søndag 8. oktober 2017

Kreta i oktober




Ja, då er haustturen til Olaug om meg til Kreta i år historie. Innhaldsrikt og kjekt. Vermessig var det alt frå styrtregn og vind til strålande solskin og varmt. Men det er klart det dreg seg til haust ved Middelhavet òg. 



Eg let bilda tale for seg. Hovudfila ligg til sist. Men eit lite samandrag av turen får eg koste på meg. 

Olaug har mange av sine i Bergen. Så etter å ha teke båten frå Askvoll fredagen, traff vi Kirsten (søster til Olaug) og Arnt. Flyet vårt gjekk ikkje før om kvelden, så vi hadde god tid i Bergen til kaffi og mat ute i det strålande vèret. 

Turen til Chania gjekk heilt etter planen. Vi sjekka inn på hotellet natt til lørdag. Torbjørn (son til Olaug) og Ingrid Anita og eit vennepar frå Sunnfjord skulle heim igjen frå Platanias denne dagen. Vi budde i Gerani, men ein kjapp taxi gjorde at vi fekk ein times tid i lag medan dei pakka seg ut frå hotellet. 

Lørdagen og søndagen var det heller dårleg vèr. Temperaturen var ikkje noko å seie på. Omlag 20 grader kan eg tenke meg. Men noko strandliv vart det ikkje desse to dagane. Vi valde heller å bruke søndagen i Chania. Til Chania reiste vi forresten ein kveld seinare òg då det var flott vèr og yrande folkeliv (sjå foto). 


Chania i fullmåne etter solnedgang




Onsdagen var Samaria Gorge dagen. Med avreise klokka 06, og der vi var tilbake på hotellet kl 21 om kvelden, vart dette ei lang dag. Men ravinen er verdt det. Den må berre opplevast. No gjekk vi ravinen i fjor sommar òg i ein heilt annan temperatur enn no. Og med mykje meir folk. Skal eg gå Samaria Gorge ein gong til vil eg gå om hausten. Det er klårare og kaldare luft då. 



I utløpet av Samaria ravinen ligg Agia Roumeli. Ein strålande flott liten landsby. Unik i sitt slag med at innvånarane som ein gong levde i dalen lenger oppe no lever her. For når ravinen vart nasjonal park måtte folk flytte frå dalen. Dette var i 1962. Havet på denne plassen er berre utruleg flott. Krystall klårt og varmt. I motsetnad til nordsida av øya der vi kom frå var havet blikkstilt og mange grader varmare. Etter kva som vart fortalt hadde det heller ikkje regna her slik som på nordsida. Neste gong det blir tur til Kreta ynskjer eg meg til sørsida av øya. 

Torsdagen var vi igjen ved hotellet. I eit nydeleg og varmt vèr. Rikeleg med avslapping, mat og soling for eit par litt lemstre kroppar. Men i kveldinga tok vi lokalbussen til Kolymbari der vi åt fantastisk god mat på ein koseleg liten taverna kalla Diktina. Kreta på sitt beste. 

Fredagen var avreisedagen. Men flyet vårt gjekk ikkje før kl 01 om natta. Denne dagen var gråvèret tilbake. Om enn ikkje med noko regn. Så vi tok oss ein spasertur til Gerani sentrum, eller det som kan kallast det, og åt ferske bakverk frå eit innhaldsrikt utval av bakervarer på det lokale bakeriet. I kveldinga tok vi etter kvart den kjende lokalbussen til Platanias og åt middag. 

Flyreisa heim igjen gjekk heilt flott. Eg trur neppe det tok meir enn eit kvarter frå vi landa i 04 tida om natta til vi hadde bagasjen i hendene. Så praia vi næraste drosje og reiste til Torbjørn og Ingrid Anita i Fana for litt søvn. Deretter nokre koselege timar ilag med Marie (dotter til Olaug) som kom oppover, og dei andre, før Torbjørn køyrde oss til båten som gjekk til Askvoll 14.15. 

Håkon og Marie

Konklusjon: Ei veldig kjekk veke med mange nye opplevingar. Eg kan ikkje kome på noko anna negativt enn at vakta i sikkerhetskontrollen stal i frå meg solkremen eg hadde i handbagasjen. Men den var no nesten tom likevel....

Venepar av Torbjørn og Ingrid Anita

Vesle Håkon og Ingrid Anita i Platanias






Cat on a roof






Lokale folk i Chania og
Kolymbari 


  
Chania
  
Chania





Osia Maria kyrkja


 

 

Agia Roumeli
Hora Sfakia






Ingen kommentarer: