søndag 25. februar 2018

Gull i bøtter og spann

Mangevatna søv under ei kvit dyne...

Askrova i pent lys

Stongfjorden frå Rinda

Heime på Yndestad

Etter ei fantastisk 3 mil av Marit Bjørgen i OL, gjekk eg meg ein trugetur på Skylefjellet. 

Det er nærast vår i bakkane heime. Men ovanfor Rinda ligg snøen ganske djup. Avblese somme plassar, men rikeleg med påskesnø elles. I dag var det faktisk litt påskekjensle. Vatnet rann frå taket på hyttene. I tillegg var det nesten heilt vindstille. Og ikkje eit menneske å sjå. Heile fjellområdet for meg sjølv. Berre nokre spor etter rev, hare, rype og mykje hjort fortalde at her faktisk lever andre skapningar her oppe. Å vandre åleine er godt. Kvalitetstid for filosofering over livet. Avstressing. Og god trim. Nok ein nydeleg tur.


lørdag 24. februar 2018

Fruetur


Dagens Alden

Fin tur på Høgeheia med fruen i dag tidleg. 
             

Høgeheia er ein passeleg fin tur til å kome seg litt i form etter vinteren. Det ligg aldri mykje snø her ute i havgapet. Så slepp ein mykje styr med ski og greier for oss halvgamle menneska 😅Men som alltid er det noko trekk her ute. Frå søraustleg kant beit han bra i kjakane. I Holevika og oppover tek denne vindretningen lite. Men då ein som i dag går seg god og sveitt opp i vinden, kjenner ein jo i skrotten at det framleis er vinter. Om ein aldri så mykje legg godviljen til i leitinga etter vår. 

Vel, vel - fruen var blid og praten gjekk. Opp og ned heilt greitt. Og så hadde vi endå mykje igjen av dagen. 

Høgeheia er eit fint turalternativ. Ein tur eg anbefalar alle. Både liten og gamal. Trimbok er her òg.
          Høgeheia 240218

torsdag 22. februar 2018

God tur

Ved Askdalen og Kultingane


Det livnar i lundar, men endå er det vinter... Iallefall varmar no sola vinterfrosne bakkar. Temperaturen i stova heime er brått 30 grader når vi kjem heim frå arbeid - om ikkje vi har slege av omnen. Herleg! Ingenting er som våren.

Tidleg om våren er det mest triveleg å gå tur frå den solvende delen av kommunen. Med andre ord Dalsfjord-sida. Vi er heldige med mange gode startpunkt og turalternativ i så måte. Å ta seg ein rusletur gjennom Askdalen er glimrande for "folk flest". Opp langs elva ein tur. Rundt Prestemarka. Eller til mange av småtoppane som omkrinsar dalen. Dei fleste lett tilgjengelege til fots på merka stiar. Men hugs broddar. Ein stor fordel er det også med stavar. Spesielt om ein skal litt opp i høgda der det kan vere frose på.

Hamna i Askvoll frå Kultingane

Eit anna veldig godt utgangspunkt for å gjere seg nytte av vårsola er å gå frå vassverket i Holmedal. Som ved Askdalen er her gode parkeringstilhøve. Det er godt merka stiar til toppar som Dokka, Moldura og Bakkefjellet. Også til Hekkelfjellet, som er fjelltrimpost, er det godt merka. Då får du samtidig med deg den idylliske Bogestølen/Kleppenesstølen og Bakkestølen. Ja, du treng ikkje gå lenger enn hit for ein flott og solrik tur .


Vikastølen ovanfor vassverket i Holmedal.
Dokka i bakgrunnen.

Lenger aust i Rivedal er det veldig flott å gå frå den godt tilrettelagde parkeringsplassen ved Rivedalselva vest om Vindheim. Her kan du gå ein lett og solfylt tur til Lisetstølen/Nigardsstølen. I bakkane her er det fint å nyte vårsola. Det er elles mange flotte fjelltoppar rundt Rivedal. Og med utgangspunkt frå parkeringsplassen når du fint toppar som Bakkefjellet, Smørskornova, Røyrbotnholten og Vardenova. Alle solvende frå Rivedal. Eit anna alternativ er å gå inn Vagstaddalen mot Nipebutraktene. Du misser sola heilt inst i dalen, men du får ho fort att inne ved Atlevatnet.  Eit anna alternativ er å gå opp Hundeheia på høgre hand ved demningen og inn Heileberget. Sol heile vegen.


Utsikt frå Bakkefjellet og austover Dalsfjorden.
Parkeringsplassen ved Rivedalselva -
litt til venstre midt i bildet


I denne omgang vil eg til slutt berre nemne Fossedalen. No er sola begynt å få tak i bakkane her oppe òg. Frå parkeringsplassen ved Dalsfjordbrua kan du nå eit uttal av toppar frå denne delen av kommunen. Det er berre å nemne Fløyen, Eitrenipa og Kringla. Om du ikkje vil til fjells, kan du berre sitte i Fossevikja eller på Kleivane og nyte vårsola langs Dalsfjorden. Ja, helse på turfolk som går forbi. Mogelegheitene er mange.


Vårstemning ved Fossedalsvatnet.
Øvre Fossedal med fjella
Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla i bakgrunnen.



Som vi ser er Askvoll forunt med eit uttal turalternativ. På denne tid av året skrik både kropp og sjel etter sol og lys. Med ein litt rufsete vinter snart bak oss, er det viktig å kome seg ut å nyte flott natur, frisk luft og vårsola. God tur!




søndag 18. februar 2018

Meir gull og meir trim

Osland og Oslandsvatnet
(eit bilde eg er glad i)


Fjell fekk vere fjell i dag. Men jammen var det ekstra kjekt å knyte på seg joggeskorna ut på ettermiddagen i staden. Så vart det ein joggetur til Osland. Inn i mellom OL-sendingane.

For å vere heilt ærleg er eg ikkje så spesielt glad i snø lenger. Eg likar egentleg fjellet bete utan snø. Mange forfrysningar på tærne har etter kvart kravd sitt. Og så mykje liv er det heller ikkje å sjå på denne tid. Sauene står nok i fjøsen - vel, utanom villsauene på Stavenesodden då. Dei såg eg forresten ikkje i går. Dei har nok trekt ned i fjæra ein stad der det er snøfritt. Men geitene på Osland gjekk ute i Vågeskaret i dag. Delvis snøfritt som det var. Rett skal likevel vere rett - lyset om vinteren er eksepsjonelt. Spesielt i fjellet.

Nei, heldigvis går det mot vår. Det lysnar for kvar dag. I dag var til og med vårt lokale skjorepar i full gang med å vøle på reiret. Dei første snøklokkene har vist kikka fram i Holmedal òg etter kva eg har sett på Facebook. Så snø og vinter kan godt fare for min del. Blir litt greiare å pendle på jobb til Førde kvar dag òg då. Det skal bli godt med vår og varme i solhellingane.

lørdag 17. februar 2018

Gull og trim

Alden måtte forevigast i dag òg...



Vindfullt i havgapet
Eg måtte sjølvsagt få med meg norsk gull i stafett for kvinner under OL i dag. Deretter høvde det godt med ein tur på Høgeheia. Det er fint å ha fjell og fjord rett utanfor stovedøra. Då slepp ein planlegging og lange transportetappar. 

Det låg noko snø der oppe i dag. Faktisk meir enn vanleg. Spesielt i hellingane mot nord og vest. Men eg gjekk likevel greitt opp på skorna. Vind var det ja. Som vanleg her ute i havgapet. Temperaturen var ikkje så verst. Nokre få plussgrader i kulingkasta....

Fin trimtur. Og klar for meir OL.


torsdag 15. februar 2018

tirsdag 13. februar 2018

Skunde seg langsamt





Mange skundar seg heim frå fjellet. Anten ein spring eller lagar svingar i laussnøen. Underteikna har prøvd begge deler. Men som det er sagt - "you can`t run away from time"...! Brukar ein derimot tid på tur - "skundar seg langsamt" eller går "ein sein tur", kan ein oppleve meir av naturens underverk enn når ein stressar seg heim igjen. Kanskje vil somme få inntrykk av at dette er ein klisjè, men noko er det likevel i det.
Vedlagt ligg to bilder av "Iceicles", på godt norsk isjuklar eller istappar. Fotograferte under to steinar. Det eine teke ved Gjelsvikefjellet og det andre i sørenden av Krokavatnet. Dette er òg Mountains in Askvoll Visit Norway og #fjordkysten


torsdag 8. februar 2018

Frå år til år...

Eitrenipa 4. februar 2017

Krokavatnet og Fossedalshengenipa 4.februar 2017

Hellaren ved Krokavatnet 4. februar 2017

Krokvasstølen (Svortevikstølen) 4. februar 2017

Mandelia og Markavatnet 4.februar 2017

Dokka 11.februar 2017

Toreheia 12.februar 2017
Ja, eg måtte nesten sjå to gonger på datoen på bilda ovanfor for å få stadfesta at dei var frå februar i fjor. Null snø. Samanlikna med i år var februar nærast for vår å rekne. Her er heile bildeserien frå Eitrenipa 4.februar 2017. 

Slik går no åra. Frå år til år. Dei fær av garde utan at ein tenkjer så mykje på det. Kjekt då å ha noko å sjå tilbake på når regn, sludd og snø pregar februardagane i år.... Men heldigvis - det lysnar no kvar dag. Så får vi vel ein dag i morgon i år òg... 

søndag 4. februar 2018

Kystfjell

Atløyna og Alden,
Heggøyna til høgre



Video Furefjellet 040218



Kinn, Reksta og Skorpa
 
Stongfjorden

Grimelia

Utsikt mot Granesundet frå Høgeheia


I dag gjekk eg den flotte turen frå Holevika til Furefjellet, og deretter austover til Høgeheia, med retur til Holevika. (Eg gadd ikkje bruke timesvis oppe i snøen i dag òg). Denne turen er den best snøfrie som er i kommunen. I lag med øyane. Heilt ute i havgapet som desse to fjella ligg. 

Dagen starta med overskya vèr og eit par minus grader heime. Men jammen fekk eg sjå i sola ein times tid. Det varma. 

Først gjekk eg opp over granskogen i Holevika og utom Furefjellet. Rett over husa på Staveneset. Flott morgonstund. Så langt ut i havgapet skal det noko til at det er vindstille ein vinterdag. Så litt trekk må ein rekne med. 

Mot toppen av Høgeheia låg det noko snø. Men ikkje verre enn at det gjekk fint å gå på føtene. Ned igjen mot Holevika var det ein del is i stien. Den trakka eg utom. For dei som kan tenke seg å gå denne turen, er det ein fordel med broddar slik forholda er her oppe akkurat no. Og den kalde vèrtypen ser ut til å halde fram. Sjølv gjekk eg utan broddar i dag. Men dei var sjølvsagt med i sekken. Det er lagt ut bok til å skrive seg inn i på Høgeheia.

På veg austover frå Furefjellet traff eg på utegangarsauene som går på Stavenesodden. Dei låg å slikka vintersol i den snøfrie lyngen (sjå foto). Inga naud i så måte må vite.


To bilder med utegangarane på Stavbenesodden

Når det gjeld utsikta frå Furefjellet og Høgeheia så sjå foto og videoar. Nydeleg tur i dag.


Foto Furefjellet og Høgeheia 040218

lørdag 3. februar 2018

Surt vintervèr...

Godt med eit varmt klesbyte


Ned på Stongfjorden

Ut Stongfjorden


Vel, finvèret uteblei i dag. Skuffande etter at meldingane var så flotte tidlegare i veka. Synd for oss som går i full jobb og ikkje kan nytte flott vèr i vekedagane. Men slik er det no ein gong. 

Eg tok difor med meg trugane på sekken i dag og gjekk den "vanlege" ruta til Toreheia og ned igjen over Yndestadhøgeheia og Selda. Ikkje akkurat nokon ny tur for meg. Forholda er likevel skiftande. Nesten frå gong til gong. 

Det var heilt snøfritt til Rinda. Og opp til hyttene gjekk eg framleis på berre skorna. Men der i frå og vidare oppover nytta eg trugane. Krikavatnet var godt frose så det gjekk eg rett over. Det vart likevel relativt tungt å kome seg til topps. For forma har nok vore betre tidlegare.... 

Eg skifta alle kleda på overkroppen bak varden. Varmt var ikkje akkurat det i den sure trekken... Og gjekk så ned skaret i sør og vestover Yndestadhøgeheia. Veret var framleis overskya med nokre snøfiller i lufta. Fint å kome ned på kanten å sjå ned på bygda og ut Stongfjorden. Som vanleg.

Ja, flott vintertur. Men så var det den sola då----