tirsdag 30. januar 2018

onsdag 24. januar 2018

Havblikk





Ei samling delvis nye bilder frå Størdalsstauren


Det er fleire ruter på Størdalsstauren. Det vanlegaste er å gå opp ranen i vest frå Størdal. Denne ruta er litt luftig for enkelte. Du kan også gå austover og opp Størdalen for så å runde ut på sjølve stauren. Ei anna rute er å gå opp frå Neset i Stongfjorden. Du kan òg gå frå Fanafjellet/Nyken/Fagredalen i aust eller frå Moldura i sør. 

Det er flott utsikt frå Størdalsstauren.





søndag 21. januar 2018

Forblåst til skrevs

Blid frue på Skylefjellet

Olaug slit og....

slit for å kome seg laus...

Ved Mangevatna

Dagens 
Svanøy og Flora-bassenget

Det bles kring øyra

Påskestemning

I går snudde eg på toppen av Oslandslia etter å ha streva meg opp på første toppen med snø til knærne og vel so det. Trugane fekk henge urørt på ryggen. Nok var nok. Så eg snudde ned igjen. Ytrevågefjellet fekk ligge der urørt. Guste-pusten rakk ikkje til. 

I dag vart fruen med på Skylefjellet. Til vanleg ein veldig grei tur heime i frå. Men med sterk vind og laussnø vart det strevsamt nok. Spesielt stykket frå Rinda til hyttene. Ovanfor var det mykje avblese og lettare å ta seg fram. Eg fekk rett då eg overtalte Olaug til å halde fram då ho ville snu ved hyttene. Det var mindre snø ovanfor. Her var det derimot meir vind. Dette heng oftast saman her ute i havgapet. 

Ja, det gjekk litt lenger tid enn vanleg på denne turen i dag. Også når Olaug sat fast i ei snøfonn og streva for livet 😄Det er litt andre forhold i januar enn når ein kan springe i shortsen og joggesko her oppe sommarsdagen. Men snø er no moro òg då...

søndag 14. januar 2018

Januartur på Dokka

Her med varme klede i søraust-trekken....

Straumen

Morgonstemning ved Eidselva

Kontrollert nedbrenning av eit gamalt hus i Askvoll

Utsikt frå Dokka inn Dalsfjorden (Sjølve Sunnfjord)

I dag (lørdag) gjekk eg turen frå Eidsfjorden og bratt opp bakkane til Eidsvatnet, Kalderasnipane og Dokka. Returen ned til Nyksvatnet og til vassverket i Holmedal.  

Det ligg lite snø opp til Eidsvatnet, så eg gjekk direkte opp på frosa mark. Faktisk utan broddar. Men der i frå tok eg på broddar. Trugane som eg bar med meg nytta eg ikkje i det heile teke. 

Det var ein gnistrande flott morgon. Morgonrauden spela seg i himmelranda i vest. Over Straumen i sør var himmelen raudgul av den oppadgåande sola. Den skein sine raude strålar over Moldura. Oppe ved Kalderasnipane bles det likevel ein ganske sur søraust vind. Men eg valde likevel å gå med dei relativt sveittevåte klede vidare til Dokka. Her var det fullt byte på overkroppen. Herleg med gode og varme klede i trekken. Det er noko eige å stå her oppe på Dokka høgste vinteren i den låge vintersola. 

Eg valde å gå ned att til Nyksvatnet. Seig gjennom snøen no og då. Men det stakk opp både stein og gras mange plassar. Frå Nyksvatnet til vassverket var det skare og is. Fint med broddar då. Olaug kom og henta meg i Holmedal. Så fekk eg vaska den forferdeleg skitne bilen min i den nye vaskemaskina på Essoen i Askvoll i same slengen. Flott vintertur!

Foto Eidsfjorden Kalderasnipene Dokka Holmedal 130118

tirsdag 9. januar 2018

Sjølve Sunnfjord


Eit samandrag av bilder til bruk på eiga side på Facebook

Rivedal





Stongfjorden b

Bilda er sette i hop som ein del av følgjande skissert på FB-sida Sjølve Sunnfjord:

Kulturminneverdien til et stedsnavn
Formålet med stedsnavnloven er etter § 1 «å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna».
Stedsnavnene er en del av vår felles kulturarv. De gir opplysninger om språk, terreng, ferdselsårer, dyreliv, plantevekst, militære varslingssystem, kirkelig styring, folkelige gjøremål, ordbruk, arbeid, tenkemåte og levevis. ...
UNESCO-konvensjonen om vern av immateriell kulturarv Stedsnavn er immaterielle kulturminner. Historisk sett er det den materielle delen av kulturarven som har vært omfattet av et rettslig vern. Det gjelder både nasjonalt og internasjonalt. ... § 3. Namnevern Eit stadnamn kan berre takast i bruk på ein stad der det tradisjonelt ikkje høyrer heime dersom det ikkje er i bruk som verna etternamn, ikkje er eit særeige namn og heller ikkje må vernast av andre grunnar. Eit nedervd stadnamn kan berre bytast ut med eit anna namn som har tradisjon som namn på det same namneobjektet.
Høringsnotat med forslag om endringer i lov om stadnamn (stadnamnlova) Link

Sjølve Sunnfjord 5b



Sjølve Sunnfjord Nr. 5b


Sjølve Sunnfjord 5a


Sjølve Sunnfjord Nr. 5a






søndag 7. januar 2018

Sjølve Sunnfjord 4


Musikk:
DoctorTurtle


 "Often Outmumbled Never Outpunned"



lørdag 6. januar 2018

Grilling i ny sol

Olaug, Olina, Tora, Tiril og Peter på Bakkekletten i dag

Holmedal

Tora

Olina og Peter

Tiril


 







Dokka
Første veka i det nye året har eg hatt sår hals. Ikkje noko alvorlege greier. Det har vore greitt å gå på jobb. Eg valde likevel å halde meg nokolunde i ro i dag. Trass i lørdag og det relativt fine veret. Dessutan er vi "barnevakt" for Olina, Tiril og Tora i helga. Barnebarna til Olaug. Så difor gjekk vi alle saman på Bakkekletten i Holmedal og grilla pølser. Ja, Peter vart med òg... Vi ville oppsøkje sola!

Det er veldig flott merka sti opp på Bakkekletten. God benk på toppen. Trygt og godt gjerde framfor hammaren. Dessutan er det laga til ei praktisk grue for grilling. Ved låg her faktisk òg. 

Det er flott utsikt til Holmedal og Straumsnes frå Bakkekletten. Ein fin liten tur for små barneføter og ein gofa med ilt i halsen... 



fredag 5. januar 2018

Sjølve Sunnfjord 3


Musikk:
Jahzzar "Vladimir Estragon"


torsdag 4. januar 2018

onsdag 3. januar 2018

Sjølve Sunnfjord 1


Musikk: 
Doctor Turtle "Lullaby for democracy"