torsdag 14. september 2017

Skodde og våte joggesko

Ved Krikavatnet

Eg tok turen opp att på Toreheia i dag med kikkert for å sjå etter nokre sauer som eg såg hin dagen. I dag for å sjå  kven som er eigar. Her er to brukarar som har sauer på denne sida no. Eg har kontakt med begge. 

Vel, dette viste seg å vere heilt vekkasta. Det var ikkje meir enn 5-10 meter sikt her oppe i dag. Og sauene eg såg hin dagen var fordufta. Så det var det. Å vase rundt i skodda var ikkje noko alternativ. Men eg skreiv no meg inn i boka på toppen - som seg hør og bør... Og kom meg raskast mogeleg heim att i dusjen. I våte joggesko (goretex eller ei) var tærne kalde gitt - om enn ikkje så gale som då eg gjekk gjennom isen her oppe i vinter. Då var dei kalde då...!

Ingen kommentarer: