torsdag 21. desember 2017

Høgdepunkt i 2017



Framsidebilde: 80 års feiring av mamma på Nysna Gard i Bygstad.
Fotograf: Erik Njøsen

Når eg no har sett gjennom fotoalbuma mine for i år, så slær det meg at eg har veldig mykje å takke for. Med famnen full av barnebarn og "goffabarn" seier det i grunn seg sjølv. Men at åra går fort er i grunn lettast å sjå på ungane. Eller på andre. For det rare er at eg i grunn kjenner meg slik som eg alltid har gjort - og ser sameleis ut - vel nesten då....😛 For det er eit privilegium å eldest. Rynkene og arra fortel ei historie. Så lyt ein tòle tidas gang. Standing the test of time....

Kva som er det største i året som har gått reint personleg er ikkje så godt å seie. Det viktigaste er at "alle mine" er friske og har det bra. At eg har fått lov til å bli 60-år er ikkje alle forunt. Likeeins at mor mi har blitt 80 år,  og framleis er ved god helse. Dette gir ei god kjensle. Eg har fått ny nevø på Austlandet då Caroline og Øystein Olav har fått sin Olav Emanuel på Hamar. Men har også måtte takke farvel til Tante-Liv i året som har gått. 


Vår ved Walaker Hotell
på min 60-års dag
Nysna Gard i Bygstad under feiring
av mamma sin 80-års dag



Mamma, Ivar og Kristine på
Nysna Gard









Avslapping på Walaker Hotell
 i høve 60-årsdagen min 28/4













Førde har på mange måtar blitt knutepunktet i livet mitt. Eg har dei tre vaksne døtrene mine buande her i lag med alle dei åtte barnebarna mine. I år bur dessutan Peter på 17 år i Førde.  Det er veldig kjekt at han trivst både på skulen og på hybelen. Ja, og so har eg no jobben min i banken i Førde - om det skulle vere noko.... 


7 av barnebarna mine
Hanna, Nikolai, Sander, Lene, Vilde, Amalie og Andreas
(Live mangla)


Nytt av året er at Ingrid Anita og Torbjørn, son til Olaug, har fått sin Håkon. Dei bur i Fana i Bergen. Håkon er fjerde barnebarnet til Olaug. I det høve fekk vi vere med på ein flott namnefest i Skjolden, der Ingrid Anita kjem frå. Vi budde fantastisk bra på Skjolden Brygge. Dette vart eit retteleg minnerikt besøk i Indre Sogn. Takk igjen til Ingrunn og Anders Bolstad m.fl. for det flotte gjestebodet. 

Når eg no er inne på barnebarn, så bur dei tre andre barnebarna til Olaug her i Stongfjorden saman med Håvard og Miriam. Dei er ofte hjå oss. Både på besøk og overnatting. 


Tora, Tirill, Olina og Marie i Skjolden i sommar.
Barnebarn og dotter av Olaug.



Lustrafjorden frå Skjolden


Skjolden Brygge
Olaug, Marie, Peter og Torbjørn


Skjolden Brygge
Ingrid Anita, Torbjørn og Håkon
















I år fekk vi igjen besøk av Ben og Viola frå Tyskland . Eit venepar vi har kjent lenge. Dei vart ei lita veka hjå oss i Stongfjorden. Hyggjeleg. Elles var Olaug, Peter og eg 14 dagar på Rhodos i sommar der Magni Rivedal var med. Eit besøk til Lindos er alltid kjærkome. Dessutan ei veke på Kreta i haust der Olaug og eg igjen gjekk Samaria ravina. No utan Peter. Det gjer godt med sol, varme og sommar. Det finaste med heile desember månad er at sola snur. I dag. Særleg julete har eg nok aldri vore.


På Staveneset med Ben og Viola Barwitzki


Med desse orda ynskjer eg alle ei retteleg God Jul og eit Godt Nytt år. Takk for det gamle. 2017 har vore eit godt år, sjølv om tida krev sitt. 

P.S. Bilda på filmen kjem i den rekkefølgje dei er tekne i året som har gått.


Ingen kommentarer: