torsdag 22. februar 2018

God tur

Ved Askdalen og Kultingane


Det livnar i lundar, men endå er det vinter... Iallefall varmar no sola vinterfrosne bakkar. Temperaturen i stova heime er brått 30 grader når vi kjem heim frå arbeid - om ikkje vi har slege av omnen. Herleg! Ingenting er som våren.

Tidleg om våren er det mest triveleg å gå tur frå den solvende delen av kommunen. Med andre ord Dalsfjord-sida. Vi er heldige med mange gode startpunkt og turalternativ i så måte. Å ta seg ein rusletur gjennom Askdalen er glimrande for "folk flest". Opp langs elva ein tur. Rundt Prestemarka. Eller til mange av småtoppane som omkrinsar dalen. Dei fleste lett tilgjengelege til fots på merka stiar. Men hugs broddar. Ein stor fordel er det også med stavar. Spesielt om ein skal litt opp i høgda der det kan vere frose på.

Hamna i Askvoll frå Kultingane

Eit anna veldig godt utgangspunkt for å gjere seg nytte av vårsola er å gå frå vassverket i Holmedal. Som ved Askdalen er her gode parkeringstilhøve. Det er godt merka stiar til toppar som Dokka, Moldura og Bakkefjellet. Også til Hekkelfjellet, som er fjelltrimpost, er det godt merka. Då får du samtidig med deg den idylliske Bogestølen/Kleppenesstølen og Bakkestølen. Ja, du treng ikkje gå lenger enn hit for ein flott og solrik tur .


Vikastølen ovanfor vassverket i Holmedal.
Dokka i bakgrunnen.

Lenger aust i Rivedal er det veldig flott å gå frå den godt tilrettelagde parkeringsplassen ved Rivedalselva vest om Vindheim. Her kan du gå ein lett og solfylt tur til Lisetstølen/Nigardsstølen. I bakkane her er det fint å nyte vårsola. Det er elles mange flotte fjelltoppar rundt Rivedal. Og med utgangspunkt frå parkeringsplassen når du fint toppar som Bakkefjellet, Smørskornova, Røyrbotnholten og Vardenova. Alle solvende frå Rivedal. Eit anna alternativ er å gå inn Vagstaddalen mot Nipebutraktene. Du misser sola heilt inst i dalen, men du får ho fort att inne ved Atlevatnet.  Eit anna alternativ er å gå opp Hundeheia på høgre hand ved demningen og inn Heileberget. Sol heile vegen.


Utsikt frå Bakkefjellet og austover Dalsfjorden.
Parkeringsplassen ved Rivedalselva -
litt til venstre midt i bildet


I denne omgang vil eg til slutt berre nemne Fossedalen. No er sola begynt å få tak i bakkane her oppe òg. Frå parkeringsplassen ved Dalsfjordbrua kan du nå eit uttal av toppar frå denne delen av kommunen. Det er berre å nemne Fløyen, Eitrenipa og Kringla. Om du ikkje vil til fjells, kan du berre sitte i Fossevikja eller på Kleivane og nyte vårsola langs Dalsfjorden. Ja, helse på turfolk som går forbi. Mogelegheitene er mange.


Vårstemning ved Fossedalsvatnet.
Øvre Fossedal med fjella
Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla i bakgrunnen.



Som vi ser er Askvoll forunt med eit uttal turalternativ. På denne tid av året skrik både kropp og sjel etter sol og lys. Med ein litt rufsete vinter snart bak oss, er det viktig å kome seg ut å nyte flott natur, frisk luft og vårsola. God tur!




Ingen kommentarer: