mandag 4. september 2017

Namnedag, Breheimen og sanatorium










Kapittel 1

Fredag 1/9 var det namnedag for Håkon i Skjolden. Han er son til Torbjørn og Ingrid Anita. Sistnemnde er oppvaksen her. Foreldra hennar, Ingrunn og Anders, tok vel i mot oss fredags-kvelden. Rett frå jobb i Førde var det veldig godt med skikkeleg lapskaus med tilbehør. Og nydeleg heimelaga bringebærsaft. 

Noko seinare sjekka vi 10 stk inn på ei nydeleg hytte på Skjolden Brygge. Her var det nok sengeplassar. Bad oppe og nede med badstu og greier. Med terrasse ut i sjøen. Ypparleg. Jentene til Håvard og Miriam var sjølvsagt i fyr og flamme. Ja, vi òg. Så her overnatta vi to netter. Det kunne knapt blitt betre.

Sjølve arrangementet for Håkon var helde på Fjordstua lørdagen. Håvard heldt i trådane med flott song for Håkon. Han fortalde litt om namnet. Både opp gjennom historia og fram til i dag. Og vi song for guten. Det vart òg framført dikt og overrekt gåver av mentorane. Ei flott og gripande stund.

Så var det mat. Eit uhorveleg innhaldsrikt bord med alt slags rettar gav etterkvart spreng for magesekken. For eit arbeid som var lagt ned! Ja, og så atte på rikeleg med kaker og blautkake. Ikkje rart at eg sjølv gjekk nærast i koma ut på kvelden. Fantastisk! 


Kapittel 2

Sidan eg følte det vart dårleg tid til fjelltur lørdagen, og alt som skulle skje, hadde eg bestemt meg for å stå tidleg opp søndagen og besøke området ved hytta til familen Bolstad på Osen og Åsetevatnet. Åsetevatnet ligg i Breheimen nasjonalpark med tilgang gjennom Mørkridsdalen. Så eg reiste avgarde i 06.30-tida. Veret var akkurat like fantastisk som dagen før. 

Stien oppover snirkla seg i s-ar. Relativt bratt 840 meter opp. Og egentleg ganske tungt. Forma mi har nok vore adskilleg bedre enn den er no. Dessutan virkar alltid slike ruter lenger når du aldri har godt dei før. Men mot slutten kjende eg "fjelldraget" i lufta, og ti minuttar seinare såg eg alle hyttene som låg oppe ved vatnet. Utruleg vakkert i den flotte sola der haustfargane alt skein meg i møte. Ja, og så mot sør då. Hurrungane. Fantastisk flott (held fram)



 


    

Sidan det var søndag og vi sjølvsagt skulle heim att, vart ikkje besøket av det lange slaget. Så etter å ha slappa av litt og teke nokre bilder bar det fort ned igjen bakkane. Eg rakk akkurat ned igjen til hytta då familien pakka i bilane. 

Men vi kunne sjølvsagt ikkje reise heim att på tom mage. Det forvissa Bolstad-familien for. Det skal vere visst. For her var det grilling og etterpå-selskap på gong i den flotte sola ved stranda. Torbjørn sytte dessutan for kajakkpadling for dei minste. Perfekt. Etter dette vart vi med Ingrunn og Anders heim att der vi fekk plukke med oss epler.. Ei bøtte nyplukka plommar slo òg følgje med heim til Sunnfjord. Snakk om gjestfriheit. Tusen takk igjen.


Full fotofil Skjolden 1/9-3/9_17



Kapittel 3


Vel, siste kapittelet i dette blogginnlegget går eg fort forbi. Bilda på linken under fortel sitt. Men det er i grunn synd at Harastålen i dag framstår som ein ruin av skrot, søppel og falleferdige bygningar. Den rike historia her opp hadde fortent betre. Etter å ha vandra rundt her oppe ein times tid vart eg berre i dårlegare og dårlegare humør. Plassen passar nok likevel bra no til hausten for dei som vil kurere fobiar for mørket. Sjølv reknar eg meg stø slik sett, men noko overnatting her oppe hadde eg glatt valt vekk. 

Turen heim igjen gjekk forøvrig heilt fint.

Harastølen 03/9_17

Ingen kommentarer: