onsdag 13. september 2017

Eksotisk sprutemakar

Eksotisk innslag på kroken

Underset

Alden t.v.

Follevåg

d.s.

Ut Stongfjorden
Inn Stongfjorden
I dag nytta eg førtidspensjonistdagen min til ein flott tur på sjøen. Båten ligg no her nede. Fekk testa nokre bilder med min nye smarttelefon Sony Xperia XZ Premium. Slettes ikkje så verst. Fisk vart det òg. Ein stor lyr, lysing, lange og så tok eg med eit par makrelar. Men det mest eksotiske innslaget var nok blekkspruten som de ser. Han spruta gong etter gong. Og bomma med nokre centimeter på meg då eg trudde han var tom, men det svarte sekretet hamna opp i båten. Issj! Eg fekk no vesenet av med ein kniv utanfor båtripa.  

Elles var det forbausande varmt og fint i dag. Eg hadde nok overdrive kva klede eg hadde teke på meg. Eg vart jo sveittevåt i båten i ståande stilling...😅



Ingen kommentarer: