid til før han og dei andre reiste i Blomlia. 

Litt seinare vart det ein tur på Toreheia og Skylefjellet i staden. Kjempeflott på berre skoa. Til og med utan broddar. Underlaget var fast og fint etter minusgradene i det siste. Litt nysnø her og der. Både Krikavatnet og Mangevatna er det heilt trygg(!) is på. Så her er det berre å ta turen. Du treng ikkje reise land og strand rundt for å nyte friluftslivet. For heimefjella er i grunn best 😎



tirsdag 27. mars 2018

Påsketips

Alden og Heggøyna i dag

Stavenes
  
Ekspressen passerer Staveneset

Storebatalden Askrova og Hovden
Holevika
I dag gjekk eg den fine ruta frå Holevika til Furefjellet og deretter austover fjellet til Høgeheia. Det var kome litt nysnø i løpet av natta. Tørr og fin. Men den fekk føter å gå på då sola etter kvart fekk litt tak. Elles var det litt austatrekk,.. Med eit par plussgrader i lufta på morgonen beit det bra i kjakane. 

For dei som kan tenke seg ein vanleg fottur utan ski eller trugar er området heilt trygt å gå i. Det ligg ein del snø mot toppen, men den går fint an å gå på med berre skoa. No er det også trakka spor, og nedbør ser det visst ikkje ut til å kome denne påska. Fantastisk! Det er berre å ta turen frå Holevika. Ein tur for alle. Og du får oppleve ei strålande utsikt heilt i havgapet. 

God tur!









søndag 25. mars 2018

Strålande musikalsk framtid

Rebekka Sætrum Holt

Marie Høgseth Felde

Sigrid Høgseth Felde


Etter at Dalsfjordbrua kom er det blitt ein påsketradisjon å ta turen til Dale for årets Palmejam. Arrangert av Dale Musikkorps. Olaug, Erling Paul, Velaug, Magni, Anne og underteikna tok såleis turen i år òg. Tradisjonar er viktige. Og påska er gleda si høgtid. Palmejam er dessutan ein kjekk start på fridagar (for somme), lysare tider og våren. Palmejam - eit slags "miniadvent" på to timar. 

Olaug og eg køyrde ned til Vårdal der vi tok oss ein times tid i lag med Velaug og Erling Paul før vi køyrde vidare til Dale. Magni og Anne måtte plent køyre ein bil til...Toyotaen min er ikkje av det heilt store slaget må vite. 


Erling Paul og Velaug kosar seg på Palmejam


Årets program av Palmejamen var fullspekka av godbitar. Som leiaren i laget, Arve Arstein sa, korpset er i flytsona med fleire nye musikarar og aspirantar i tillegg til dei faste med lang fartstid. Det er veldig kjekt å høyre at framtida ser lys ut. 


Årets program av Palmejam

Elles var det i år satsa på musikalske sanginnslag av unge, framadstormande jenter. Nydelege songstemmer og kvalitet i framføringane. Ei tåre og to leika i augekroken fleire gonger. Å dra fram nokon spesiell av desse jentene synest eg ikkje er rett. 

Video Rebekka Sætrum Holt

Video Marie Høgseth Felde

Video Sigrid Høgseth Felde

Eg må også få nemne Balkaniaband. Samansetninga av saksofon, orgel og gitar i eksotisk tonar er kanonbra. Imponerande!




Evelyn Åsnes og Arve Arstein takkar nye musikarar og solo-jentene.

Då blomar var utdelte, og korpset avslutta med "Thank you for the music", vanka det ståande applaus. Eit vakse publikum klappa så taket på Dale Senter rista. Som ekstranummer vart så opningsnummeret "Peter Gunn" spelt ein gong til. 

Takk til dirigent Ole Jakob Nedrebø, Evelyn Åsnes, Arve Arstein og alle musikarane. Takk til lydteknikar Steinar Skadal. Tusen takk for nok ei flott musikalsk oppleving. Og om du ikkje fekk med deg årets Palmejam, så får du heilt sikkert høve til å kome neste år. Du vil ikkje angre eit sekund!

Vi køyrde vel nøgde ut att nordsida av fjorden i 22. tida. God påske!

Mobilbilder/video Palmejam 2018
(P.S. Kvaliteten på mobilbilder lyt ein ta som dei er)


fredag 23. mars 2018

Sol sol og atter sol




Ja, ser ikkje vèrmeldingane for påska flotte ut så veit ikkje eg! 
Rett nok blir Palmehelga litt grumsete, men så melder meterologane fantastisk vèr. 
Til å bli reint yr av (sjå yr under). Så får vi berre håpe dette slær til då. 

Eg søkte litt i arkivet og fann nokre påskebilder til å trigge stemninga. 


(held fram)

Stordalsfjellet og Portafjellet
I bakgrunnen ser vi Fløyen, Nonsholten og Driveknolten på Heileberget,
Stordalen ned t.v.

Utsikt frå øvst i Stordalen.
Vi ser frå venstre framme Markahengenipa, Fossedalshengenipa og Høgholten.
I midten Eitrenipa, N&S Kringla og Laukelandshesten.
Bak Blegja og Storehesten.
Stordalsvatnet i framgrunnen til venstre.
 

Det er sjølvsagt eit uttal av fine solplassar i Askvoll-fjella der ein kan finne ly for vinden. Det er ofte dette som er cluet sjølv om sola skin. For det blir fort kaldt oppe i snøen når ein ikkje finn ly for vinden. Kvar og ein har vel sin favorittplass. Ein av dei eg likar best er øvst i Stordalen. Der kan ein kan sitte med Portafjellet som ryggstø. Ved den sørvende fjellsida som blir varma opp av sola. Her er det òg fantastisk flott utsikt til fjella i aust. Og går du på ski er det ikkje så lange biten søraust til Nipebu. Så med desse orda ynskjer eg: 

God påske til lesarar av bloggen min

Nye oppdateringar kjem fort og gale 😎😎


søndag 18. mars 2018

Perfekt broddføre

Mykje fin kunst i fjellet om dagen

ds

Flokenes

Dagens selfie på Indrevågefjellet

Osland
I dag gjekk eg opp på motsett side av Vågeskaret på Osland/Vågane i forhold til i går. Bratt opp fjellet mot Indrevågefjellet i aust. Med 8 (!) minusgrader heime på morgonen, var det sjølvsagt hardt underlag oppover. Ja, for det meste heile vegen. Både opp og austover til Middagsnipa. Med fòk- og flaksnø inn i mellom. Perfekt for broddar. Utan broddar vil eg ikkje anbefale nokon å gå opp slik forholda er no. Det er både bratt, hard snø og skare øverst oppe over Osland. 

Elles er det nydeleg å gå innover mot Indrevågefjellet og Middagsnipa. I dag med sol og vindstille. Ja, så vindstille som det går an i dette vèrutsette området. Utan vegetasjon i det heile. 

Det var ingen nye namn i fjelltrimboka sidan eg var her sist 2.mars. Rart egentleg. Men fjellet får vel meir besøk når det vårast noko meir. 

Eg tok meg ein tur nordvest over etterpå. Frå eit par av toppane her er det fin utsikt ned til Flokeneset. Deretter gjekk turen vest igjen til Indrevågefjellet med retur ned att til Vågeskaret. Nok ein flott tur denne helga. Og neste helg er det påskefri...😄

lørdag 17. mars 2018

Full fyr

Flokenes

Svanøy og Florø mot Bremangerlandet

Raudøyna, Atløyna og Alden
Sviing av gras og lyng nord på Værlandet.

Meir røyk mot Mjåset og Grimeli traktene

Tre fly på same foto over Størdalsstauren


I dag gjekk eg den flotte ruta frå den gamle gruva i Vågane og opp fjellet til Ytrevågefjellet. Med minus 6 grader heime då eg starta var det rimleg kaldt første delen opp i skuggen. Skaren heldt anna kvart steg, men det var òg nokre parti med gras utanfor stien. Eg nytta trugar på eit parti over første høgda. Deretter heile turen fram med broddar under føtene.

På Ytrevågefjellet var det nesten heilt vindstille. Temmeleg uvanleg. Første røyken frå sviing av fjorårsgras dukka opp i horisonten nord for Florø og ved Kavåg. Så røyk vest av Toreheia. Det var vår i lufta.

Så bar turen vidare vestover. Ned i dalen mellom Ytrevågefjellet og Toreheia. Deretter opp stigninga med utsikt til Stavestranda heilt oppe. Husa nede ved fjorden låg i skuggen. Det såg kaldt ut her eg stod i den strålande sola. Deretter gjekk eg opp til varden på Toreheia. Ingen hadde skrive seg inn i boka sidan eg var her sist 1. mars. 

Frå Toreheia såg eg tjukk røyk frå Mjåset/Grimelia traktene. Nøyaktig kvar kunne eg ikkje sjå sidan fjella i vest stod i vegen. Eg lurte så først på å gå om Skylefjellet/Mangevatna vestover og heim igjen, men valde Yndestadhøgeheia for å få utsyn til Stongfjorden. Er alltid kjekt å sjå ned att til fjorden og heim att. Sjølve nedstigninga til fjorden tok eg via Selda. Her kjem ein ned rett nedom granskogen, eit stykke nedom Rinda. Flott tur!

Foto Ytrevågefjellet og Toreheia 170318

torsdag 15. mars 2018

Markavatnet/Skjerlia





Vi snakkar stadig vekk om Markavatnet og eller Skjerlia som utgangspunkt for turar. Det er sikkert fleire som ikkje har vore her. Spesielt folk frå sørsida i kommunen og elles andre. Eg har difor samla i hop nokre vårbilder her i frå (to frå hausten).
Du kjem til Skjerlia/Markavatnet ved å ta av frå FV609 vest om Gjelsvika og rett ut om Skorva-tunnelen. Her står det vegskilt. Oppe ved vatnet finn ein tre gardar - Skjerlia, Mandelia og Hatlelia (sjå foto).
Mange forbinder nok først og fremst Markavatnet som utgangspunkt for tur til Nipebu frå nordsida i kommunen. Og truleg er dette den mest nytta ruta til DNT-hytta. Ruta er den kortaste hit, og er godt merka.
Men Markavatnet er òg det beste utgangspunktet for ein tur til eitt av dei flottaste områda i heile kommunen - nemleg Leknesvatna og Eitrenipa. (Då føl du berre kraftvegen rett opp til endes). Ruta går på nordsida av vatnet på god sti, og er delvis merka.
Frå Skjerlia (i enden av vegen) kan du òg gå opp og vestover til Kvamsnipa/Middagsnipa/Indrevågefjellet eller til Stordalen, Stordalsfjellet og mange av dei andre fjella i vest (sjå kart som kommentar). På ski er det då greitt å gå inn til Nipebu, men ver obs på isforholda på Langevatnet.
Etter at den nye kraftvegen vart bygd ved Markavatnet, er parkeringstilhøva no betre enn før. Og når det no nærmar seg påske, er dette eit flott utganspunkt for ein kjekk tur.
God tur!

tirsdag 13. mars 2018

Frue i solnedgang




Nok ein flott tur i solnedgang i ettermiddag. Denne gongen på Skylefjellet her heime. Ein passeleg tur for trimmen sin del. 

Olaug og eg gjekk med det same vi kom heim, omlag 16.45. Det heldt akkurat med lyset. Som planlagt. Så no er det trakka spor opp. For den som føretrekkje ein tur på berre skoa er det berre å ta laust. Det er ein flott tur på Skylefjellet.