søndag 19. november 2017

Fantastisk lys

Mangevatna i nydeleg lys i dag

Bøane på Mjåset t.v. Mangevatna t.h.

Selfie i solskin på Toreheia

Utsikt mot Yndestadhøgeheia
Yndestad i dag
Det regna då eg tok avgarde på Toreheia i dag tidleg. Men meldingane var litt betre ut over dagen. Så eg sette mi vòn til at det stemde. Etter at fjellet hadde gjort si tèn på AHIL sin fjelltrim, var det på tide å få opp att boka som skal ligge her fast. Den har lege turt og godt heime.

Eg var komen rett forbi Svartevatnet då sola keik fram oppom Moldura i sør. Strålane gylla  dei haustbrune bakkane i fantastisk lys. Ein kan jo bli reint religiøs av slikt! 

Ovanfor Krikavatna låg det snø. Ikkje så mykje. Snøen var akkurat så lite hard at eg trakka gjennom. Det vart difor noko tungt. Forma har vore betre før. Antal kilo færre. Men opp kom eg meg sjølvsagt. 

Det dreiv inn skyer og byger av snø frå Florø-kanten i nord. Ikkje store mengdene. Det skapte flott lys.

Etter å ha bytt dei sveittevåte klede på overkroppen, gjekk eg så ned att den vanlege ruta på Yndestadhøgeheia. Fjellet som ligg bratt ovanfor Stongfjorden. Når ein ser skilnaden på landskapet oppe på fjellet og nede ved fjorden, er det ikkje så vanskeleg å skjøne kvar folk har busett seg.... Kontrastane er enorme. 

Glimrande tur! 

Foto Toreheia Yndestadhøgeheia 191117


Ingen kommentarer: